Å vurdere elevane sin norskfaglege kompetanse
Denne ressursen nyttar døme frå fire tekstar til eksamen våren 2020.
Denne ressursen viser korleis vi kan vurdere eleven sin norskfaglege kompetanse slik den kjem til uttrykk i resonnerande og kreative tekstar. Vi har tatt utgangspunkt i fire eksamenstekstar frå våren 2020, to av dei frå hovudmålseksamen og to frå sidemålseksamen.
Sjølv om vi har fått ei fornya læreplan, er det fortsatt to år til den gjeldande læreplanen i norsk er heilt fasa ut. I LK06 står det at elevane skal skrive kreative og resonnerande tekstar på både hovedmålet og sidemålet sitt. Å få auge på den heilskapelege norskfaglege kompetansen til eleven kan vere ei utfordring. Eleven skal vise at han har forstått dei aktuelle tekstvedlegga, han skal vise norskfagleg kunnskap og forståing, og han skal vise dette gjennom den skriftlige kompetansen han har. Dei ulike teksttypane krev og at eleven kan vise kreativitet på forskjellige måtar, og at han kan resonnere og reflektere på ein fagleg relevant måte.
Resonnerande tekstar
Gjennom eit kortsvar og eit langsvar skal eleven vise lesekompetanse, skrivekompetanse og fagleg kompetanse.
Resonnerande tekst er ein vanleg sjanger å møte på norskeksamen. Å skrive ein resonnerande tekst vil seie at eleven skal drøfte ulike sider ved ei sak for å kunne ta stilling til ho, eller reflektere over eit emne eller ei problemstilling.
I læreplana for vg2 og vg3 finn vi meir utdjupande kva det vil seie å vise lesekompetanse, fagleg kompetanse og skrivekompetanse. I den resonnerande oppgåva på sidemålseksamen for våren 2020 er desse læreplanmåla aktuelle:
Eleven skal
- referere til og vurdere kjelder i aktuelle faglege situasjonar
- skrive kreative, informative og resonnerande tekstar, litterære tolkingar og retoriske analysar på hovudmål og sidemål med utgangspunkt i norskfaglege tekstar
- gjere greie for særtrekk ved eit utval norske talemålsvariantar og reflektere over tilhøve som kan påverke utviklinga av talemål
- gjere greie for norsk språkdebatt og språkpolitikk frå år 1900 til i dag
Utdanningsdirektoratet har utarbeidd eit vurderingsskjema som sensorane skal bruke når dei vurderer eksamenssvara i norsk hovudmål og norsk sidemål. Dette vurderingsskjemaet med kriterie for måloppnåing har ni kategoriar for resonnerande tekstar.
Karakteren 5 eller 6
- har formålstenleg struktur og god samanheng
- har relevante moment og/eller eksempel, med god breidde
- gjer greie for faglege emne på ein presis måte
- formulerer hovudsyn presist
- argumenterer sakleg, på ein overtydande måte
- har klare resonnement, viser evne til å drøfte eit emne sakleg og nyansert
- har poengterte oppsummeringar eller konklusjonar
- viser svært god evne til refleksjon
- bruker eventuelle kjelder relevant, etterprøvbart og sjølvstendig.
Eksamensoppgåva
Langsvarsoppgåva er ofte to- eller tredelt, og det er viktig å svare på alle delar av oppgåva. Oppgåva kan til dømes be om å formulere hovudsynet eller nokre synspunkt i eitt eller fleire tekstvedlegg og kommentere dette/desse, og det vere ein tredje del som ber om ei vurdering.
Oppgåvekommentaren
Oppgåvekommentaren spesifiserer kva ein forventar, og ofte blir det presisert at relevant fagspråk er viktig.
Resonnerande tekst 1
Dette svaret fekk 5 på eksamen. Samla norskfagleg kompetanse er god. Eleven viser god lesekompetanse, skrivekompetanse og fagleg kompetanse mellom anna ved å bruke kjelder og fagkunnskap på ein relevant måte. Eksamenssvaret har eit presist fagspråk. Teksten viser at eleven meistrar formverket og har god formell dugleik. Eksamenssvaret kunne ha hatt betre struktur i både kortsvaret og langsvaret. Det er ikkje alt i langsvaret som er like relevant for det som oppgåva ber om. Likevel viser denne eleven så god fagkunnskap og skrivedugleik, at det er urimeleg med karakteren 4. Krav til resonnerande tekstar nyttar vurderingsskjemaet som utgangspunkt.
Resonnerande tekst 2
Dette svaret fekk 6 eksamen. Samla norskfagleg kompetanse er særs god. Eleven viser god lesekompetanse, skrivekompetanse og fagleg kompetanse mellom anna ved å ha god strukturi båe tekstane, ved å bruke kjelder og fagkunnskap på ein relevant måte. Teksten har god språkleg presisjon. Eleven meistrar formverket og har god formell dugleik.
Kreative tekstar
Kreative tekstar kan vere vanskeleg å vurdere, då det gjerne er uklårt kva som ligg i omgrepet «kreativ», og det kan og vere utfordrande å få auge på dei kreative grepa i eleven sin tekst.
Ein god kreativ tekst skal ta i bruk dei vedlagte tekstane på ein kreativ og sjølvstendig måte, og teksten skal ha med relevante moment som viser ei viss breidde. Innfallsvinkelen på teksten kan vere original eller uventa, og slik syne kreativitet. Gjennom teksten kan ein til dømes sjå at verkemiddel blir brukt på ein gjennomført måte til å utvikle motiv, tematikk, miljø eller hendingar.
Generelt skal teksten og vere hensiktsmessig strukturert, slik at teksten har god samanheng. I den kreative teksten blir det og forventa at eleven reflekterer, utforskar og prøver ut tankar på ein sjølvstendig måte, slik at han svarer på det oppgåva ber om.
Her har vi lagt ved to døme på kreative tekstar. Den eine blei vurdert til karakteren 3, mens den andre blei vurdert til karakteren 4. Ver merksam på at karakteren skal vere eit uttrykk for den samla kompetansen i både kortsvaret og langsvaret. I dei kommenterte versjonane beskriv vi den heilskapelege norskfaglege kompetansen som kjem til syne i tekstane, i tillegg til at vi kommenterer konkrete poeng i teksten. Dei to kreative tekstane ligg også ved utan kommentar. Dei ukommenterte filane kan de bruke som utgangspunkt for vurdering i fellesskap med andre lærarar, men dei kan og brukast i klasserommet med elevane, som utgangspunkt for diskusjon rundt kreative tekstar. Krav til kreative tekstar nyttar vurderingsskjemaet som utgangspunkt.