Normprosjektet

Normprosjektet har som mål å bidra til å styrke den forskingsbaserte kunnskapen om skriveopplæring og vurdering av skriving i grunnskulen.

Meny

Siste nytt

Konferanse
Konferansen Grep om skriveopplæring: Innsikter frå ny forsking på skriving og vurdering markerte avslutninga på Normprosjektet og blei arrangert i Trondheim 1.-3. november 2017. Her blei sentrale funn frå prosjektet presentert, saman med andre innsikter frå forsking på skriving og vurdering.

Siste nytt

Internasjonale publikasjonar
Det har komme to publikasjonar som presenterer funn frå Normprosjektet for eit internasjonalt publikum.

Den første artikkelen, Introducing teachers to new semiotic tools for writing instruction and writing assessment: consequences for students’ writing proficiency, presenterer sentrale resultat frå kvantitative analysar av elevanes skriveutvikling.

Den andre, Assessment for Learning and standards: A Norwegian strategy and its challenges, diskuterer mellom anna korleis ei felles forståing av skriving og vurdering blant lærarar kan danne grunnlag for gyldige vurderingar.

Siste nytt

Elevtekstbasen blir opna!
Tekstbasen vår, som rommar meir enn 5 000 elevtekstar, vil snart bli tilgjengeleg for alle interesserte. Dette er ei gullgruve for språk- og tekstforskarar, så vel som studentar på master- og PhD-nivå.

Logo for norm-prosjektet

Prosjektet Developing national standards for the assessment of writing – a tool for teaching and learning («Normprosjektet», 2012–2016) har som mål å bidra til å styrke den forskingsbaserte kunnskapen om skriveopplæring og vurdering av skriving i grunnskulen. I tett samarbeid med lærarar frå heile landet har forskarane i første fase av prosjektet utvikla såkalla forventningsnormer, som seier noko om kva det er rimeleg å forvente av elevane si skriving etter fire og sju års opplæring. Forventningsnormene, saman med eit funksjonelt syn på skriving, har danna grunnlag for ein stor intervensjonsstudie der 20 skular har integrert desse i arbeid med skriveopplæring og vurdering for læring i alle fag.

Forskargruppa har vidare følgt skulane gjennom to år og undersøkjer kva effekt den nye opplærings- og vurderingspraksisen har på elevane si skriveutvikling og lærarane sin vurderingskompetanse. Eit omfattande kvantitativt og kvalitativt materiale som både dokumenterer elevane si skriving og lærarane sin vurderingspraksis, er henta inn. Analysane viser at elevane i løpet av prosjektperioden skriv meir i alle fag og betrar skrivekompetansen sin tilsvarande eitt til to skuleår med ekstra undervisning. Lærarane utviklar ei felles forståing av skriving og vurdering, samtidig som det på dei ulike prosjektskulane blir skapt gode arenaer for fagleg dialog og kompetanseutvikling.

Normprosjektet blei formelt avslutta våren 2016, og ein omfattande sluttrapport er sendt til Forskingsrådet. Prosjektgruppa arbeider likevel vidare med materialet. Fleire publikasjonar er undervegs, m.a ei fagbok med forskarar og lærarutdannarar som målgruppe. Normprosjektet har i det siste blitt presentert på ei rekkje internasjonale konferansar, og ein eigen avslutningskonferanse er planlagt i Trondheim 1.–3. november 2017.

Prosjektet er eit samarbeid mellom forskarar frå fleire fag og institusjonar: Høgskulen i Sør-Trøndelag, Skrivesenteret, NTNU, Universitetet i Oslo og Universitetet i Agder. Prosjektet er finansiert av NFR under programmet UTDANNING2020/FINNUT. Leiar er Synnøve Matre og nestleiar Randi Solheim, begge frå ILU, NTNU.

Prosjektskisse


Prosjektbeskrivinga som utløyste forskingsmidlar frå NFRs program UTDANNING2020, kan lastast ned her (på engelsk): Prosjektskisse (pdf).

Forskargruppa

 

Forskergruppa i Normprosjektet

Frå venstre i bildet:

Hildegunn Otnes, professor i norskdidaktikk, ILU, NTNU.
Kjell Lars Berge, professor i tekstvitskap, Universitetet i Oslo.
Synnøve Matre, professor i norskdidaktikk og norsk språk, ILU, NTNU (prosjektleiar).
Randi Solheim, førsteamanuensis i norskdidaktikk, ILU, NTNU (Nestleiar).
Lars Sigfred Evensen, professor i anvendt språkvitskap, NTNU.
Gustaf Skar, prosjektleiar/forskar, Skrivesenteret/NTNU.

Ikkje til stades på bildet: Ragnar Thygesen, professor i spesialpedagogikk, Universitetet i Agder.

Stipendiatar

Trine Gedde-Dahl, Høgskolen i Oslo og Akershus/NTNU/Universitetet i Oslo.
Sindre Dagsland, NTNU.
Jannike Ohrem Bakke, Høgskolen i Sørøst-Norge.
Hjalmar Eiksund, Høgskulen i Volda/Universitetet i Bergen.
Kristin Torjesen Marti, Universitetet i Oslo.

Medarbeidarar i prosjektperioden

Jorun Smemo (prosjektkoordinator).
Anne Holten Kvistad (vit.ass.).

Publikasjonar, rapportar, prosjektet i media og faglege forum

 

Publikasjonar
Skar, G., Thygesen, R. & Evensen, L.S. 2017. Assessment for Learning and standards: A Norwegian strategy and its challenges. I Standard Setting in Education. The Nordic Countries in an International Perspective, s. 225-241. Cham: Springer.
Berge, K.L, Skar, G.B, Matre, S., Solheim, R, Evensen, L & Thygesen, R. 2017.

Introducing teachers to new semiotic tools for writing instruction and writing assessment: consequences for students’ writing proficiency. Assessment in Education: Principles, Policy & Practice 24 (3).

 

Synnøve Matre og Randi Solheim (2016).

Opening dialogic spaces: Teachers’ metatalk on writing assessmentInternational Journal of Educational Research.

 

 Matre, S. & Solheim, R. (2015). Writing education and assessment in Norway: Towards shared understanding, shared language and shared responsibility. Contribution to a special issue Paradoxes and Negotiations in Scandinavian L1 Research in Languages, Literatures and Literacies, edited by Ellen Krogh and Sylvi Penne. L1-Educational Studies in Language and Literature, 15, p. 1-33.
Les artikkel her.
Kjell Lars Berge, Lars Sigfred Evensen og Ragnar Thygesen (2015). The Wheel of Writing: a model of the writing domain for the teaching and assessing of writing as a key competencyCurriculum Journal 2016; Volum 27(2), s. 172-189.
Lars Sigfred Evensen, Kjell Lars Berge, Ragnar Thygesen, Synnøve Matre og Randi Solheim (2015). Standards as a tool for teaching and assessing cross-curricular writingCurriculum Journal 2016; Volum 27.(2) s. 229-245.
Otnes, Hildegunn (red.). Å invitere elever til skriving (Fagbokforlaget 2015). Denne antologien inneheld artiklar om skriveoppgåver frå fleire fag og ulike trinn. Seks av artiklane i boka har materiale frå Normprosjektet.
Thygesen, R. & Eggen, A. B. Bridging summative and formative assessment for children with special needs. Transitions in the field of special education. Theoretical perspectives and implications for practice.Paxman 2015, s. 233-249.
Solheim, Randi; Matre, Synnøve. Forventninger om skrivekompetanse. Perspektiver på skriving, skriveopplæring og vurdering i «Normprosjektet»Viden om Læsning 2014 (15), s. 76-89.
Evensen, Lars Sigfred. Men kan det komme noe godt fra lærerværelset? Om validitet i læreres vurdering. I: Alle tiders norskdidaktiker. Festskrift til Frøydis Hertzberg på 70-årsdagen. Novus Forlag 2014, s. 245–257.
Otnes, Hildegunn. Å designe skriveoppgaver. I: Skriv! Les! 2. Artikler fra den andre nordiske forskerkonferansen om skriving, lesing og literacy. Fagbokforlaget 2014, s. 237-255.
Berge, Kjell Lars. Fra eksamensskriving i norsk til skriving som grunnleggende ferdighet – to vurderingsutfordringer. I: Alle tiders norskdidaktiker. Festskrift til Frøydis Hertzberg på 70-årsdagen. Novus Forlag 2014, s. 259-276.
Solheim, Randi; Matre, Synnøve. Lærarsamtalar om elevtekstar – mot eit felles fagspråk om skriving og vurdering. I: Alle tiders norskdidaktiker. Festskrift til Frøydis Hertzberg på 70-årsdagen. Novus Forlag 2014, s. 219-243.
Otnes, Hildegunn. Fiktive skriveroller og ukjente mottakere. Kontekstualisering i skriveoppgaver. I: Læreboka : studier av ulike læreboktekster. Akademika forlag 2013.
Thygesen, Ragnar; Berge, Kjell Lars. Skrivelyst – en viktig del af elevens personlige udvikling og alle fags ansvar. I: Skrivelyst i fagene. Dansk Psykologisk Forlag 2013, s. 93-118.
Rapportar
I media og faglege forum

Forventningsnormene

 

Forventningsnormene på nynorsk

Vurderingsområde 1: Kommunikasjon

Under Kommunikasjon blir det vurdert i kva grad teksten kommuniserer med lesarar på ein relevant måte.

Etter 4. trinn

Skrivaren skal:

  • innta ein relevant skrivarposisjon
  • vende seg på ein relevant måte til ein eller fleire kjende lesarar
  • bruke ei overskrift som orienterer lesaren på ein relevant måte.

Etter 7. trinn

Skrivaren skal:

  • innta relevante skrivarposisjonar og kunne veksle mellom ulike relevante skrivarposisjonar
  • vende seg på ein relevant måte til kjende og/eller ukjende lesarar.

 

Vurderingsområde 2: Innhald

Under Innhald vurderer ein om det som teksten handlar om, er relevant og utdjupa.

Etter 4. trinn

Skriveren skal:

  • presentere eigne inntrykk, erfaringar, tankar og/eller meiningar
  • presentere og utdjupe eit innhald henta frå førestillingar, erfarings- og/eller kunnskapsområde som skrivaren er kjent med.

Etter 7. trinn

Skrivaren skal:

  • presentere eigne og andres førestellingar, erfaringar og synspunkt på ein utdjupa måte
  • presentere og utdjupe eit innhald som er tematisk relevant, til dømes for det fagområdet ein skriv om
  • tilpasse mengda av innhald til det som teksten handlar om.

 

Vurderingsområde 3: Tekstoppbygging

Under Tekstoppbygging vurderer ein den overordna komposisjonen i teksten, samanhengen mellom dei enkelte delane av teksten og i dei ulike delane av teksten.

Etter 4. trinn

Skrivaren skal:

  • meistre nokre relevante komposisjonsprinsipp
  • setje saman teksten med innleiing, hovuddel og avslutning
  • skape tematisk samanheng i dei ulike delane av teksten
  • uttrykkje samanheng i teksten med koplingsmarkørar som «eller», «men», «fordi» og liknande.

Etter 7. trinn

Skrivaren skal:

  • meistre ulike måtar å strukturere tekstar på
  • komponere teksten på ein føremålstenleg måte (t.d. sjanger)
  • meistre avsnitt som organiseringsprinsipp
  • bruke varierte koplingsmarkørar for å uttrykke samanheng i teksten.

 

Vurderingsområde 4: Språkbruk

Under Språkbruk vurderer ein ordval, setningsbygging og stil.

Etter 4. trinn

Skrivaren skal:

  • bruke fullstendige forteljande setningar, spørje- og bydesetningar
  • bruke utbygde substantivfrasar
  • ha noko variasjon i byrjinga av setningar
  • bruke eit relevant og variert ordtilfang, mellom anna omgrep frå skolefag
  • ha innslag av språklege verkemiddel
  • meistre bruk av indirekte og direkte tale som eit verkemiddel.

Etter 7. trinn

Skrivaren skal:

  • byggje opp komplekse og varierte setningar
  • bruke eit relevant, variert og presist ordtilfang, også fagomgrep
  • bruke ein relevant språkleg stil
  • bruke varierte språklege verkemiddel.

 

Vurderingsområde 5: Rettskriving og formverk

Under Rettskriving og formverk blir det vurdert i kva grad eleven meistrar reglane for korrekt skriftleg nynorsk eller bokmål.

Etter 4. trinn

Skrivaren skal:

  • meistre fonografisk skriving
  • samskrive samansette ord
  • bruke stor forbokstav i eigennamn og i ny setning etter punktum
  • meistre ikkje-lydrette pronomen og spørjeord
  • meistre bruk av dobbel konsonant i vanlege ord
  • meistre bruk av bøyingsverket i nynorsk.

Etter 7. trinn

Skrivaren skal:

  • meistre ortografisk skriving
  • meistre skiljet mellom og/å og da/når.

 

Vurderingsområde 6: Teiknsetting

Under Teiknsetting blir det vurdert om skrivaren meistrar dei formelle reglane for bruk av skiljeteikn.

Etter 4. trinn

Skrivaren skal:

  • meistre bruk av punktum, utropsteikn og spørsmålsteikn
  • bruke komma ved oppramsing
  • bruke komma framfor “men”
  • markere direkte tale med replikkstrek eller kolon og sitatteikn.

Etter 7. trinn

Skrivaren skal:

  • meistre bruk av kolon, parentes og bindestrek
  • bruke komma mellom heilsetningar
  • bruke komma etter leddsetningar.

 

Vurderingsområde 7: Bruk av skriftmediet

Under Bruk av skriftmediet blir den grafiske utforminga og handskrift vurdert.

Etter 4. trinn

Skrivaren skal:

  • skape tekstar med eit oversiktleg sideoppsett
  • bruke ulike uttrykksmiddel som verbalspråk, teikningar, bilde og symbol
  • markere mellomrom mellom ord tydeleg
  • bruke og følgje marg og linjer
  • markere overskrifta grafisk
  • markere avsnitt etter innleiing og framfor avslutning
  • skape estetisk tiltalande tekstar
  • bruke samanhengande handskrift
  • bruke leseleg handskrift.

Etter 7. trinn

Skrivaren skal:

  • skape eit oversiktleg og hensiktsmessig sideoppsett
  • markere avsnitt grafisk
  • kombinere ulike multimodale uttrykksmiddel for å skape heilskap og meining i teksten

bruke digitale tekstressursar med ulike kommunikative og estetiske føremål.

Forventningsnormene på bokmål

Har du også lest?

Skrivehjulet

Skrivehjulet er teoretisk forankra i ei funksjonell forståing av skriving: Kva kan vi gjere med skrift, og kva kan vi oppnå gjennom skriving?

Les artikkelen

Skrivehjulet