Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking

 

Skrivesenteret skal bidra til

  • å auke kvaliteten på skriveopplæringa og med det gje auka kompetanse i skriving som grunnleggande ferdigheit
  • å stimulere til skriving og skriveglede i barnehagen og grunnopplæringa
  • å styrke språkarbeidet i barnehagar
  • å gje skolar og barnehagar hjelp til utvikling av profesjonsfellesskap

Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking skal bidra til at barnehagar og skolar får auka kompetanse til å tolke og operasjonalisere rammeplanen og læreplanverket. Derfor er dei overordna måla for opplæringa sentrale for verksemda vår, og vi skal bidra til at barn, unge og vaksne kan få ein likeverdig og tilpassa opplæring av høg kvalitet i eit inkluderande fellesskap. I tillegg til at senteret skal bidra til å auke kvaliteten på språkutvikling og skriveopplæringa skal vi bidra til skrivestimulering og skriveglede i barnehagen og grunnopplæringa.

Sentrale oppgåver for Skrivesenteret er forskingsformidling og det å vere utviklingspartnar for barnehagar og skolar gjennom praksisnær aktivitet som er basert på relevant forsking. Målgruppene våre er lærarutdanningane, skole- og barnehageeigarar, leiarar og tilsette i barnehagar og skolar og PP-tenesta.

Skrivesenteret skal vidare støtte andre institusjonar og særleg lærarutdanningane i arbeidet deira med kompetanseutvikling i skolane og barnehagane. Skrivesenteret skal òg ved behov vere rådgivar for nasjonale utdanningsmyndigheiter innanfor skriveopplæring.

Prioriterte oppgåver ved Skrivesenteret i 2021 er

  • lansering av ny nettside med fagstoff og støtte- og rettleiingsmateriell for målgruppene til senteret

  • desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skolen (DEKOM)

  • regional ordning for kompetanseutvikling i barnehagen (REKOM)

  • forskingsprosjektet Funksjonell skriving i dei første skoleåra («FUS-prosjektet»)

  • utvikling av eksamen i norsk og språkfag (Ny norskeksamen)

  • lærarspesialistutdanning (Lærerspesialist i norsk).

Andre nasjonale sentre

Det er elleve nasjonale senter, som på ulike satsingsområder har nøkkelroller for å utvikle kvaliteten på opplæringa.