Skrivestrategiar
For mange elevar kan det å skrive vere vanskeleg.
Elevar som ikkje meistrar skriving som grunnleggande ferdigheit vil ha problem med å gjennomføre dei faglege krava dei møter i skolen. Dei vil òg ha problem med å møte dei krava som blir stilte til skrivekompetanse utanfor skolen.
Elevar som ikkje meistrar skriving manglar ofte motivasjon for å skrive. Ifølgje Boscolo (2009) er ein motivert elev, ein elev som har lært korleis han skal takle dei utfordringane som dukkar opp når han skriv. Det er ein elev som veit kva han skal skrive om, og korleis han kan bruke dei ressursane som er nødvendige. Ein motivert elev er ikkje nødvendigvis ein som liker å skrive, men det er ein elev som er villig til å bruke dei verktøya eller strategiane som er nødvendige for å skape ein tekst han blir nøgd med.
Lågt presterande skrivarar har behov for mykje støtte i alle delar av ein skriveprosess. Krav, forventningar og vurdering må vere i samsvar med det eleven kan meistre, og den rettleiinga som blir gitt, må tilpassast den enkelte eleven.
Tenkeskriving og uformell skriving
Skrivesperre oppstår ofte når elevane blir for opptatt av rettskriving og form. Tenkeskriving og uformell skriving kan vere ein måte å få elevane til å våge å skrive eigne tekstar. Denne skrivinga har ikkje fokus på rettskriving og form, noko som kan bidra til å gjere skrivinga ufarleg. Tenkeskrivinga kan mellom anna brukast for å hente fram bakgrunnskunnskap før ein startar på eit nytt tema og for å oppsummere eit tema. Tenkeskrivinga kan òg vere eit utgangspunkt for planlegging av ein samanhengande tekst, eller som eit nyttig reiskap for å sikre at alle elevane har noko å bidra med under munnlege aktivitetar i klasserommet (Hoel, 2009). Mange elevar kan ha mykje kunnskap, men som av ulike årsaker kan vere vanskeleg å formulere skriftleg. Gjennom tidsavgrensa tenkeskriving, kan kanskje desse elevane klare å få uttrykt den kunnskapen dei har. Det å la elevane reflektere over eigen skriveprosess ved å skrive læringsloggar, kan bidra til at elevane ser eiga utvikling og kva dei har behov for å jobbe meir med.
Tydeleg formål og kriterium for eigne tekstar
Å formålsrette skrivinga inneber å gi elevane konkrete og tydelege mål og å klargjere hensikta med den skrivinga dei skal gjennomføre. Tydelege mål og kriterium har spesielt positiv effekt for dei lågt presterande skrivarane. Elevar som strevar med skrivinga bør òg vere med på å utarbeide kriterium for tekstane dei skal skrive. Desse kriteria er nødvendigvis ikkje dei same som for andre elevar. Når elevane er med på å etablere vurderingskriterium til eigne tekstar, vil dette føre til at dei blir meir aktive i sin eigen læringsprosess. I tillegg blir det som blir forventa meir føreseieleg.
Når det gjeld responsen læraren gir, bør han vere i samsvar med dei kriteria som eleven har vore med å etablere. I tillegg er det spesielt viktig at respons på tekstar skrive av elevar som strevar, ikkje tar for seg alt som er «feil» ved teksten, men at ein vel ut nokre få og relevante læringspunkt. Å skrive er ei kompleks ferdigheit. For elevar som strevar vil det vere formålstenleg å fokusere på berre éin ting av gangen. Det betyr at ein må hjelpe dei å dele inn skriveprosessen i mindre og meir handterlege delar (Mossige, 2010).
Skrivestrategiar
Å lære elevane gode skrivestrategiar kan ha god effekt for elevar som strevar med skriving. Med skrivestrategiar meinast i denne samanheng dei strategiane elevane har behov for når dei skal planlegge, produsere og revidere tekstane sine. Instruksjon i strategiane involverer ei eksplisitt og systematisk opplæring i korleis elevane skal kunne bruke dei sjølvstendig.
Eit døme på korleis ein kan jobbe med skrivestrategiar er Self Regulated Strategy Development-modellen (SRSD-modellen), som har som formål å hjelpe elevar med skrivevanskar (Graham & Perin, 2007). Modellen legg vekt på at elevane som strevar med skriving, må få lære dei same strategiane som dei gode skrivarane bruker. SRSD-modellen er delt inn på følgjande måte:
- Utvikle kunnskap om kva strategiar elevane har behov for å lære seg og kvifor det er formålstenleg å bruke desse strategiane.
- Beskrive og diskutere strategien. Elevane får i oppdrag å beskrive forholdet sitt til skriving og kva dei gjer når dei skriv. Elevane får òg i oppgåve å finne eit aspekt ved eiga skriving som dei ønsker å forbetre.
- Læraren modellerer og viser korleis den aktuelle strategien kan brukast. Nokre strategiar må modellerast mange gangar før elevane klarer å bruke dei som ein naturleg del av sin eigen skriveprosess. Det er òg viktig at elevane set seg eigne mål og finn fram til dei strategiane som er mest formålstenlege.
- Memorere og prøve ut strategien slik at strategien kan takast i bruk automatisk. Her må elevane få hjelp og rettleiing dersom dei har behov for det.
- Ta i bruk strategiane. Dette er hovudformålet med SRSD-modellen. No skal elevane kunne bruke dei innlærte strategiane med liten eller inga støtte. Det er òg viktig at elevane evaluerer og reflekterer over om strategiane dei brukar fører til at dei skriv betre tekstar.
I tillegg til dei stega som er beskrivne til no, er òg entusiasme, elevmedverknad, samarbeid, tydelege kriterium, autentisk skriving, støttande læringsmiljø, funksjonell respons og systematisk arbeid med skriving viktige faktorar i arbeidet med å utvikle elevane til sjølvstendige, motiverte og gode skrivarar (Graham, Harris & Santangelo, 2008).
Skriverammer som støtte
For lågt presterande skrivarar vil ulike former for skriverammer kunne vere ein kognitiv støtte. Skriverammer kan vere skjema eller startsetningar som hjelper elevane til å sjå for seg korleis den ferdige teksten kan sjå ut til slutt. Skriverammene fungerer som ei støtte for dei elevane som treng det i ein tidleg fase av skriveprosessen. Dei hjelper elevane til å få eit overblikk over tekststrukturen, i tillegg til at dei bryt teksten ned i mindre og meir håndterbare delar. Det er likevel viktig at skriverammene ikkje blir redusert til skjematiske utfyllingsoppgåver.
Bruk av digitale hjelpemiddel i skriveopplæringa
Dersom det skal fokuserast på rettskriving, bør det gjerast heilt til slutt i skriveprosessen. Det finst ei rekke skrivestøttande program som kan vere nyttige hjelpemiddel for elevar som strevar med skriving. Det er heilt nødvendig at elevane får opplæring i korleis dei skal bruke desse hjelpemidla.
På nettsida Språkløyper finst det ein ressurs som omhandlar lese- og skriveteknologi.
God skriveundervising består av eit repertoar av ulike metodar og strategiar som kan tilpassast formålet med skrivinga og behovet til den enkelte elev for å meistre dei krava som blir stilte til skriftkunne i samfunnet vårt. Elevar som strevar med skriving sjølv om gode tiltak er sett i verk, bør kartleggast for å sikre at dei får den hjelpa dei har behov for og krav på.
Tips
I Språkløyper finst det fleire relevante ressursar:
- Innføring i lese- og skrivevanskar på barnetrinnet
- Lese- og skrivevanskar på 1. og 2. trinn
- Lese- og skriveteknologi
- Språkvanskar
- Elevar med IOP i dei fleste fag
- Skrivetrappa er eit elevhefte som lærar og elev kan bruke saman ved undervegsvurdering av skriving.
Relevante linkar
Les meir om lese- og skrivevanskar:
- Vedvarende lese- og skrivevansker – noen digitale muligheter. Artikkel publisert i Bedre skole, nr 4 / 2011 av Eva Margareta Engenes, seniorrådgiver, Statped sørøst.
- Statped: Lese- og skrivevansker
- Dette nummeret av Rom for læring handlar om lese- og skrivevanskar.
- Blogg: Sliter du med å lese og skrive? Ikke fortvil.
Referansar
- Boscolo, P. (2009). Engaging and Motivating Children to Write. In R. Beard, D. Myhill, J. Riley & M. Nystrand, The SAGE Handbook of Writing Development (300-312). Los Angeles: SAGE.
- Graham, S., Harris, K. R., & Santangelo T. (2008). Using self-regulated strategy development to support students who have «Trubol giting thangs into werds». Remidal and Special Education, 29 (2), 78-89.
- Graham, S., & Perin, D. (2007). Writing Next: Effective strategies to improve writing of adolescents in middle and high school - A Report to Carnegie Corporation of New York.
- Hoel, T. L. (2009). Utprøvande skriving i læreprosessen. I: R.T. Lorentzen og J. Smidt (red.), Å skrive i alle fag. Oslo: Universitetsforlaget, s. 39-50.
- Mossige, M. (2010). Skrivetrappa. Stavanger: Lesesenteret, Universitetet i Stavanger
- Myran, I. H. (2013). Skriving tar tid og humør. En kvalitativ masterstudie i spesialpedagogikk som ser på lavt presterende skriveres opplevelse av skriving.
- Bakgrunnsdokumentet til ungdomstrinn i utvikling: Når skrivinga blir vanskelig.