Å skrive essay i norskfaget
I 500 år har essayet vore ein sjanger som forfattarane har brukt for å reflektere over eit tema. Målet er ikkje å kome fram til eit svar eller ein fasit, men å utforske temaet på fleire ulike måtar.
I denne ressursen skal elevane lære å skrive essay som utforskar og reflekterer over innhaldet i tekstar. Dette er eit kompetansemål i norsk vg3. Det er også ein sjanger eleven kan møte på norskeksamen.
Å skrive essay gir eleven mange moglegheiter. Her kan ein vere kreativ, og ein treng ikkje vere redd for å kome med sine eigne meiningar. Eleven kan leike med språket og prøve å setje ord på tankane sine. Sjangeren gir rom for å stille spørsmål, reflektere og kommentere. Målet med essayet er å få lesaren til å tenke.
Ordet essay kjem frå fransk, og betyr «forsøk».
Essayet er ein skriftleg sjanger, men har ofte eit munnleg preg. Du finn det i tidsskrift, aviser, blad og bøker. I norskfaget vil du òg få i oppgåve å skrive essay som sjanger.
Når ein skriv essay, skal ein
- tenke at teksten skal lesast av eit publikum, og at lesaren skal bli litt klokare av å lese essayet.
- utforske og reflektere over innhaldet i tekstar.
- vere subjektiv og bruke ei tydeleg eg-stemme.
- formidle eigne refleksjonar og synspunkt om eit emne.
- ha eit bevisst, gjennomarbeidd og kreativt språk. Ver leiken!
Slik skriv du essay
I denne ressursen viser vi eit døme der oppgåva er å skrive eit essay om ære, og som utforskar utvalde tekstar om temaet.
Oppgåva er:
-
Du skal skrive eit essay om ære der du utforskar utvalde tekstar om temaet.
-
Kommentar: Det skal kome tydeleg fram av svaret ditt at du har latt deg inspirere, og at du har brukt enkelt(e) tekstar i din refleksjon. Du må bruke typiske kjenneteikn for sjangeren, og vise sjølvstende og refleksjon. Godt språk og hensiktsmessig struktur er viktig.
-
I modellteksten som du ser nedanfor, har eleven brukt desse tekstane:
-
Filmen Hva vil folk si frå 2017.
Relevante lenker
Essayet må ha ein raud tråd. Tankane kan vandre, men det må vere ein klar samanheng, og dei skal vere i samsvar med oppgåva. Tips til elevane til denne oppgåva: Bruk ordet «ære» og synonym, og bruk ord som er lik desse så ofte som mogleg gjennom essayet ditt.
Førskrivingsfasen
Uansett kva for skriveoppgåve elevane skal i gang med, om det er ein fagartikkel, eit essay eller eit lesarinnlegg, må dei starte med å bygge kunnskap. «Kva kan du frå før? Kva må du lese deg opp på?» Når elevane skal skrive essay, må dei også bruke tekstar andre har skrive om same tema.
Tankekart
Å lage eit tankekart kan vere ei hjelp til å gi eleven oversikt over temaet. Tankekartet kan bli eit godt utgangspunkt for å lage ein plan eller disposisjon for teksten.
Bruk fleire kjelder
Viser det seg at elevane kan lite om det dei skal skrive om, er det lurt å la dei lære meir om emnet. Bruk læreboka og andre kjelder, til dømes Store norske leksikon eller Wikipedia, og la dei bruke litt tid på å finne ut kva temaet handlar om. Dei kan også få i oppgåve å finne tekstar til essayet sjølv, og da må dei kunne finne fram til gode kjelder på eiga hand.
Tenkeskriving
Neste steg i førskrivingsfasen kan vere tenkeskriving. Det vil seie at elevane skriv ein tekst om emnet som berre er for seg sjølv. Her kan dei prøve ut tankar og idear, og dei kan vere kreative. Denne teksten er det berre dei sjølv som skal sjå, og den blir ikkje vurdert av nokon andre.
Døme på tenkeskriving om ære
Eg veit lite om ære, men når eg tenkjer etter er det eit spennande omgrep. Eg har høyrt om æreskultur. Eg må google kva ære og æreskultur er. Eg les på Wikipedia at ære har betydd noko negativt gjennom historie. Æresdrap. På wikipedia skriv dei også om at ære og skam er to omgrep som heng saman. Det har eg ikkje tenkt på. Det vil eg bruke i essayet mitt. Her kan eg bruke filmen vi såg, Hva vil folk si. Den handler om æreskultur, korleis tap av ære betyr skam for familien. Dette handla eigentleg Gunnlaug Ormstunge om. Ættesagaene handlar ofte om ære og familie. Eg les i norskboka at familiens ære, eller gode namn og rykte var viktig i vikingtida. Akkurat som i Hva vil folk si i dag! Tap av ære betyr skam, og det kan igjen føre til hemn. Interessant. Dette må eg skrive meir om.
Kor er ære viktig i dag? Eller er det viktig? På skolen? Heime? På handballbanen? På snap eller insta? Ja, eg legg ikkje ut bilde av meg sjølv ukritisk på Insta. Handlar det om ære?
Ordbank
For å sikre eit godt, fagleg innhald i essayet, kan elevane også lage ein ordbank. Det er ei samling viktige ord og omgrep innanfor det emnet elevane skriv om, som dei meiner bør vere med. Kanskje kan elevane lage ordbanken saman med læringspartnaren sin?
Døme på ordbank
|
|
Skriveramme
Ein annan måte å strukturere tankane på er å lage ein disposisjon for essayet. Da bruker elevane ei skriveramme. Det er mange måtar å strukturere teksten på. Denne skriveramma viser korleis ein kan strukturere dette essayet med å fokusere på personlege opplevingar, fakta og eigne refleksjonar.
Personlege opplevingar |
Instagram. Diskusjon med syster mi. Eg ser for meg korleis det er å møte eit menneske med banehogg i dag. Diskusjon om lønsauke med søskenbarnet mitt. |
Fakta
|
Æresdrap i Afghanistan Tyding av omgrepet «ære».
|
Eigne refleksjonar som utforskar tekstar
|
Gunnlaug Ormstunge: Banehogg i dag? Gunnlaug eller Ravn i dag? Finst æreskulturen frå vikingtida også i dag? Vi har eit felles ideal om kva som er eit perfekt liv i Noreg: familie, jobb, vakker utsjånad. «Hva vil folk si» ein del av norsk kultur i dag? |
Undervegsfasen – vi lagar ein struktur
Etter at elevane har planlagt teksten i ein førskrivingsfase, må dei leggje mykje innsats i å vidareutvikle essayet sitt. No skal dei arbeide med å lage ei god innleiing og avslutning og gode overgangar.
Ein kan strukturera etter det vi kallar sirkelkomposisjon i essayet. Det vil seie at dei startar med noko som dei kjem tilbake til heilt til slutt.
Forslag til sirkelkomposisjon:
- Personlege opplevingar.
- Fakta.
- Eigne refleksjonar som utforskar tekstar.
Innleiing
Innleiinga i essayet skal vekke interesse hos lesaren. Det kan vere lurt å starte med noko personleg. Da set ein lesaren i rett stemning frå første setning utan å opne med tørre faktasetningar. Elevane kan vera kreative. Bruk ordet «eg» for å understreke at noko er viktig, og at dette er ein personlege utforsking av temaet.
Her er to døme:
Døme 1 startar personleg. Denne opninga av essayet viser at dette er eit tema som betyr noko for den som skriv. Det er eit godt grep å avslutte innleinga med eit spørsmål.
– Eg elskar å vere på Instagram. Det å sitje med musikk på øyret medan eg blar meg nedover sida. Ser på kva venene mine driv med. Kva for klede dei har på i dag eller kva for sminke dei vel å bruke. Plutseleg dukkar det opp forslag til sider som ser spennande ut. Nye reels og artige folk. Av og til legg eg ut ting sjølv også. Men ikkje kva som helst.
Døme 2 startar med ein artig omgang med fakta. Det er eit kreativt grep som får lesaren inn i handlinga med ein gong. Skrivaren presenterer ei myte om kva «ære» er, ved å bruke ei kreativ samanlikning med gamal mat i kjøleskapet. Å bruke personlege pronomen som «eg» og «meg» gjer teksten meir personleg. Denne innleiinga viser at det er lov å bruke utropsteikn når du skriv essay!
– Ære? Kva betyr det? Eigentleg. Det er eit ord eg aldri blir riktig klok på. Ingen gir meg det same svaret. I følje Wikipedia er ære eit gamalt norrønt omgrep for vørdnad, heider, godt namn og rykte, hyllest, ros eller liknande. Den forklaringa gjer meg ikkje mykje klokare. For meg høyrest det rett og slett ut som eit omgrep som har gått ut på dato! Noko som har lege litt for lenge bakarst i kjøleskapet og som eg aldri har hatt bruk for meir enn den eine gongen eg skulle prøve ut mormors gamle oppskrift på ostekake med gamalmjølk i.
Hovuddel
Når elevane arbeider med hovuddelen i essayet, kan dei få god hjelp av det dei har skrive i tankekartet, ordbanken, skriveramma og tenkeskrivingsteksten.
Her er to døme:
Om du vel å bruke ein sirkelkomposisjon når du skriv essay, kan det vere lurt å dele inn hovuddelen i personlege opplevingar, fakta og eigne refleksjonar som utforskar tekstar. Da får du vist både kunnskap og refleksjon, og det blir ein personleg tekst. Hugs den raude tråden gjennom essayet ditt.
– Det er trass alt ein gammal tradisjon i norsk kultur og. Gunnlaug, Ravn og alle andre vikingar i alle sagaer drap for ære. Folk gjer det framleis. For å male overflata i gull. Men det verkar som dei alle har eit slags felles ideal.
Til slutt: Ver personleg. Bruk ord som «eg», «vi» og «du» og «oss». Slike ord er med og understrekar for lesaren at dette er viktig for deg. Teksten blir meir personleg, og du skapar ein relasjon mellom deg og lesaren.
– Tenk om ære kontrollerer oss? Liva våre? Ubevisst? Altså eg hadde ikkje tatt dei vala eg har tatt om eg ikkje brydde meg om kva dei rundt meg synest. Om kva familien synest. Kva læraren synest. Kva andre tenkjer. Eg har lært meg kva for ting som gjer at eg får betre eller dårlegare rykte blant ulike folk, i ulike situasjonar.
Avslutning
Ein fin måte å avslutte eit essay på er å gå tilbake til innleiinga. Starta elevane essayet med ei personleg oppleving, kan dei stoppe ved denne personlege opplevinga i avslutninga. Det er det som er ein sirkelkomposisjon.
Hugs at eit godt essay har synspunkt og refleksjonar, men målet er ikkje å kome fram til ein tydeleg konklusjon. Sjølve vandringa gjennom temaet er like viktig som målet. «Kva vil det seie å vere oppteken av ære i dag? Betyr ære noko for meg? Er det skilnad på kva ære betyr i dag enn kva det gjorde i vikingtida?»
I modellteksten ser vi korleis sirkelkomposisjon kan nyttast.
Å omarbeide teksten din – revisjonsfasen
Ein tekst er ikkje ferdig når elevane har levert eit førsteutkast. Dei må arbeide med ein tekst fleire gonger for at han skal bli skikkeleg god. Det er også viktig at dei er kritiske lesarar av eigne tekster.
Desse punkta kan elevane bruke når dei skal skrive ferdig essayet sitt:
- Korleis har du fått fram ein raud tråd gjennom essayet?
- Korleis heng avsnitta saman?
- Korleis bruker du sirkelkomposisjonen?
- Kva for personlege erfaringar bruker du?
- Har du vist til tekstane du vart beden om å bruke?
- Korleis utforskar du tekstane du bruker?
- Kva for andre faktadøme bruker du?
- Korleis er dine eigne refleksjonar som utforskar tekstar?
Etterarbeid
Elevane kan ta vare på kommentarar frå seg sjølv og frå læraren. Kanskje kan dei lage seg ei hugseliste til neste gong?
- Kva lykkast du med?
- Kva for fase bør du arbeide meir med? Førskriving, undervegsfasen, revisjon?
- Er det spesielle kommentarar du må merke deg?
Hjelp oss å bli bedre!
Hvordan synes du fordelingen mellom teoriske perspektiver og læringsaktiviteter er i denne ressursen?