Å gjere greie for i naturfag
«Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg forklaring av eit sakstilhøve, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre» LK2020.
Udir beskriv kompetanse i naturfag som: «Elevane viser og utviklar kompetanse når dei bruker fagspråk, teoriar og modellar til å utforske, beskrive, forklare og drøfte samanhengar i og mellom naturfaglege fenomen. Dei viser og utviklar også kompetanse når dei argumenterer for metodevalg, gjer etiske og tryggingsmessige vurderingar, reflekterer over funn og kritisk vurderer kjelder og informasjon knytt til eigne utforskingar og forsøk» (LK2020).
Baklengs planlegging
Å planlegge for å forstå
Baklengs planlegging skal sikre ein raud tråd gjennom heile undervisninga, frå oppstart til slutt, frå mål til vurdering. Målet med baklengs planlegging er at du som lærar før undervisningsstart skal ha klart for deg kva du ønskjer å oppnå med undervisninga.
Baklengs planlegging handlar om tre fasar. Du skal…
- beskrive kva som er forventa resultat for undervisninga.
- finne ut kva som skal vere bevis for læring.
- planlegge innhald og aktivitetar som vil utvikle kunnskap og forståing elevane treng for å nå måla som vi har for undervisninga.
Kompetansemål i naturfag
- Gjer greie for funksjonene til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv.
Fase 1: Beskrive forventa resultat for undervisninga
Kva for kunnskap, dugleik og forståing skal elevane ha når vi er ferdig med dette emnet? Kva skal elevane lære etter dette undervisningsopplegget i naturfag?
- Dei skal få ei innføring i kva eit næringsstoff er, og kva for funksjon næringsstoffa har for kroppen vår.
- Dei skal lære seg nokre strategiar for å oppsummere eit fagleg innhald skriftleg.
- Dei skal kunne parafrasere og sitere frå ei kjelde.
- Dei skal kunne føre ei korrekt kjeldeliste.
Fase 2: Kva skal vere bevis for læringa?
Korleis utformar ein oppgåveformuleringa og kva er vurderingskriteria?
Bevis for læring i denne naturfagoppgåva er å…
- skrive ein kort fagtekst, der eleven skal gjere greie for funksjonen til nokre næringsstoff.
Fase 3: Kva for aktivitetar treng elevane for å utvikle kompetansen?
Døme på læringsaktivitetar kan være, tekstutval, undervisning, filmar, ekskursjonar mer meir.
Kva for læringsaktivitetar skal nyttast i naturfagoppgåva om næringsstoff?
- Modellering av metodane.
- Samskriving.
- Individuell skriving.
Kva det vil seie å «gjere greie for»?
Å analysere kompetansemåla er nyttig for vidare planlegging. Verb, substantiv og adjektiv seier noko om kva for handlingar som er viktige for å dokumentere kunnskap i faget. Det kan gi ei retning for både det faglege innhaldet, tekstvalet og arbeidsmåtane.
Verb seier noko om kva for dugleik ein treng for å vise kompetanse, mens substantiv seier noko om kva for kunnskap ein treng for å vise kompetanse.
I dette kompetansemålet finn vi to verb, «gjere greie for» og «diskutere». I oppgåva vår begrenser vi oss til den første delen av kompetansemålet. I denne oppgåva skal elevene gjere greie for funksjonen til nokre næringsstoff. Da må vi først få ei felles forståing om kva det vil seie å «gjere greie for». I LK20 har Utdanningsdirektoratet skrive ei forklaring til verba i kompetansemåla:
«Eleven skal gi ei fagleg begrunna forklaring av eit sakstilhøve, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre».
Arbeide med kjelder
For å utvikle god skrivekompetanse i naturfag, er det viktig å lære seg nokre skrivestrategiar.
Ein god strategi for å trene på å gjere greie for, er å arbeide med kjeldebruk. Ved å finne, vurdere og å trene på å skrive samandrag frå ei eller flere kjelder, kan læraren lage ei skriveoppgåve der eleven kan gjere greie for funksjonen til nokre næringsstoff.
Da vi planla undervisninga gjennom baklengs planlegging, fant vi at bevis for læring i denne naturfagoppåva er å «skrive ein kort fagtekst, der eleven gjer greie for funksjonen til nokre næringsstoff».
For å kome fram til bevis for læring, er det lurt å først bryte ned oppgåva i mindre deloppgåver. Her vil vi vise nokre deloppgåver som lærar og elevar kan gjere før dei skriv ein fagtekst, eller er i prosessen med å skrive ein fagtekst.
Deloppgåver
Deloppgåve 1: Trene på å skrive samandrag frå ei kjelde
Læraren vel ut ei kjelde som gir informasjon om funksjonen til næringstoffa vår. Elevane les kjelda individuelt. Eleven diskuterer så med læringspartnaren og vel ei setning frå kvart avsnitt som dei meiner er hovudinnhaldet i avsnittet. Bruk desse setningane og lag ein liten tekst. Bruk også eigne ord, så det ikkje berre blir direkte avskrift av kjelda.
Ei setning frå kvart avsnitt kan sjå sånn ut:
- Kroppen trenger næringsstoffer hver dag, og vi må få dem i passe mengder fra det vi spiser og drikker.
- Noen matvarer gir oss mye energi, andre lite.
- Energi måles i joule (J).
- Hvor mye energi en matvare kan gi, henger sammen med innholdet av næringsstoffer og vann.
- Når energigivende næringsstoffer i maten brytes ned, blir mye av energien overført til forbindelsen ATP (adenosin-trisfosfat).
- Da fjernes et fosfat fra ATP, og vi får ADP pluss et fritt fosfat (P).
- ATP kan sammenlignes med et oppladbart batteri.
Frå Kosmos, kapittel 5, s. 137-138.
Døme på ein omskrive modelltekst
For å kunne leve, er vi mennesker avhengige av næringsstoffer hver dag. Noe av det vi spiser gir oss mye energi, mens noe gir oss lite. Derfor må vi passe på å få riktig mengde av det vi spiser og drikker. Vi kan finne ut hvor mye energi vi får i oss gjennom maten, ved å sjekke hvor mye av innholdet i matvarene som er næringsstoffer og vann. Energi måles i joule (J). Maten vi spiser brytes så ned, og energien blir overført til en forbindelse vi kaller ATP (adenosin-trisfosfat). Når et fosfat fjernes fra ATP, får vi et mindre energirikt ADP. Som med et oppladbart batteri, kan vi heldigvis tilføre kroppen mer energi igjen.
Deloppgåve 2: Sitatbruk
Oppgåve: Elevane må bruke to direkte sitat frå kjelda i teksten sin:
- Korte sitat
- Lange sitat
Det er viktig at sitata føyer seg naturleg inn i teksten på ein språkleg god måte. Eit sitat er ei ordrett attgjeving av noko ein annan har skrive eller sagt. Er sitatet opp til tre liner, skal det stå i hermeteikn. Er det lengre, skal det stå som eiget avsnitt og med innrykk. Ved både kort og langt sitat skal referanse vere med.
Modelltekst med tekstbindarar
For å kunne leve, er vi mennesker avhengige av næringsstoffer hver dag. Noe av det vi spiser gir oss mye energi, mens noe gir oss lite. Derfor må vi passe på å få riktig mengde av det vi spiser og drikker. Vi kan finne ut hvor mye energi vi får i oss gjennom maten, ved å sjekke hvor mye av innholdet i matvarene som er næringsstoffer og vann. Energi måles i joule (J). Maten vi spiser brytes så ned, og energien blir videre overført til en forbindelse vi kaller ATP (adenosin-trisfosfat). Når et fosfat fjernes fra ATP, får vi et mindre energirikt ADP. Med andre ord, som med et oppladbart batteri, kan vi så tilføre kroppen mer energi igjen.
Modelltekst med eit kort og eit langt sitat
«For å kunne leve, er vi mennesker avhengige av næringsstoffer hver dag. Noe av det vi spiser gir oss mye energi, mens noe gir oss lite. «Hvor mye energi du trenger, avhenger blant annet av hvor fysisk aktiv du er» (Heskestad m.fl. 2020: 137). Derfor må vi passe på å få riktig mengde av det vi spiser og drikker. Vi kan finne ut hvor mye energi vi får i oss gjennom maten, ved å sjekke hvor mye av innholdet i matvarene som er næringsstoffer og vann.
Energi måles i joule (J). Én joule utgjør svært lite energi, derfor blir energimengden i mat og drikke oppgitt i kilojoule, forkortet kJ. Av og til treffer vi på ordet kalori. Det er en måleenhet for energi som ble mye brukt tidligere, og den brukes fortsatt. (Heskestad m.fl. 2020: 137)
Når maten vi spiser brytes ned, blir energien overført til en forbindelse vi kaller ATP (adenosin-trisfosfat). Når et fosfat fjernes fra ATP, får vi et mindre energirikt ADP. Som i eitoppladbart batteri, kan vi heldigvis tilføre kroppen mer energi igjen.»
Frå Kosmos SF, s. 137, 2020.
Deloppgåve 3: Trene på å skrive samandrag frå ei ny kjelde
Læraren vel ut ei ny kjelde som gir informasjon om funksjonen til næringsstoffa våre. Læraren forklarer kvifor hen vurderer denne kjelda som god og påliteleg:
- Elevaneles og skriv samandrag frå kjelda.
- Elevane vel ei setning frå kvart avsnitt som dei meiner er hovudinnhaldet i avsnitta. Samanlikne dette med læringspartnaren. Dette blir temasetningar som du skal bruke i din eigen fagtekst.
Her er ein fagfilm frå Språkløyper om Å lese multiple tekstar.
Deloppgåve 4: Tekstbindarar
Her skal eleven skape betre samanheng i teksten sin. Dei kan setje saman setningane med til dømes desse tekstbindarane:
Tillegg | og, videre, forresten, dessuten, for eksempel |
Kontrast | men, selv om, enda, derimot, på tross. av, trass i, imidlertid, likevel, istedenfor, tvert i mot |
Tid | da, når, mens, innen, før, etter, så, deretter, etterpå, endelig, senere, tidligere, samtidig, på den tid |
Oppregnende | for det første, for det andre, det viktigste er at, med andre ord. |
Modelltekst med tekstbindarar
For å kunne leve, er vi mennesker avhengige av næringsstoffer hver dag. Noe av det vi spiser gir oss mye energi, mens noe gir oss lite. Derfor må vi passe på å få riktig mengde av det vi spiser og drikker. Vi kan finne ut hvor mye energi vi får i oss gjennom maten, ved å sjekke hvor mye av innholdet i matvarene som er næringsstoffer og vann. Energi måles i joule (J). Maten vi spiser brytes så ned, og energien blir videre overført til en forbindelse vi kaller ATP (adenosin-trisfosfat). Når et fosfat fjernes fra ATP, får vi et mindre energirikt ADP. Med andre ord, som med et oppladbart batteri, kan vi så tilføre kroppen mer energi igjen.
Deloppgåve 5: Kjeldeliste
- Læraren forklarer grunnprinsippa for korrekt referanseføring.
- Bruk nettstaden kildekompasset.no og bli einige om kva for referansestil som høver best i ein. naturfagleg tekst.
- Lag ei kjeldeliste til kortsvaret på ein korrekt måte.
Kjeldeliste, APA6
Heskestad, Per Audun, m.fl. (2020): Kosmos SF. Oslo: Cappelen Damm.
NDLA (2018, 21. februar). Næringsstoffer. https://ndla.no/nb/subjects/subject:37/topic:1:186650/topic:1:186448/resource:1:2512
Bevis for læring
Da er vi klare for å knyte saman deloppgåvene til ei skriveoppgåve.
Oppgåve 6: Kortsvar
Skriv ein fagtekst, cirka 500 ord med tittelen: «Gjer greie for funksjonen til næringstoffa våre».
- Bruk temasetningane frå øving 1 og øving 3 og skriv ein fagtekst.
- Bruk referanse frå begge kjeldene. Bruk både direkte sitat og parafrasering på rett måte.
Forslag til vidare arbeid
Det vi har arbeidd med i første del, kan vere eit godt grunnlag for å arbeide med resten av kompetansemålet «Diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv».
Kortsvaret eleven har skrive kan fungere som ein introduksjon til å diskutere kvifor vi treng eit variert kosthald. Dette kan bli ein lengre fagartikkel om mat og ernæring.
Atuelle kjelder
- Lærebok Kosmos SF, CappelenDamm, Oslo 2020, kapittel 5.
- ndla.no
- matprat.no
- matvaretabellen.no
- helsedirektoratet.no
- ung.no
Tips
Her er nokre forslag til artiklar og filmar som kan brukast som ein inngang til å gå i djupna:
- Margareth Barndon: «Under halvparten av norsk ungdom følger kostholdsrådene», uib.no,
- NPK-NTB: «Stordalen: – Berekraftigog sunt kosthaldtvingarseg fram», framtida.no,
- Film: Skolemateksperimentet 1#2: Kva skjer om du serverer kebab og cola til lunsj til ein gjeng seksåringar?
- Film: Skolemateksperimentet 2#2: Kva skjer om du serverer vaffel og iste til lunsj til ein gjeng seksåringar?
Merk: dette er gode kjelder å bruke til å diskutere kjeldekritikk.