Snakkehjørnet – om vanskelege kjensler
Nyhendebilete er for tida sterkt prega av krigen mellom Ukraina og Russland. Vaksne rundt barna er opptekne av dette, og barn heilt ned i barnehagealderen får med seg kva som skjer.
Barna ser reportasjar i nyhenda, framsider på avisene og overhøyrer samtalar mellom vaksne og andre barn. Det er viktig at barn får høvet til å snakke om noko som potensielt kan vere skremmande for dei. Slike samtalar kan gjerne inngå som tema i eit Snakkehjørne. Som tilsett i barnehagen bør ein kanskje ikkje ta initiativ til samtalar som kan vere vanskeleg, men vere til stades, lytte og støtte barn når dei ser det er behov. Dersom barna er opptekne av krigen, har barnehagen ansvar for å leggje til rette for samtalar. Når barn får dele sine tankar og kjensler med trygge vaksne, kan moglegheita reduserast for at dei sjølv lagar bilete som ikkje stemmer overeins med røyndommen. Slike tankar kan føre til mykje frykt og uro hos barn og det er derfor særleg viktig at dei møter tilsette som kan gi dei den tryggleiken dei treng.
Foreldra er dei viktigaste samarbeidspartnarane for barnehagane også i denne samanhengen. Foreldresamarbeidet må vere prega av ein open og trygg dialog for å leggje til rette for at barna blir følgde opp dersom dei blir urolege eller bekymra for noko dei har høyrt i barnehagen.
Tips
-
I denne filmen fortel dosent i pedagogikk ved DMMH Vibeke Glaser om korleis foreldresamarbeidet kan gjerast til beste for barnet.
-
Utlandssjef i Redd Barna, Nora Ingdal, delte på barnehage.no nokre gode råd til korleis ein kan snakke med barn om krig.
1. Lytt til barnet
Ver tilgjengeleg for spørsmål. Ikkje tru at du veit kva barn lurer på – dei har ofte eit heilt anna bilete av situasjonen enn vi vaksne. Lytt til barnet før du snakkar, og gi barnet rom til å spørje om ting han eller ho ikkje forstår eller er engstelege for. Ta deg tid til spørsmål frå barnet, sjølv om du står oppteke med andre ting.
2. Ta omsyn til alder
Barn forstår ofte meir enn vi vaksne trur. Små barn kan også engste seg over det dei ser, høyrer eller opplever at vaksne bekymrar seg over. Snakk ærleg og ope, unngå vanskelege ord og gi berre informasjon som du sjølv kan stå inne for.
3. Snakk om løysingar
Barn som er redde treng trygge vaksne, som kan roa og trøysta dei. Fortel at det er dei vaksne som har ansvaret for å finne ei løysing på konflikten, og at dette er noko det blir jobba med kvar einaste dag.
4. Snakk om flyktningar
Krig og konflikt betyr også at mange menneske må flykte frå heimane sine. Snakk med barna om kva ein flyktning er, og kvifor millionar av menneske i verda er flyktningar.
5. Støtt initiativet til barnet
Barn som på ein eller annan måte får høve til å gjere noko i forhold til krigen, vil ofte oppleve større grad av meistring og mindre frykt.
Vaksne bør stimulere og støtte barn som ønskjer å hjelpe. Barn kan lage basar eller innsamlingsaksjonar, eller du kan oppmuntre dei til å sende brev med oppmodingar om fred til eigen regjering eller andres.