Med eksplisitt skriveopplæring meiner vi at sjølve skrivehandverket blir gjort synleg og tilgjengeleg for elevane gjennom modellering og samtale om tekst og skriving, eller det som vi med Vygotskij-inspirert læringspsykologi kan kalle scaffolding (Brunar, 1978). Det handlar om at læraren byggjer stillas som hjelper elevane til å meistre det dei i utgangspunktet ikkje greier å gjere på eiga hand. Eksplisitt skriveopplæring føreset at læraren har god tekstkompetanse og er i stand til å gi kunnig og tekstbasert rettleiing til alle elevar. Målet er at elevane på sikt skal kunne meistre oppgåvene åleine.