Leire som uttrykksform på småbarn
Når toåringane utforskar og jobbar med leira bruker dei sansane sine og det oppstår eit unikt fellesskap. Dei leikar, dei snakkar, dei er i rørsle og det blir skapt eit nydeleg felleskap i utforskinga av det sanselege materialet.
Barna hadde mange høve til å utforske leira i løpet av hausten. På eit av besøka våre hos toåringane var det seks barn og to pedagogar som saman utforska leira som dei etter kvart hadde vorte godt kjende med. Den eine jenta er oppteken av at ho blir skitten på hendene når ho jobbar, og ho utbryt høgt og tydeleg: skittatt, skittatt! Dette blir stadfesta av Stine som smiler mot henne. Jenta held fram med å jobbe med leireklumpen sin og etter ei stund roper ho: muffins! Smake! Ho går rundt og tilbyr alle å smake. Vibeke seier takk og lèt som om ho et muffinsen og seier at han var litt varm. Kanskje han nettopp har komme ut av steikjeomnen? Godt, seier jenta. Noko Vibeke stadfestar. Jenta går tilbake til bordet for å lage meir, og plutseleg seier ho: steikjespade, steikjespade. I utforskinga smaker jenta på leira på ordentleg, ho et litt og mumlar at det er: deileg. Ho smiler og ser ut til å kose seg. Etter ei god stund med smaking vil ho vaske seg og skylje munnen sin. Vibeke seier då at ho kan gå inn på badet som er like ved borda. Der kan ho bruke vatn og papir, noko ho deretter gjer åleine medan Vibeke gjennom å snakke med henne støtter henne.
Gjennom å bruke språket aktivt hjelper Vibeke jenta slik at ho meistrar vaskinga på ein god måte. Dette viser korleis den næraste utviklingssona til jenta også blir utvikla. Dette er den avstanden mellom det nivået barnet står på i utviklinga si, og det nivået barnet kan oppnå om det får hjelp og støtte frå ein voksen eller ein kompetent jamaldra. Det handlar altså om at det barnet kan gjere i samarbeid med andre i dag, kan det gjere åleine i morgon. Dette er eit godt døme på korleis dei tilsette byggjer bruer mellom det barna gjer og korleis dei tek språket i bruk i naturlege kontekstar.
Bokstavleik, latter og glede!
Undervegs i økta med leira finn Stine fram nokre bokstavar i tre som barna kan bruke i utforskinga. Den eine av jentene viser stor interesse for bokstavane og finn fram ein M og seier: mamma sin. Og Vibeke finn fram ein V og seier dette er bokstaven hennar. Jenta set seg i fanget til Vibeke og dei byrjar å snakke om ulike bokstavar: Kasper sin, Ronja sin og H for hest, seier Vibeke. Jenta tek klossen med V og sier: opp ned han. Ja, visste du det også du då? seier Vibeke. Så hentar ho M og gjentek mamma sin. Og Vibeke seier at mamma heiter Monica. Jenta legg bokstaven under genseren og inn mot magen sin. Vibeke smiler og spør om ho kan trylle ho fram, noko jenta gjer og ler. Dette gjentek ho fleire gonger og seier: borte, inni magen. Vibeke spør om ho er borte? Ja borte, utbryt ho. Finne ho, seier ho videre. Og då er leiken i gang, noko som gjer at fleire barn kjem til og vil vere med.
Ved å berike miljøet med ulike bokstavar kjem denne leiken som ei forlenging av leire-aktiviteten. Som vi ser her er også tilnærminga til dei yngste barna til bokstavar ofte noko som skjer spontant og ved bruk av sansane, ein kan nesten seie at den utforskande skrivinga deira også gjerne er kroppslig. Ved å vere nysgjerrig og leikande samen med barna når dei utforskar bokstavar og skrift anerkjenner ein deira initiativ og bokstavleiken blir ein del av det naturlege språkarbeidet som oppstår i kvardagen (Sandø & Myran, 2018). Det er i desse små gylne augneblinkane og i samtalane barna utviklar språkkompetansen sin best.
I løpet av året har vi på Skrivesenteret hatt flere møter med barna og de ansatte på Sol. Vi oppdaget fort at de gjennom arbeidet med prosjektet leire og trær jobbet veldig prosessorientert. Det var tydelige spor av endring og utvikling både i utformingen av «rommet» inne og ute, men også i måten pedagogene sammen med barna skapte veien videre i prosessarbeidet.
Les meir!
Refleksjonsspørsmål
- Korleis legg eg til rette for at alle barna får delta og bidra?
- Korleis kan eg gå inn i situasjonen, invitere barna med, leggje til rette og følgje opp?
- Korleis blir kommunikasjonen tilpassa føresetnadene til barnet?
- På kva måte blir dei språklege erfaringane til barna og praksisar heimanfrå involvert?