Normprosjektets elevtekstbase

Normprosjektet er eit omfattande forskingsprosjekt om skriveopplæring og vurdering som blei gjennomført frå 2011 til 2017.

Logo for norm-prosjektet

Siste nytt

Boka Nye grep om skriveopplæringa. Forskingsfunn og praksiserfaringar kom ut i 2021 og rettar seg mot eit breitt publikum av forskarar, lærarutdannarar, lærarar, skuleleiarar og studentar.

Sjå forlaget sin presentasjon av boka, inkludert opptak frå bokbadet på Litteraturhuset i Trondheim.

Les også bokmeldinga i Norsk Pedagogisk Tidsskrift.

Siste nytt

Normprosjektets elevtekstbase rommar 5 000 søkbare elevtekstar og er ei skattekiste for forskarar, masterstudentar og lærarar som treng empiri til studiar av språk og skriving, eller som berre er nysgjerrige på korleis elevane sine tekstar ser ut.

Normprosjektets elevtekstbase

Alle tekstane frå det såkalla intensivmaterialet til Normprosjektet er å finne i eit søkbart korpus som er lagra hos Tekstlaboratoriet ved Universitetet i Oslo. Korpuset har rike søkemoglegheiter og er laga for å gjere data frå prosjektet tilgjengelege for vidare forsking, utviklingsarbeid og undervisning. Ikkje minst er det mykje relevante data å hente her for bachelor- og masterstudentar i språk- eller fagdidaktikk.  

Elevtekstbasen rommar over 5000 tekstar, skrivne av elevar på 3. og 4., 6. og 7. trinn i grunnskulen. Tekstane er frå ulike skulefag og representerer ulike skrivehandlingar og formål. Dei kan danne utgangspunkt for studiar av språkleg og tekstleg kompetanse så vel som studiar av skriveutvikling hos enkeltelevar og i grupper. Dersom ein vil studere tekstar frå gitte klassetrinn, eller tekstar som representerer ulike skrivehandlingar, kan ein bruke basen som utgangspunkt for å gjere strategiske tekstutval. Også skriveoppgåvene som elevane fekk i prosjektperioden, er samla i elevtekstbasen. Desse kan mellom anna kaste lys over skrivekulturar i ulike fag, og korleis elevane set ulike typar oppgåver i spel. 

Elevtekstbasen kan også danne utgangspunkt for meir spesifikke studiar av språklege fenomen. Ein kan til dømes gjere komplekse søk på frasar, forfeltsvariasjon eller ulike typar setningskoplingar. Korpuset kan også danne grunnlag for rettskrivingsstudiar av ulike slag. 

Tips


 

  • Se mer informasjon om Skrivehjulet i boka Nye grep om skriveopplæringa. Forskingsfunn og praksiserfaringar. I kapittel 3 gjøres det rede for det teoretiske grunnlaget for modellen, mens kapittel 6 gir innblikk i hvordan Skrivehjulet kan danne grunnlag for skriveopplæring (Matre, S., Solheim, R., Otnes, H., Berge, K. L., Evensen L. S. & Thygesen, R. (2021). Nye grep om skriveopplæring. Forskingsfunn og  praksiserfaringar.  Universitetsforlaget).