Boka om Normprosjektet

Normprosjektet er eit omfattande forskingsprosjekt om skriveopplæring og vurdering som blei gjennomført frå 2011 til 2017.

Logo for norm-prosjektet

Siste nytt

Boka Nye grep om skriveopplæringa. Forskingsfunn og praksiserfaringar kom ut i 2021 og rettar seg mot eit breitt publikum av forskarar, lærarutdannarar, lærarar, skuleleiarar og studentar.

Sjå forlaget sin presentasjon av boka, inkludert opptak frå bokbadet på Litteraturhuset i Trondheim.

Les også bokmeldinga i Norsk Pedagogisk Tidsskrift.

Siste nytt

Normprosjektets elevtekstbase rommar 5 000 søkbare elevtekstar og er ei skattekiste for forskarar, masterstudentar og lærarar som treng empiri til studiar av språk og skriving, eller som berre er nysgjerrige på korleis elevane sine tekstar ser ut.

Nye grep om skriveopplæringa – forskingsfunn og praksiserfaringar

Boka Nye grep om skriveopplæringa – forskingsfunn og praksiserfaringar (2021) gir ein omfattande presentasjon av Normprosjektet og konteksten det er forankra i – frå utdanningspolitisk bakgrunn og grunnleggande forståingar av skriving og vurdering, til overordna perspektiv på skrivekulturar og vurderingsfellesskap. Boka presenterer funn frå ulike delstudiar, m.a. om utvikling av vurderingskriterium saman med lærarar, studiar av skriveopplæring i ulike klasserom, utvikling av skriveoppgåver og analysar av elevtekstar, vurderingssamtalar og tekstrespons – og ikkje minst ein stor kvantitativ effektstudie av skriveutvikling. Boka rettar seg mot eit brei lesargruppe, frå skriveforskarar til lærarutdannarar, skuleleiarar, utviklingsorienterte lærarar og lærarstudentar. Boka er skriven av forskarkollegiet i fellesskap. Dei tre førsteforfattarane har i tillegg hatt ein redaktørfunksjon.  

Referanse: Matre, S., Solheim, R., & Otnes, H., Berge, K. L., Evensen L. S. & Thygesen, R. (2021). Nye grep om skriveopplæring. Forskingsfunn og  praksiserfaringar.  Universitetsforlaget.

 

Har du også lese?

Skrivehjulet

Skrivehjulet er teoretisk forankra i ei funksjonell forståing av skriving: Kva kan vi gjere med skrift, og kva kan vi oppnå gjennom skriving?

Les artikkelen

Skrivehjulet