Historia til Skrivesenteret

Åra fram mot etablering av Skrivesenteret – skriveforskingsmiljøet i Trondheim 

Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking (Skrivesenteret) vart oppretta av regjeringa i 2009 ved avdelinga for lærarutdanning ved dåverande Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST) som vertsinstitusjon. Det politiske vedtaket om å legga Skrivesenteret til Trondheim hadde brei støtte i skriveforskingsmiljøa ved norske universitet og høgskular. Grunnlaget for denne støtta var det sterke skriveforskingsmiljø ved NTNU og Hist som blei utvikla på 1980-90-talet, med forskarar som mellom anna Lars S. EvensenJon SmidtTorlaug Løkensgard Hoel og Synnøve Matre. Det fanst dyktige skriveforskarar ved fleire universitet og høgskular, men i Trondheim oppstod det eit miljø med både breidde og tyngde. Dette miljøet var prega av inkludering og bestod av både forskarar og lærarar, og miljøet etablerte gode relasjonar til skriveforskarar ved dei andre akademiske institusjonane i landet og elles i Norden. Derfor oppstod det tidleg ei førestilling om at Trondheim var arnestaden for skriveforsking i Norden. 

Fram til midten av 80-talet var skriveopplæring og skriveforsking prega av eit negativt omdømme og «raudpenn-tyranni». Som ein motreaksjon til dette oppstod ei entusiastisk grasrotrørsle rundt prosessorientert skriveundervisning (POS). Kurs i POS vart arrangert over heile landet, og for å støtte opp om denne rørsla, vart det òg sett i gang eit praksisorientert forskingsprosjekt i Trondheim: SkrivePUFF («Utvikling av skriftspråklig kompetanse»). Prosjektet vart finansiert av Forskningsrådets Program for utdanningsforsking (1989-1996). Det kanskje viktigaste ved Forskningsrådets tildeling var at prosjektet fekk nasjonalt nettverksansvar. Dette resulterte i årlege nettverkssamlingar og forskingsseminar med internasjonalt framståande skriveforskarar som Martin NystrandGünther KressAnne Dyson og David Barton. Det nasjonale nettverket bidrog til at det utvikla seg aktive lokale skrivemiljø i m.a. Oslo og Bergen. Dermed oppstod eit nasjonalt nettverk som var del i internasjonale nettverk.

Eit fundament i SkrivePUFF var samarbeid mellom praktikarar og teoretikarar. Gjennom jevnlege lokale seminar kom fagfolk saman og lærte av kvarandre. Her vart erfaringar frå kurs og forsøksverksemd delt, og utfordrande område som respons og vurdering vart drøfta i fellesskap. Seminara var så vellykka at dei har helde fram sidan den gong som ei «eviggåande» seminarrekke. Parallelt med seminara vart fleire forskings- og doktorgradsprosjekt om skriving utvikla og knytt saman. Forskingsprosjekt om mellom anna «responsgrupper og konstruktiv tilbakemelding» (Torlaug Løkensgard Hoel), «vurdering av elevtekstar» (Kjell Lars Berge), «skriving i arbeidslivet» (Gunhild Åm Vatn) og «skriving i nye medium» (Finn Bostad) kom i stand og resulterte i til saman seks doktoravhandlingar i prosjektperioden. I 2002 vigde eit av dei mest framtredande tidsskrifta i verda om skriving, Written Communication 19 (3 og 4), eit utvida temanummer til det norske skriveforskingsmiljøet. 

I åra etter at SkrivePUFF vart formelt avslutta som prosjekt følgde fleire større skriveforskingsprosjekt der forskarane frå Trondheim samarbeidde med skriveforskarar frå andre institusjonar. KAL-prosjektet (Kvalitetssikring av læringsutbyttet i norsk skriftleg, 2000-2003) undersøkte til dømes eksamenstekstane til elevane og sensuren til lærarar i samarbeid med forskarar frå Universitetet i Oslo. Skriv-prosjektet (Skriving som grunnleggende ferdighet og utfordring, 2007-2010) undersøkte kva slags kunnskap om tekst og skriving som lærarar og førskolelærarar treng for å støtte læringa til elevar etter læreplanane i Kunnskapsløftet. Ved innføringa av nasjonale prøver skriving i 2005, vart oppdraget gitt til det nasjonale miljøet rundt Trondheim. Som ein del av det strategiske arbeidet med å få til eit skrivesenter vart det òg arrangert fleire større konferansar om skriving og skriveforsking, mellom anna den nasjonale statuskonferansen Utfordringar for skriveopplæring og skriveforsking i 2005 og den nordiske konferansen Skrive for nåtid og framtid i 2006. Tre bøker vart utgitt frå desse konferansane. Til saman bidrog desse prosjekta, konferansane og publikasjonane til å profilere skriveforskingsmiljøet i Trondheim.  

Nasjonalt var det fleire røyster som tok til orde for at skriveopplæring i skolen må kome meir i fokus. Fleire av desse innspela blei samla i rapporten Framtidas norskfag. Språk og kultur i eit fleirkulturelt samfunn (Utdanningsdirektoratet, 2006). Døme på innspel var: 

  • Gjennomføringa av nasjonale prøver i skriving i 2005 hadde vist at det var eit behov for kompetanseheving i vurdering av skriving - samsvaret mellom lærarar som vurderte prøvene var så lågt at prøvene ikkje kunne gi noko påliteleg informasjon om skrivedugleiken til elevane.  
  • Med læreplanane i Kunnskapsløftet i 2006 blei skriving fastsett som grunnleggjande ferdigheit i alle fag, og rapporten etterlyste meir kunnskap om skriving i alle fag og korleis lærarar kan samarbeide om skriveopplæringa på tvers av fag. 
  • Etter kvart som stadig fleire skolar fekk datamaskiner, vart behovet for meir kompetanse i digital skriving tydelegare, og rapporten synleggjorde særskilt behovet for meir kunnskap i skolen om korleis digitale verktøy kunne hjelpe elevar med vanskar og fleirspråklege elevar. 
  • Endringar i digital tekstkultur reiste også spørsmål om korleis den tradisjonelle skriveopplæringa blei utfordra av nye sjangrar og tekstnormer. 

Mellom anna på denne bakgrunnen tilråda rapporten at det skulle skipast eit nasjonalt skrivesenter. 

I 2008 var det omfattande politiske arbeidet komme så langt at det gjaldt eit regjeringsvedtak om å etablere eit nasjonalt skrivesenter. I Stortingskomitéens innstilling til statsbudsjettet for 2009 står det til dømes: 

«Trondheim har, gjennom eit tett samarbeid mellom Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST) og NTNU, i mange år vore det uformelle nasjonale knutepunktet for skriveforsking. Samarbeidet har vore både tverrfagleg og tverrinstitusjonelt, og både UiO, UMB, UiS, UiA og Hiva er etablerte samarbeidspartnarar.» 

Vidare blir det peika på at forslaget om eit skrivesenter har vore drøfta i fleire nasjonale grunnlagsdokument og komitéen skriv at den «har merka seg at Regjeringa no har bestemt seg for å følgja oppmodinga frå fagmiljøa og etablera senteret i Trondheim». 

Men nøyaktig kvar skulle senteret ligge? NTNU var til dømes allereie vertskap for eit nasjonalt senter i matematikk. For å handtere spørsmålet om lokalisering hadde det vorte utvikla ein strategi, og forskarane hadde fått i stand eit møte med forskingsminister Tora Aasland 25. september 2008. På dette møtet representerte professorane Olga Dysthe (UiB), Lars S. Evensen (NTNU), Ragnar Thygesen (UiS) og Johan Tønnesson (UiO) skriveforskingsmiljøa i dei norske universitetsbyane og la fram eit felles forslag om å legge senteret til ein institusjon som sjølv ikkje var representert på møtet – HiST. Eit slikt forslag kom svært overraskande på ein statsråd som ikkje var van med ein slik mangel på eigeninteresse, og forskarane forstod at strategien var klok då ministeren i møtet refererte til «den avgjerda vi fattar her». 

Etter dette historiske møtet vart lokaliseringsforslaget sendt på høyring til alle høgskulane og universiteta i landet. Tilbakemeldingane var stort sett positive, og 17. mars, 2009 kom det formelle avgjerdsbrevet med eit mandat for eit nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking. Senteret vart formelt opna 21. august 2009. 

Over 10 år med Skrivesenteret  

I åra frå 2009 til 2017 var Skrivesenteret leia av Utdanningsdirektoratet gjennom mandat og oppdragsbrev. I følgje mandatet skulle Skrivesenteret bidra til betre språkarbeid i barnehagen og betre skriveopplæring i skolen. Sentrale tiltak for å realisere mandatet var bestemt av årlege oppdragsbrev, til dømes at senteret skulle tilby ei nettside med støttemateriell som skulle inspirere og vise veg for god skriveopplæring. Eit anna viktig tiltak var at senteret saman med universitets- og høgskolesektoren skulle bidra i kompetanseutviklingsprosessar saman med kommunar og fylkeskommunar. Gjennom oppdragsbreva fekk dessutan Skrivesenteret ei sentral rolle i fleire nasjonale satsingar som til dømes «Ny GIV», FYR – Fellesfag, yrkesretting og relevans, «Ungdomstrinn i utvikling» og Språkløyper. Gjennom desse satsingane fekk tusenvis av lærarar møte Skrivesenteret på fagsamlingar, og Skrivesenteret samarbeida med kommunar over heile landet om skolebasert kompetanseutvikling. 

Frå starten av har Skrivesenteret samarbeida tett med andre nasjonale senter, særleg Lesesenteret og Nynorsksenteret. Saman med dei har Skrivesenteret arrangert årlege samlingar for NOLES-nettverket som tematiserer grunnleggjande ferdigheiter i lærarutdanningane. Saman med Lesesenteret har Skrivesenteret arrangert konferansar som Skriv! Les!, tilbode vidareutdanning i norsk for lærarspesialistar, utvikla nettressursar for barnehage- og skolebasert kompetanseutvikling og vore utviklingspartnar i «Språkkommunar». 

Frå 2009 til 2016 utvikla Skrivesenteret læringsstøttande prøver i skriving som grunnleggjande ferdigheit på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Skriveoppgåver blei utvikla og pilotert, og deretter blei eit nasjonalt representativt utval elevar på 5. og 8. årstrinn trekte ut for å svare på ei til to oppgåver. Tekstane frå denne utvalsprøven blei vurdert av eit panel på om lag 90 lærarar. Utvalsprøvene og dei vurderte tekstane ga grunnlaget for publisering av læringsstøttande skriveprøver som skolar frivillig kan ta i bruk for å få informasjon om skrivedugleiken til eigne elevar og for at lærar kan få informasjon for å støtte elevane i skriveutviklinga deira. Desse prøvene er tilgjengelege på www.skrivesenteret.no

Frå Udir til NTNU

I 2018 blei styringsansvaret for Skrivesenteret overført frå Utdanningsdirektoratet til NTNU. Tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartementet til NTNU i 2018 inneheldt eit mandat for senteret som er meir overordna enn dei tidlegare oppdragsbreva: 

«Departementet forventer at NTNU benytter de overførte midlene til å bidra til at barn, unge og voksne kan få en likeverdig og tilpasset opplæring av høy kvalitet i et inkluderende fellesskap. NTNU skal bidra til å øke kvaliteten på skriveopplæringen og til økt kompetanse i skriving som grunnleggende ferdighet. Gjennom midlene skal NTNU bidra til skrivestimulering og skriveglede i barnehagen og grunnopplæringen.  

NTNU skal videreføre arbeidet med forskningsformidling og praksisnær aktivitet og bistand basert på relevant forskning. Aktuelle målgrupper for arbeidet er lærerutdanningene, skole- og barnehageeiere, ledere og ansatte i barnehager og skoler og PP-tjenesten. NTNU skal bidra til at barnehager og skoler får økt kompetanse til å tolke og operasjonalisere rammeplanen og læreplanverket. NTNU skal videre støtte andre institusjoner og særlig lærerutdanningene i deres arbeid med kompetanseutvikling i skolene og barnehagene. NTNU skal også ved behov være rådgiver for nasjonale utdanningsmyndigheter innenfor skriveopplæring.» 

Dette mandatet innebar at Skrivesenteret heldt fram med sentrale tiltak som forskingsformidling gjennom nettstaden www.skrivesenteret.no og det å vere utviklingspartnar i kompetanseutviklingsprosessar i barnehage og skole. På ei anna side la ikkje dette mandatet dei same avgrensingane for forsking som låg i dei tidlegare oppdragsbreva. Derfor har forsking blitt ei viktigare oppgåve for dei tilsette ved senteret etter 2018. Med ein sterkare forskingsprofil har senteret lukkast i å starte opp større prosjekt, som til dømes NFR-prosjektet Funksjonell skriving i de første skoleårene (FUS-prosjektet) saman med norskseksjonen ved Institutt for lærerutdanning ved NTNU; og utvikling av ny eksamen i norsk (på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet). Tilsette ved senteret er deltakarar i fleire andre prosjekt ved NTNU innan vurdering og literacy i fag. 

Sidan 2017 har det skjedd ei stor politisk bestemt dreiing frå nasjonale satsingar til lokalt initiert utviklingsarbeid. For Skrivesenteret har denne dreiinga medført kraftig auke i oppdrag innan Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skolen (DEKOM), Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehagen (REKOM) og oppfølgingsordninga for kommunar. Om lag 2/3 av verksemda til Skrivesenteret består av slike oppdrag over heile landet. 

I august 2021 har Skrivesenteret 26 tilsette, og er utviklingspartnar i kompetanseutviklingsprosessar i om lag 70 kommunar og fylkeskommunar. Nettstaden www.skrivesenteret.no fekk same månad ny utsjåande og utvida funksjonalitet.

Skrivesenter logo kvadrat
NTNU Skrivesenteret logo

Om skrivesenteret

Det overordna målet til Skrivesenteret er å styrkje skrivekompetansen hos barn, unge og vaksne.

Les mer
Skrivemaskin

Mandat

Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking skal bidra til at barn, unge og voksne kan få en likeverdig og tilpasset opplæring av høy kvalitet i et inkluderende fellesskap.

Les mer
Skrivesenterets 10-årsjubileum

Publikasjonar

Ei oversikt over publikasjonar av tilsette ved Skrivesenteret.

Les mer
Ansattbilde fra 24.06 2019

Våre ansatte

Her finner du kontaktinformasjon til våre ansatte.

Les mer