Uvanleg norsktime blir hylla

– Ein treng ikkje vere flink i grammatikk og rettskriving for å lage ei god historie, seier forfattar og journalist Guttorm Eskild Nilsen. Kreativ skriving bør vere ein fast del av den skrivinga elevane får prøve og får utvikle i skulen, seier senterleiar Arne Johannes Aasen.

Faksimile frå www.nrk.no

Hans Olav Lahlums krimfestival som står bak tiltaket som er ein del av den kulturelle skulesekken, uttaler:

– Målet er å få opp interessen for genren hos dei unge.

Ein jury beståande av fleire krimforfattare, mellom anna Lahlum sjølv, skal gå gjennom tekstane til elevane og plukke ut gode historier. Målet er å gi desse ut i ei bok som blir presentert på krimfestivalen i Tvedestrand i slutten av februar.

– Eg trur det er ein god ide for unge folk å lese og skrive og teste ut eigen kreativitet med krimhistorier. Og håpet med eit sånt eksperiment er at nokon finn ut at dei faktisk kan tenkje seg å skrive ei eller anna form for litteratur, seier Lahlum.

Slampoesi i klasserommet

Slampoesi kan være en inspirerende måte å arbeide med lyrikk på. I denne ressursen viser vi eksempel på et arbeid med slampoesi i norskfaget på ungdomstrinnet.

Omslag til heftet «Kortdikt»

Kortdikt

I denne ressursen finn du eit hefte med ei samling korte modelltekstar i kreativ skriving for ungdomstrinnet. Med heftet følgjer to forslag til undervisingsopplegg.

Høstfarget tre

Dikt som inspirasjon til eiga skriving

Kan dikt skrive av vassekte forfattarar inspirere elevane til å skrive dikt om den merkelege tida vi er inne i?

Utsikt fra. Southbank / London i underlige farger

Her er så underligt…

I dette undervisningsopplegget får elevane utforske den modernistiske livskjensla ved å gjere eit dikt av Obstfelder dagsaktuelt.

Viss eg var eit barn i steinalderen

Det finst elevtekstar som er så vakre at dei fortener å bli løfta opp og gjort stas på. Dette er ein slik tekst.

Barn som leker at de er fra steinalderen

Oskar sat i klasserommet og hadde fått i oppdrag å skrive ein utforskande tekst om å vere barn i steinalderen. Ikkje visste han at teksten hans skulle bli til noko meir enn ei skriveprøve. Dei som vurderte teksten, vart begeistra. «Dette er ein song», sa dei. Den unge musikaren Eirik F. Fredsrud fekk i oppdrag å tonesette teksten. Han framførte songen for eit stort og entusiastisk publikum saman med Rebekka F. Fredsrud. Oskar og foreldra sat i salen, og songen fikk velfortent applaus og ros. Men ein så flott song fortener eit større publikum. Her er musikkvideoen til Hvis jeg var et barn i steinalderen.

(Tekst: Oskar 10 år // Melodi, gitar og vokal: Eirik F. Fredsrud // Vokal: Rebekka F. Fredsrud).

Oppgåva Oskar skreiv var: Skriv ein tekst der du utforskar korleis det var å vere barn i steinalderen.

Songteksten finn de her.

Her finn de meir informasjon om skriveprøva.