Vurderingsområde 1: Kommunikasjon
Under Kommunikasjon blir det vurdert i kva grad teksten kommuniserer med lesarar på ein relevant måte.
Etter 4. trinn
Skrivaren skal:
- innta ein relevant skrivarposisjon
- vende seg på ein relevant måte til ein eller fleire kjende lesarar
- bruke ei overskrift som orienterer lesaren på ein relevant måte.
Etter 7. trinn
Skrivaren skal:
- innta relevante skrivarposisjonar og kunne veksle mellom ulike relevante skrivarposisjonar
- vende seg på ein relevant måte til kjende og/eller ukjende lesarar.
Vurderingsområde 2: Innhald
Under Innhald vurderer ein om det som teksten handlar om, er relevant og utdjupa.
Etter 4. trinn
Skriveren skal:
- presentere eigne inntrykk, erfaringar, tankar og/eller meiningar
- presentere og utdjupe eit innhald henta frå førestillingar, erfarings- og/eller kunnskapsområde som skrivaren er kjent med.
Etter 7. trinn
Skrivaren skal:
- presentere eigne og andres førestellingar, erfaringar og synspunkt på ein utdjupa måte
- presentere og utdjupe eit innhald som er tematisk relevant, til dømes for det fagområdet ein skriv om
- tilpasse mengda av innhald til det som teksten handlar om.
Vurderingsområde 3: Tekstoppbygging
Under Tekstoppbygging vurderer ein den overordna komposisjonen i teksten, samanhengen mellom dei enkelte delane av teksten og i dei ulike delane av teksten.
Etter 4. trinn
Skrivaren skal:
- meistre nokre relevante komposisjonsprinsipp
- setje saman teksten med innleiing, hovuddel og avslutning
- skape tematisk samanheng i dei ulike delane av teksten
- uttrykkje samanheng i teksten med koplingsmarkørar som «eller», «men», «fordi» og liknande.
Etter 7. trinn
Skrivaren skal:
- meistre ulike måtar å strukturere tekstar på
- komponere teksten på ein føremålstenleg måte (t.d. sjanger)
- meistre avsnitt som organiseringsprinsipp
- bruke varierte koplingsmarkørar for å uttrykke samanheng i teksten.
Vurderingsområde 4: Språkbruk
Under Språkbruk vurderer ein ordval, setningsbygging og stil.
Etter 4. trinn
Skrivaren skal:
- bruke fullstendige forteljande setningar, spørje- og bydesetningar
- bruke utbygde substantivfrasar
- ha noko variasjon i byrjinga av setningar
- bruke eit relevant og variert ordtilfang, mellom anna omgrep frå skolefag
- ha innslag av språklege verkemiddel
- meistre bruk av indirekte og direkte tale som eit verkemiddel.
Etter 7. trinn
Skrivaren skal:
- byggje opp komplekse og varierte setningar
- bruke eit relevant, variert og presist ordtilfang, også fagomgrep
- bruke ein relevant språkleg stil
- bruke varierte språklege verkemiddel.
Vurderingsområde 5: Rettskriving og formverk
Under Rettskriving og formverk blir det vurdert i kva grad eleven meistrar reglane for korrekt skriftleg nynorsk eller bokmål.
Etter 4. trinn
Skrivaren skal:
- meistre fonografisk skriving
- samskrive samansette ord
- bruke stor forbokstav i eigennamn og i ny setning etter punktum
- meistre ikkje-lydrette pronomen og spørjeord
- meistre bruk av dobbel konsonant i vanlege ord
- meistre bruk av bøyingsverket i nynorsk.
Etter 7. trinn
Skrivaren skal:
- meistre ortografisk skriving
- meistre skiljet mellom og/å og da/når.
Vurderingsområde 6: Teiknsetting
Under Teiknsetting blir det vurdert om skrivaren meistrar dei formelle reglane for bruk av skiljeteikn.
Etter 4. trinn
Skrivaren skal:
- meistre bruk av punktum, utropsteikn og spørsmålsteikn
- bruke komma ved oppramsing
- bruke komma framfor «men»
- markere direkte tale med replikkstrek eller kolon og sitatteikn.
Etter 7. trinn
Skrivaren skal:
- meistre bruk av kolon, parentes og bindestrek
- bruke komma mellom heilsetningar
- bruke komma etter leddsetningar.
Vurderingsområde 7: Bruk av skriftmediet
Under Bruk av skriftmediet blir den grafiske utforminga og handskrift vurdert.
Etter 4. trinn
Skrivaren skal:
- skape tekstar med eit oversiktleg sideoppsett
- bruke ulike uttrykksmiddel som verbalspråk, teikningar, bilde og symbol
- markere mellomrom mellom ord tydeleg
- bruke og følgje marg og linjer
- markere overskrifta grafisk
- markere avsnitt etter innleiing og framfor avslutning
- skape estetisk tiltalande tekstar
- bruke samanhengande handskrift
- bruke leseleg handskrift.
Etter 7. trinn
Skrivaren skal:
- skape eit oversiktleg og hensiktsmessig sideoppsett
- markere avsnitt grafisk
- kombinere ulike multimodale uttrykksmiddel for å skape heilskap og meining i teksten
- bruke digitale tekstressursar med ulike kommunikative og estetiske føremål.