Normprosjektet
Normprosjektet er eit omfattande forskingsprosjekt om skriveopplæring og vurdering som blei gjennomført frå 2011 til 2017.
Siste nytt
Boka Nye grep om skriveopplæringa. Forskingsfunn og praksiserfaringar kom ut i 2021 og rettar seg mot eit breitt publikum av forskarar, lærarutdannarar, lærarar, skuleleiarar og studentar.
Sjå forlaget sin presentasjon av boka, inkludert opptak frå bokbadet på Litteraturhuset i Trondheim.
Les også bokmeldinga i Norsk Pedagogisk Tidsskrift.
Siste nytt
Normprosjektets elevtekstbase rommar 5 000 søkbare elevtekstar og er ei skattekiste for forskarar, masterstudentar og lærarar som treng empiri til studiar av språk og skriving, eller som berre er nysgjerrige på korleis elevane sine tekstar ser ut.
Prosjektet har den offisielle tittelen Developing national standards for the assessment of writing – a tool for teaching and learning, og det vart finansiert av Noregs forskingsråd og Høgskulen i Sør-Trøndelag. Forskargruppa var samansett av forskarar frå NTNU og universiteta i Oslo og Agder. Skrivesenteret bidrog med administrativ støtte undervegs. Prosjektleiarar var Synnøve Matre og Randi Solheim frå NTNUs Institutt for lærarutdanning.
Prosjektet har samla eit omfattande materiale, og det er gjennomført analysar og utgitt ei rekke publikasjonar etter at prosjektperioden formelt var avslutta – ikkje minst boka Nye grep om skriveopplæringa. Forskingsfunn og praksiserfaringar i 2021. Eit anna viktig bidrag har vore opprettinga av ein elevtekstbase, der om lag 5 000 (av totalt 50 000) elevtekstar er samla, sorterte og gjort tilgjengelege og søkbare for lærarar, studentar og forskarar.
Om prosjektet
Normprosjektet har hatt som mål å bidra til å styrke den forskingsbaserte kunnskapen om skriveopplæring og vurdering av skriving i grunnskulen. I tett samarbeid med lærarar frå heile landet har forskarane i første fase av prosjektet utvikla såkalla forventningsnormer, som seier noko om kva det er rimeleg å forvente av elevane si skriving etter fire og sju års opplæring. Forventningsnormene, saman med eit funksjonelt syn på skriving (visualisert i Skrivehjulet), har danna grunnlag for ein stor intervensjonsstudie, ein såkalla dialogisk intervensjon, og 20 skular har integrert desse ressursane i arbeid med skriveopplæring og læringsstøttande vurdering i alle fag. Prosjektet har vore kjenneteikna av eit nært og gjensidig samarbeid mellom forskarar, lærarar og skuleleiarar, retta inn mot lærarar si profesjonsutvikling. Dette er motivert av eit ønske om å knyte sterkare band mellom forsking og skule.
Forskargruppa følgde prosjektskulane gjennom to år og undersøkte kva effekt den nye opplærings- og vurderingspraksisen hadde på elevane si skriveutvikling og lærarane sin vurderingskompetanse. Eit omfattande kvantitativt og kvalitativt materiale som både dokumenterer elevane si skriving og lærarane sin vurderingspraksis, blei henta inn og jamført med materiale frå fire samanlikningsskular. Analysane viser at elevane på prosjektskulane i løpet av dei to åra skreiv meir i alle fag og betra skrivekompetansen sin tilsvarande eitt til to skuleår med ekstra undervisning. Lærarane utvikla gradvis ei felles forståing av skriving og vurdering, samtidig som det på dei ulike prosjektskulane blei skapt gode arenaer for fagleg dialog og kompetanseutvikling – og dermed gode skrivekulturar.
Normprosjektet har blitt presentert på ei rekkje konferansar, både i Norden og i resten av verda. I november 2017 arrangerte prosjektgruppa ein avslutningskonferanse - Grep om skriveopplæringa - med bidragsytarar både frå dei andre nordiske land og frå New Zealand.
Normprosjektet er et dristigt, originalt og imponerende bidrag til nordisk skriveforskning
Ellen Krogh, professor ved Syddansk universitet
Prosjektet bidrar med ett för lärare gripbart och relevant metaspråk som sätter många olika aspekter av texter i förgrunden
Caroline Liberg, professor ved Uppsala universitet
Sjølv om prosjektet formelt er avslutta, arbeider både den opphavlege forskargruppa, andre forskarar og studentar arbeider framleis med materiale frå Normprosjektet. Det er framleis høve til å hente elevtekstar og skriveoppgåver frå elevtekstdatabasen til undervisnings- og forskingsføremål. Dette er ikkje minst aktuelt for masterstudentar i lærarutdanning.
Tips
- Se mer informasjon om Skrivehjulet i boka Nye grep om skriveopplæringa. Forskingsfunn og praksiserfaringar. I kapittel 3 gjøres det rede for det teoretiske grunnlaget for modellen, mens kapittel 6 gir innblikk i hvordan Skrivehjulet kan danne grunnlag for skriveopplæring (Matre, S., Solheim, R., Otnes, H., Berge, K. L., Evensen L. S. & Thygesen, R. (2021). Nye grep om skriveopplæring. Forskingsfunn og praksiserfaringar. Universitetsforlaget).