Viss eg var eit barn i steinalderen

Det finst elevtekstar som er så vakre at dei fortener å bli løfta opp og gjort stas på. Dette er ein slik tekst.

Barn som leker at de er fra steinalderen

Oskar sat i klasserommet og hadde fått i oppdrag å skrive ein utforskande tekst om å vere barn i steinalderen. Ikkje visste han at teksten hans skulle bli til noko meir enn ei skriveprøve. Dei som vurderte teksten, vart begeistra. «Dette er ein song», sa dei. Den unge musikaren Eirik F. Fredsrud fekk i oppdrag å tonesette teksten. Han framførte songen for eit stort og entusiastisk publikum saman med Rebekka F. Fredsrud. Oskar og foreldra sat i salen, og songen fikk velfortent applaus og ros. Men ein så flott song fortener eit større publikum. Her er musikkvideoen til Hvis jeg var et barn i steinalderen.

(Tekst: Oskar 10 år // Melodi, gitar og vokal: Eirik F. Fredsrud // Vokal: Rebekka F. Fredsrud).

Oppgåva Oskar skreiv var: Skriv ein tekst der du utforskar korleis det var å vere barn i steinalderen.

Songteksten finn de her.

Her finn de meir informasjon om skriveprøva.