Skrivesnakk
Skrivesnakk er eit tilbod om skriverettleiing for alle NTNU-studentar ved Institutt for lærarutdanning.
Er du ILU-student?
Skulle du hatt nokon å snakke med om oppgåva du skriv på? Er du usikker på struktur, kor du finn kjelder eller korleis du kjem i gang med skrivinga?
Kvar måndag og onsdag (kl. 13-15) kan du snakke med ein av skriverettleiarane våre, anten fysisk på Lysholmbiblioteket eller digitalt. Rettleiarane våre er studentar som har mykje erfaring med akademisk skriving. Dei kan bidra med skrivetips på oppgåver av alle slag og i alle fag.
In english:
Together with the Norwegian section and the library at the teacher education program at NTNU, we offer writing guidance for all ILU students. "Skrivesnakk" (Writing Talk) is an offering for all ILU students.
Do you need someone to talk to about the task you are writing? Are you uncertain about the structure, where to find sources or how to get started with writing?
Every Monday and Wednesday (13:00-15:00) you are welcome to talk to one of our writing tutors. The writing tutors are students who have a lot of experience with academic writing. They can provide writing tips for all types of tasks. You can get guidance in person or digitally.
Møt rettleiarane våre
Nora Mjelde Litland og Vilde Næss er skriverettleiare på Skrivesnakk. Både Nora og Vilde er femteårsstudentar på lærarutdanninga med norsk som masterfag.
NORA
Eg går femte året på grunnskulelærarutdanninga 1.-7. med master i norsk. Elles har eg hatt matematikk, kroppsøving og engelsk. Eg er glad i litteratur og språk, men kan hjelpe deg med det meste innafor tekstskriving!
VILDE
Hei! Vilde heiter eg og går no femte året på grunnskulelærarutdanninga 5.-10. og held på med ei master i norsk. Tidlegare har eg jobba som læringsassistent og har undervisningsfaga KRLE og kroppsøving. Eg har alltid vore veldig glad i skriving og håpar å kunne hjelpe den som skulle ønske seg tilbakemeldingar og støtte uansett kva skrivefase ein er i.
Ops, korleis går eg laus på skrivehandlinga?!
Aktivitetar i regi av Skrivesnakk 2023/24
Forutan vårt faste tilbod om skriverettleiing, tilbyr vi også følgjande aktivitetar:
- Skriveverkstad/workshops
- Kurs for studentar
- Arrangement for studentar med norsk som andrespråk
- Gjesteforelesingar
Neste arrangement
- Seminar om akademisk skriving og norsk som andrespråk (vår 2025)*
- Seminar om akademisk skriving i skriverobotenes tidsalder (høst 2025)*
*Begge seminarene er finansiert av rektors midler til tiltak for likestilling og mangfold ved NTNU.
Tidlegare arrangement
- Skriveverkstad (25. november 2024)
- Skriveverkstad (8. mai 2024)
- Skriveverkstad (5. mars 2024)
- Skriveverkstad (21. november 2023)
Personar
Skrivesnakk blir drifta av følgjande personar ved Institutt for lærarutdanning:
Leiar: Anna Ruth Grüters
Administrativ koordinator: Ingvild Håkestad
Mentorar / Fagstøtte:
- Sara Røddesnes (Universitetsbiblioteket)
- Randi Farstad (Fagseksjon for norsk)
- Johan Dragvoll (Skrivesenteret)
Læringsassistentar / Skriverettleiarar:
- Nora Mjelde Litland
- Vilde Næss
Tidlegare tilsette:
- Irmelin Kjelaas (prosjektleiar)
- Eline Haagensen (læringsassistent)
- Elena Boglis (læringsassistent)
- Alvilde Johre Eidhammer (læringsassistent)
Aktuelle ressursar
For mange studenter er spranget fra videregående skole til høyere utdanning stort, og mange studenter strever med å beherske de kravene som stilles til fagskriving.