
Skriving i kroppsøving
I denne ressursen ser vi korleis skriving kan bli integrert som ein naturleg del av ein eigentreningsperiode i kroppsøving. Undervisningsopplegget er også relevant for valfaget fysisk aktivitet og helse og ulike idrettsfag på vidaregåande skule.
Kroppsøvingslæraren som skrivelærar
Alle lærarar er skrivelærarar i sine fag. Det å kunne skrive i kroppsøving handlar om at elevane skal planlegge, gi uttrykk for og vurdere eiga utvikling i faget. Til dømes gjer dei greie for når dei planlegg ein eigentreningsperiode og skriv ein treningsrapport.
LK20
Å kunne skrive i kroppsøving er å planleggje, gi uttrykk for og vurdere eiga utvikling i faget. Det inneberer òg å utforme eigne treningsplanar. Utviklinga av skriveferdigheiter i kroppsøving går frå å bruke teikningar, bilete, figurar og planar til å kunne skrive meir fagspesifikke tekstar og illustrasjonar.
Forslag til arbeidsgang i ein eigentreningsperiode
Døma vi her viser er henta frå eit undervisningsopplegg der ein tiande klasse skulle planlegge og gjennomføre ein eigentreningsperiode på fire veker. Læraren ba elevane dokumentere prosessen undervegs ved å skrive logg der dei skildra treningsøktene slik at dei kunne vurdere treningsperioden i etterkant. Læraren gav tydelege rammer for skrivinga og viste elevane ferdige loggar som døme på korleis dei kunne løyse oppgåvene (tips: ta vare på gode elevarbeid som framtidige modelltekstar). Ho peikte mellom anna på at det kan vere formålstenleg å nytte fleire gode ressursar, som til dømes teikningar, tabellar og utskrifter frå ulike «treningsapp`ar» som finst på marknaden. Elevar og lærar samarbeidde om å sette tydelege læringsmål for perioden og kriterie som eigentreninga skulle bli vurdert etter.
Loggane vart levert inn på læringsplattforma sånn at læraren kunne kommentere og rettleie elevane undervegs i treningsperioden. Loggane gir læraren eit unikt innblikk i og oversikt over læringsprosessen til elevane. I ein eigentreningsperiode arbeider elevane gjerne individuelt med ulike aktivitetar på forskjellige arenaer, men loggane gjer at læraren likevel kan gi læringsfremmande undervegsvurdering tilpassa behovet til den enkelte elev. Samstundes kan gode loggar bli brukt som modelltekstar og inspirasjon fra veke til veke.
Døme på treningslogg
2. runde med eigentrening gjekk som forventa. Eg klarte å halde ut litt ekstra, samt minske tida med 3 minutt. Første stopp vart pressa 2 kilometer lengre enn førre gong, altså ved Sluppenbrua som var snupunktet. Der gjekk vi roleg over brua for å få igjen pusten. Da satte vi kursen tilbake mot skulen. Eg følte at kondisen var betre enn førre gongen. Eg merka at eg kunne halde ut litt ekstra, og som sagt minska eg tida med 3 minutt, som er ei grei forbetring. Eg satsar på ei ny forbetring neste måndag. No er det berre å sette i gang eit par joggeturar før neste gymtime.

Vurdering av treningsperioden
Eigentreningsrapport er sentral i dette opplegget. Her skal elevane vurdere treningsperioden i sin heilskap med tanke på gjennomføring, måloppnåing og eventuell framgang.
Oppgåve
Reflekter over spørsmåla:
- Har du nådd måla? Kvifor/kvifor ikkje?
- Kva for øvingar var gode øvingar og kva burde du ha gjort annleis?
- Vurdering av eigen innsats i perioden.
Les vurderingskriteria, så du er sikker på at du svarer på alt. Hugs at du kan bruke grafar, tabellar og målingsresultat for å underbygge det du skriv om i loggen.

Døme på eigentreningsrapport
I alle idrettar er kondisjon viktig. Du held ut lengre, samt har moglegheit til å yte maksimalt betre over lengre tid. Derfor valte eg å spesialisere meg innanfor dette temaet i eit fire-vekers langt treningsprogram. Målet med dette programmet var å oppnå framgang, og det har eg så absolutt. Etter fire harde, gjennomførte og loggførte økter står eg no klar med mange resultat som viser framgang. Alle resultata viser framgang, unntatt éin, brente kaloriar. Eg har forbetra tidene, farten og tempoet, men eg har forbrent mindre kaloriar. Eg har gjort ein del research på internett, men har ikkje funne noko svar på det. Kanskje det er fordi eg har brukt mindre tid for kvar gong, og at jo kortare treningsøkten er, jo mindre kaloriar forbrenner ein. Det er min teori, kanskje du har svar på det?
DATO | TID | TOPPFART | KALORIAR | SNITTEMPO |
20.10.20 | 1:03:27 | 4,57 min/km | 309k cal | 6,20 min/km |
27.10.20 | 1:00:01 | 4,49 min/km | 305k cal | 6,00 min/km |
03.11.20 | 56:30 | 4,40 min/km | 300k cal | 5,40 min/km |
10.11.20 | 53:38 | 4,18 min/km | 294k cal | 5,26 min/km |
Ein viktig måte å sjå framgang på er tida. Kvar gong har eg minska tida med 3 minutt. Til slutt satt eg igjen med ti minutt mindre tid frå siste til første treningsøkt. Eg har hatt høgare tempo (min/km) kvar gong, samt betre snittempo. Eg vil seie eg er meget fornøgd med eigen innsats, og ut i frå tilstanden min ved mål på siste økt, vil eg seie at eg har gitt alt frå start til slutt. Innsats, drikke undervegs, musikk på øyret og mental oppmuntring har gitt resultat og dermed fått meg til å nå mine mål. Mine mål var å forbetre mellom anna snittfart og tid, og her er nokre statistiske resultat som viser forbetringa:
Relevante lenker
- Her kan du laste ned undervisningsopplegget i sin helhet.
- Her kan du laste ned elevens logg i sin helhet.
- Nasjonalt kompetansesenter for mat, helse og fysisk aktivitet har utarbeidd ressursen «Omvendt undervisning i kroppsøving - utholdenhet».