Korleis arbeide med undervegsvurdering, respons og revisjon?
Mange lærarar opplever det som ei utfordring å gi læringsfremmande respons, som elevane tar til seg og bruker for å revidere eigne arbeid. I denne ressursen viser vi korleis vi kan arbeide med undervegsvurdering, respons og revisjon i klasserommet, eksemplifisert gjennom ein fagdag i norsk på vg1.
Lærarar legg ofte ned mykje tid og krefter i vurderingsarbeid, fordi dei har eit sterkt ønske om at tilbakemeldingane deira fører til noko positivt for elevane og til auka læring. Men det er ikkje alltid dette kan sjåast igjen i den skriftlege og faglege utviklinga hos eleven. Kanskje heng dette saman med korleis vi gir elevane respons eller tilbakemelding? Forsking viser at respons bør komme undervegs i ein arbeidsprosess, og at tilbakemeldingane bør vere konkrete og selektive. Å involvere elevane i vurderingsarbeidet ser også ut til å motivere for vidare arbeid, og slik kan læraren sine tilbakemeldingar støtte elevane si læring (Hattie & Timperley, 2007).
Mange lærarar opplever det som ei utfordring å gi læringsfremmande respons, som elevane tar til seg og bruker for å revidere eigne arbeid. Denne ressursen viser korleis vi kan arbeide med undervegsvurdering, respons og revisjon i klasserommet, undervegs i ein skriveprosess, og vi inviterer dykk inn i ein fagdag i norsk på vg1. Elevane skal skrive ein fagartikkel, og dei skal øve seg på å ta i bruk kjelder.
Formålet med filmen er å vise korleis eit fagleg opplegg, ein skriveprosess og arbeid med undervegsvurdering kan henge tett saman. Elevane får tilbakemeldingar både frå medelevar og læraren, og dei har felles vurderingskriterium som utgangspunkt. I forlenginga av dette lærer elevane korleis dei kan bruke nokre konkrete strategiar i arbeidet med å revidere teksten sin.
Tips til undervisninga
Relevant forskning
- Bueie, A. A. (2019). Bedre revisjonskompetanse gjennom eksplisitt opplæring i revisjonsstrategier?. Nordic Journal of Literacy Research, 5(2). https://doi.org/10.23865/njlr.v5.1410
- Bueie, A. A. (2016). Nyttige og mindre nyttige lærerkommentarer – slik elevene ser det. Nordic Journal of Literacy Research, 2(1). https://doi.org/10.17585/njlr.v2.188
- Jahnsen, V. R., & Bakken, J. (2020). På vei mot selvstendig tekstrevisjon? En studie av elevers revisjon av tekstutkast i norskfaget i videregående skole. Acta Didactica Norden, 14(1), 20 sider. https://doi.org/10.5617/adno.7847