Grammatisk kvarter
Kvifor arbeide med grammatikk i skulen? No slår vi eit slag for funksjonell grammatikk i klasserommet.
Dei fleste tenkjer på pugging av bøyingsparadigmer og kjedelege norsktimar når dei høyrer ordet grammatikk. Og forsking har vist at lausrive grammatikkundervisning gir ingen effekt på skriveferdigheitene hos elevane (Nergård og Tonne, 2008, s. 17-18). Når vi no slår eit slag for grammatikken, vil vi fokusere på å arbeide systematisk med funksjonell grammatikk i klasserommet. Her vil vi skissere nokre grunnar til at vi skal gjere det, og nokre tips til korleis ein arbeide med det i klasserommet.
Kvifor skal vi så jobbe med grammatikk i klasserommet? Vi veit jo at elevane er grammatisk kompetente i sitt eige morsmål. Dei konstruerer grammatisk riktige setningar kvar dag, mange gonger om dagen. Derfor må målet for grammatikkundervisninga ta utgangspunkt i at elevane er kompetente språkbrukarar og har kunnskap om grammatikken i morsmålet. I følgje Hertzberg (Nergård og Tonne, 2008, s. 21) har grammatikkdisiplinen flytta seg frå språkferdigheit til språkmedvit, det vi kallar metaspråkleg medvit. Ho seier:
Med språkbevissthet tenker jeg på evnen til å ha oppmerksomhet på språket som medium. Dette innebærer å kunne se at en ting kan sies på forskjellige måter, og ha en beredskap for å vurdere egne og andres valg av språklige uttrykk.
(ibid).
Dette kjem til uttrykk i læreplanane, der elevane skal til dømes samanlikne norsk med andre nordiske språk, eller norrønt. Det komparative perspektivet er klart, og for å kunne gjere dette, må elevane ha omgrepa på plass. I eit slikt perspektiv vil det vere særdeles nyttig å arbeide med grammatiske omgrep og snakke om språk og språkføring i klasserommet.
Grammatikk og framandspråk
Eit anna mykje nytta argument er kopla til framandspråk i skulen. Her legg òg læreplanen vekt på det komparative perspektivet, og for at elevane skal kunne samanlikne og utforske framandspråket, må dei ha eit metaspråk å bruke. Ein siste grunn som Hertzberg peiker på, er den nye kvardagen i klasserommet der vi har fleire elevar med eit anna morsmål enn norsk. Her kan grammatikkundervisning gi ei betre forståing for språkstrukturane som gjeld i norsk, og dette kan vere til hjelp når elevane skal få respons og revidere språkføringa si.
Korleis skal ein jobbe med grammatikk i skulen?
Vi kan seie at det har skjedd noko med synet på grammatikken si rolle i klasserommet og dette synet blir òg fremma i læreplanane i språkfaga. Norskfaget har eit særskilt ansvar for elevane si språkopplæringa, og det er i norskfaget den grunnleggande grammatikkundervisninga må skje. Då er det viktig at grammatikkopplæringa skjer på norskfaget sine premissar og som ein naturleg del av alt det andre vi jobbar med i faget.
Kva er det læraren skal tenkje på når grammatikken skal skyvast fram som ein spennande og interessant del av norskfaget? Det fyrste må vere at vi ikkje skal pugge og ramse opp alle dei sterke verba eller gradbøyinga av adjektiv. Grammatikkundervisninga må vere kopla til det som vi elles jobbar med i klasserommet, og ho må byggje på det elevane allereie kan om språk og språkføring. I samband med anna skriving i norskfaget, vil det til dømes vere naturleg å sjå på ugrammatiske setningar og få elevane til å diskutere seg imellom kva det er med desse setningane som gjer at dei ikkje er grammatiske. Her kjem nokre konkrete øvingar ein kan nytte i klasserommet når grammatikken skal settast i høgsetet. Vi har kalla desse øvingane «Grammatisk kvarter», og er tenkt å vere små øvingar som (norsk)læraren kan nytte for å skape eit rom for å snakke om grammatikk og språk. Viss desse øvingane blir ein fast del av norsktimane, til dømes ein gong i veka, vil dette hjelpe til med å systematisk arbeide med grammatikken i klasserommet og det vil opne for gode samtalar og refleksjon kring språk og språkstrukturar i klasserommet.
Øving 1: Flytte på setningsledd
Her kan du anten ha elevar opp på tavla, eller så kan elevane arbeide saman i grupper. Skriv ut vanlege norske setningar, gjerne med litt lengde. Setningane bør innehalde subjekt, verbal, direkte og indirekte objekt og setningsadverbial av minst ein type.
Viss elevane skal fram på tavla: Skriv eit og eit ord eller setningsledd på kvart sitt ark som til saman dannar setninga. La kvar elev halde kvart sitt ark/ord, og still dei opp på rekke ved tavla. Så kan resten av klassen bytte om på orda og dermed leike seg med setningskonstruksjon. Då bør læraren stille spørsmål som: «Kva skjer når vi flyttar det bøygde verbet først i setninga?» «Kan vi flytte subjektet kor som helst i setninga?» og så vidare. Og ha ein diskusjon om dei setningane som ikkje er grammatikalske, kva er det som er gale? Dykk kan òg ta bort setningsledd, til dømes «Kva skjer når subjektet blir sendt ut på gangen?» Denne aktiviteten gjer at vi brukar dei grammatiske termane naturleg i samtala, og blir kjende for elevane. Dette gir òg ei bevisstheit om språk, språkføring og at elevane har i utgangspunktet ei kjensle for kva som er god setningsoppbygging. Dei fleirspråklege elevane i klasserommet har gjerne lært seg norsk gjennom å lære grammatikken, så dei kan vere ein god ressurs i denne øvinga.
Etter kvart, kan du skrive ut setningane på papir og klippe opp setningane i lappar. Del ut setningane til grupper og la elevane sjølve legge setningane saman til grammatisk riktige setningar. Du kan legge nokre føringar her, men aukande vanskegrad og kompleksitet på setningsstrukturane som elevane skal lage. Fyrst S-V-O, så S-V-DO-IO, så legg på setningsadverbial, plasser det rundt i setninga…
Dette kan du og gjere om til ei munnleg vurdering. Du kan la elevane ta opp delar av samtalen dei har og bruke det som ein språkleg fagsamtale.
Øving 2: Arbeid med eksempelsetningar
Ta opp på tavla setningar med feil setningskonstruksjon. Desse døma kan du ha laga sjølv, eller du kan ha henta dei ifrå elevtekstar.
- Forklar reglane som gjeld, kva er reglane for subjekt i norsk?
- Kva med det finitte verbet?
- Samanlikn eksempel og regel.
- La elevane skrive om eksempelsetningane på eige hand, så dei blir riktige. Her kan dei godt arbeide to og to saman, så dei får øving i å snakke med andre om språk og språklege reglar.
- Gå gjennom i fellesskap med ein gong etterpå.
- Frisk opp i neste veke, i starten av neste grammatiske kvarter.
Øving 3: Samandrag
Ein fin måte å summere opp eit fagleg emne på, er å skrive samandrag. Her kan dette kombinerast med å arbeide med grammatikk.
La elevane skrive eit samandrag av eit emne. Når dei skriv skal dei ha eit spesielt fokus på noko grammatisk som læraren ser at klassen trenger å ha fokus på, for eksempel å halde same tid på verbet, eller at alle setningar skal ha eit subjekt.
Oppgåva kan vere: Skriv eit samandrag av lærestoffet, hald deg til presens.
La elevane lese kvarandre sine samandrag, skriv i presens, og då skal dei berre sjå på verba. Så kan øvinga vere å bytte tid på verbet til preteritum. Dette for å øve på å finne og bli medviten verbtidene.
I denne ressursen skal elevane blant anna trena på å skriva samandrag frå ei kjelde, og setningsbindarar bidrar til skapa betra samanheng i tekstane deira.
Øving 4: Sett punktum
Snakk om kva som kjenneteiknar ei godt oppbygd setning. Les ein kort tekst i fellesskap og identifiser kva som gjer desse setningane til gode setningar. Spørsmål å stille elevane kan vere:
- Kor lange er setningane?
- Kva for ord startar setningane med (kva står i forfeltet)?
- Kva for verbtid er brukt?
- Aktiv eller passiv form?
- Substantivering?
- Er det noko fagspesifikt i dei grammatiske kjenneteikna? (Ei godt skriven setning i naturfag vil ha andre kjenneteikn enn ei godt skriven setning i norskfaget.)
Kopier ein tekst, gjerne ein fagtekst frå ei lærebok eller liknande. Fjern alt av teiknsetting og store bokstavar i teksten. La elevane jobbe saman to og to, der oppgåva er å sette teikn og store bokstavar der dei synest det passar. Kombiner dette med reglar for god setningsoppbygging, setningslengde og teiknsetting.
Additive bindarar |
Konjunksjonar Adverb Adverbiale uttrykk |
óg, samt, også, vidare, dessuten, forresten, til og med, på same måte som, for eksempel, til dømes
|
Adversative bindarar |
Konjunksjonar Subjunksjonar Adverb Adverbiale uttrykk |
men, enda, sjølv om, derimot, likevel, like fullt, ikkje desto mindre, lell, i staden for, trass i, tvert i mot
|
Alternative bindarar |
Konjunksjonar Adverb |
eller, anten - eller alternativt
|
Temporale bindarar |
Subjunksjonar Adverb Adverbiale uttrykk |
då, når, mens, innan, sidan så, deretter, etterpå, endeleg, då, når seinare, tidlegare, samtidig, samstundes
|
Kausale bindarar |
Konjunksjonar Subjunksjonar Adverb Adverbiale uttrykk |
for, så, fordi, da, slik at, om, viss derfor, altså, dermed, såleis, av den grunn
|
Additive forbindere |
Konjunksjoner Adverb Adverbiale uttrykk |
og, samt, også, videre, dessuten, forresten, til og med, på samme måte som, for eksempel
|
Adversative forbindere |
Konjunksjoner Subjunksjoner Adverb Adverbiale uttrykk |
men, enda, selv om, derimot, likevel, imidlertid, istedenfor, til tross for, tross i, tvert i mot
|
Alternative forbindere |
Konjunksjoner Adverb |
eller, enten - eller alternativt
|
Temporale forbindere |
Subjunksjoner Adverb Adverbiale uttrykk |
da, når, mens, innen, siden så, deretter, etterpå, endelig, da, når senere, tidligere, samtidig
|
Kausale forbindere |
Konjunksjoner Subjunksjoner Adverb Adverbiale uttrykk |
for, så, fordi, da, slik at, hvis derfor, altså, dermed, således, av den grunn
|
Øving 5: Utvide setningar
Lag ein oversikt over setningsbindarar som klassen får. Snakk saman om kva tekstbindarar gjer med språket, vis døme på tavla på korleis setningsbindarar brukast for å skape eit meir samanhengande språk. Vis gjerne «før og etter»-døme, altså korleis to korte setningar kan bindast saman med tekstbindarar.
Etterpå får elevane arbeide med kortare setningar som skal bindast saman med tekstbindarar. Dei får utdelt liste over korte setningar og lista med tekstbindarar.
Øving 6: Sjekkliste
Alle elevar bør lage seg ei eiga sjekkliste, der dei skriv ned dei hyppigaste feila dei gjer. Dette gjeld både på bokmål og nynorsk, og frå rettskrivingsnivå, opp til tekstnivå. Denne sjekklista skal dei ha tilgjengeleg når dei skriv tekstar sjølve.
Det er også lurt å gå gjennom rettefunksjonane i Word eller eit anna tekstbehandlingsprogram. Læraren kan gjerne modellere og vise korleis vi bruker rettefunksjonen når vi skriv. Her er det også greit å lage seg ei liste over ord som ofte ikkje blir fanga opp av rettefunksjonen, til dømes «og så» og «også».
Kjeldeliste:
- Nergård, M.E. og Tonne, I. (Red.). (2008). Språkdidaktikk for norsklærere. Mangfold av språk og tekster i undervisningen. Oslo: Universitetsforlaget