Bokstavjakt ute i naturen
Fokus på språk må gjennomsyre alle aktivitetane til barnehagen.
Å finne inspirasjon ute
Barnehagen skal inkludere friluftsaktivitetar og uteleik i kvardagen. Barna lærer og tar i bruk det dei erfarer gjennom leiken. Leiken skal vere ein arena for utviklinga og læringa til barna, og for sosial og språkleg samhandling (Rammeplanen, 2017, s. 20). Det å gjere barna merksame på ting dei ser rundt seg når dei er ute, er viktig. Med engasjerte vaksne og vaksne som ser moglegheiter til å finne på morosame ting saman med barna ute, får vi ein flott læringsarena for språkaktivitetar. Uteleik og uteaktivitet er ein viktig del av barnekulturen som må takast vare på, uavhengig av geografiske og klimatiske forhold. Barna bør få impulsar og inspirasjon til leiken gjennom opplevingar i nærmiljøet.
I skogen kan ein skrive bokstavar eller ord med kongler, kvister eller steinar. Å skrive med pinne eller fingeren i sanda er òg gøy. Med merksame vaksne som fangar opp initiativet til barna kan det bli små augneblinkar som er gull verd for barn som er i ferd med å oppdage skriftspråket.
Mykje av verksemda til barnehagen føregår ute
Å gjere barna merksame på ting dei ser rundt seg når dei er ute er viktig. Barnehagen skal vere med på å skape heilskaplege opplevingar og læringsarenaer for barna, og legge til rette for at barna får moglegheita til å utvikle seg ut i frå føresetnadene sine på best mogleg måte. Ifølgje rammeplanen skal personalet legge til rette for mangfaldige naturopplevingar og bruke naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring. Dei skal òg gi barna tid og høve til å stille spørsmål, reflektere og lage eigne forklaringar på problemstillingar, og til å delta i samtalar om det dei har erfart og opplevd (s. 53). Dette krev at dei vaksne inkluderer friluftsaktivitetar og uteleik i kvardagen, og motiverer og stimulerer barna til å ta i bruk alle sansar når dei ferdast ute og i nærmiljøet.
Barn er samlarar
Barn elskar å samle på ting dei finn ute på tur. Det kan vere skjel, steinar, kongler eller kvister. Det å ta seg tid til å gjere noko med det barna finn, er òg med på å vise barna verdien av det vi finn ute i naturen samtidig som det kan motivere og inspirere barna til å uttrykke seg gjennom ulike teksthendingar. Kanskje kan det bli ein fin tekstskaping saman barna? Eller det kan bli nokon flotte måleri, teikningar eller tekstar? Det er gøy å lage eigne eventyrfigurar, og kanskje dikte nye eventyr og forteljingar med alt det spennande som ein kan finne på tur. Det gjeld å følgje godt med og sjå det barna ser, ta observasjonane og refleksjonane deira på alvor.
Har ein vore så heldig å sjå eller høyre ein ugle på tur, er det gøy å forske litt på ugler. Finne fine bilde av ugler og prøve å teikne sin eigen ugle etterpå, og kanskje kan ein skrive litt òg …
Å leike med bokstavar og ord
Det å omarbeide opplevingar som ein gjer saman med barna ute i naturen, er ein viktig del av lærings- og forståingsprosessen til barna. Heider og publisering av uttrykket til barna er med på å inspirere barna til å gå på jakt etter bokstavskattar og andre spennande ting neste gong dei er på tur. Det er fint å lage seg eigne kassar, krokar eller rom der ein systematiserer slike skattar i barnehagen, der barna kan leike, fabulere og undre seg når dei tar i bruk desse materiala. Tenk å skrive namnet sitt eller bokstaven sin med fine blåskjel, eller å konstruere små ord med pinnar, steinar eller kongler som ein sjølv har plukka. Ifølgje rammeplanen skal personalet invitere til utforsking av både munnleg språk og skriftspråk. Barnehagen skal bidra til at barn leikar med språk, symbol og tekst og stimulerer til språkleg forvitenskap, medvit og utvikling (s. 48).
Tips
- Sjå òg Naturfagsenterets barnehageside; Forskerfrø.no. Her finn de meir om det å gå på bokstavjakt ute med barna.