Å gjere greie for eit norskfagleg emne
I denne ressursen presenterer vi eit undervisningsopplegg der elevane skal øve seg på å gjere greie for eit norskfagleg emne på ein presis måte.
Temaet for dette undervisningsopplegget er samisk språk. Her er forslag til korleis de kan arbeide vidare med dette temaet knytt opp mot det tverrfaglige temaet demokrati og medborgerskap. Vi viser døme på korleis elevane kan lære å parafrasere og sitere kjelder, og føre kjeldene på ein korrekt måte.
Tre kortsvarsoppgåver til temaet samisk språk
I filmen over modellerer læraren korleis elevane kan løyse kortsvarsoppgåve 1. Deretter kan elevane få i oppdrag å svare på skriveoppgåve 2 og/eller 3. Vi anbefaler samskriving av oppgåvene, og undervegs kan elevane gi tilbakemelding på tekstane til kvarandre.
Oppgåve1:
Skriv ein informativ tekst på 250 ord der du gjer greie for utbreiinga av dei samiske språka. Du skal bruke læreboka som kjelde. Bruk både direkte sitat og parafrase. Lag ei kjeldeliste.
Oppgåve 2:
Skriv ein informativ tekst på 250 ord der du gjer greie for fornorskingspolitikken. Bruk både direkte sitat og parafrase. Lag ei kjeldeliste.
Oppgåve 3:
Skriv ein informativ tekst på 250 ord der du gjer greie for språklege rettar samar har som urfolk. Bruk både direkte sitat og parafrase. Lag ei kjeldeliste.
Last ned opggåvesettet som Word-fil.
Tips til vidare arbeid med tema samisk språk
Dersom elevane har arbeidd med kvart sitt tema i kortsvarsoppgåvene, kan dei bytte tekstar når de har skrive ferdig, slik at elevane får lese ein kort infotekst om det temaet dei ikkje har skrive om sjølv. Be elevane stille tre spørsmål til teksten: Kva vil du vite meir om?
Eit anna forslag er å la elevane få ei kjelde til som dei skal bruke til å bygge ut teksten sin. Til dømes kan dei lese reportasjen «Skulen og framtida for samisk språk» frå Morgenbladet om samisk språk. Her må elevane trekke ut det som er relevant for det temaet dei har skrive om (språklege rettar, utbreiinga av samisk språk eller fornorsking) og oppgi teksten som kjelde både i teksten og i kjeldelista.
Arbeidet med dei korte «gjer greie for»-tekstane kan også fungere som ein introduksjon til å gå meir i djupna. Her er eit par forslag til dokumentarar om samisk språk og fornorsking:
- «Min mors hemmelighet» – dokumentarfilm frå 2011.
- «Den stille kampen» – fleire dokumentarfilmar frå 2013
Djupnelæring handlar mellom anna om å kunne overføre kunnskap til nye samanhengar. Debattartikkelen «Nei, her lærer vi norsk» kan vere eit utgangspunkt for å skrive ein lengre drøftande fagartikkel om morsmål og framandspråk.