Skrivesnakk

Skrivesnakk er eit tilbod om rettleiing i akademisk skriving for alle studentar ved lærarutdanninga på NTNU.

Grafisk element til Skrivesnakk

Skrivesnakk vart lansert ved Institutt for lærarutdanning (ILU) hausten 2022 som eit tilbod om rettleiing i akademisk skriving for alle ILU-studentar. Skrivesnakk er eit samarbeidsprosjekt mellom Skrivesenteret, norskseksjonen og biblioteket ved lærarutdanninga på NTNU.

Formålet med Skrivesnakk er å bidra til å styrkje den akademiske skrivekompetansen til studentar på lærarutdanninga, deriblant dei med norsk som andrespråk.

Du finn meir om Skrivesnakk på denne sida.