Uvanleg norsktime blir hylla
– Ein treng ikkje vere flink i grammatikk og rettskriving for å lage ei god historie, seier forfattar og journalist Guttorm Eskild Nilsen. Kreativ skriving bør vere ein fast del av den skrivinga elevane får prøve og får utvikle i skulen, seier senterleiar Arne Johannes Aasen.
Hans Olav Lahlums krimfestival som står bak tiltaket som er ein del av den kulturelle skulesekken, uttaler:
– Målet er å få opp interessen for genren hos dei unge.
Ein jury beståande av fleire krimforfattare, mellom anna Lahlum sjølv, skal gå gjennom tekstane til elevane og plukke ut gode historier. Målet er å gi desse ut i ei bok som blir presentert på krimfestivalen i Tvedestrand i slutten av februar.
– Eg trur det er ein god ide for unge folk å lese og skrive og teste ut eigen kreativitet med krimhistorier. Og håpet med eit sånt eksperiment er at nokon finn ut at dei faktisk kan tenkje seg å skrive ei eller anna form for litteratur, seier Lahlum.
Beklager, vi fant ingen innlegg. Vennligst prøv et annet søk.