Jobb med multimodale tekstar i norsk på yrkesfag
Når elevar skal lære om multimodalitet, er det nyttig at dei får arbeide med modelltekstar. Dei må få hjelp til å sjå korleis ulike multimodale tekstar kommuniserer på forskjellige måtar og tilhøyrer ulike sjangrar. Dei fleste elevane har mykje erfaring med å forhalde seg til multimodale tekstar i kvardagen, men ikkje alle har eit bevisst forhold til at det er det dei gjer. Dei har heller ikkje nødvendigvis eit vokabular for å diskutere virkemiddel i det multimodale samspelet. Derfor er det nødvendig å vise dei korleis tekstane er designa for eit formål og at dei nyttar ulike meningsbærande ressursar for å oppnå dette formålet.
Teksteksempla i dette heftet er meint som inspirasjon for lærarar som underviser i norsk på yrkesfag. Dei illustrerer motiverande oppgåvetypar elevar kan jobbe med for å oppfylle læreplanmål i norsk. Samtidig er tekstane modellar for korleis deira eigne tekstar kan sjå ut. Slike modelltekstar kan fungere som stillas for elevane. I staden for å slite med det blanke arket kan elevane etterlikne element dei likar og forandre element som ikkje passar til formålet med deira eigen tekst. Dette gjer oppgåva meir overkommeleg.
Før skrivinga begynner
Ordet design blir ofte brukt om multimodal tekstskaping.
Meningsbærande ressursar: Alle typar symbol, bokstavar, bilde, tabellar, notar, piler, fargar, skrifttypar og liknande som er meint å uttrykke noko.
Gjennom forarbeidet til skrivinga opparbeider lærar og elevar eit felles språk og klare kriterium som er gode utgangspunkt for å gi læringsfremjande undervegsvurdering på tekstane.
Ein måte å utforske tekstane på er å identifisere dei ulike verkemidla som skaparen av teksten har brukt. Når ein plukkar ein tekst frå kvarandre i mindre delar, kan ein oppdage kva kvar av modalitetane bidrar med og korleis dei speler saman med andre modalitetar. Sentrale spørsmål kan vere: Underbygger verbalteksten inntrykket bildet skaper, eller står dei i kontrast til kvarandre? Kva oppnår teksten med dette? Kvifor er akkurat den skrifttypen valt? Målet er å utvikle metaspråket til elevane om multimodalitet og skape medvit om at alle element i ein god multimodal tekst er resultat av bevisste val for å skape og formidle meining. På bakgrunn av denne utforskinga vil elevane vere betre i stand til å designe eigne tekstar.
Det kan òg vere nyttig å designe eller redesigne tekst i fellesskap i klasserommet. Heile eller delar av ein multimodal tekst kan visast på framvisar og blir forma ut ifrå innspel frå elevane. Læraren kan stille spørsmål som får elevane til å reflektere over korleis vala fungerer ut frå formålet med teksten.
Skriveprosessen og vurdering
Den viktigaste rolla til læraren når elevane begynner å skrive, er å gi dei læringsfremjande undervegsvurdering. Mange elevar vil ha stort behov for støtte når dei skal designe eigne multimodale tekstar. Det er derfor viktig at det blir sett av mykje tid i timane til arbeidet, så lærar kan rettleie elevane og gjere dei bevisste på vala dei gjer.
For at læraren skal kunne drive med denne rettleiinga, er det nødvendig å i komme inn i prosessen til elevane. Dette føreset at mesteparten av arbeidet ikkje blir utsett til dei to siste nettene før innlevering. Løysinga er å dele inn oppgåva i delmål, der elevane undervegs må levere inn eller vise fram det dei har gjort og kva dei planlegg vidare. Til dømes kan dei levere inn skisser for prosjektet sitt eller gi undervegspresentasjonar til lærar eller resten av klassen. Denne måten å arbeide på skaper fin flyt i prosjektet for elevane og gir læraren god moglegheit til å rettleie dei undervegs.
Å stille spørsmål er ein sentral del av undervegsvurderinga: «Men kvifor? Kvifor valde du å finne eit bilde på internett i staden for å ta det sjølv? Kvifor er overskrifta midtstilt? Kvifor fortel tekst og bilde akkurat det same? Kva kan du kutte utan at meininga forsvinn? Kva funksjon har komposisjonen din? Kva for kvalitetar ved skrifttypen gjer at mottakaren vil oppfatte han som «leiken og lett»?» Gjennom å måtte svare på slike spørsmål opparbeider elevane eit medvit og eit vokabular dei treng viss dei sjølve skal kunne analysere verkemiddel i multimodale tekstar.
Ei eventuell karaktervurdering av den ferdige teksten kan opplevast som utfordrande for norsklærarar. Karakter krev gjerne ei grunngjeving. Ei vanleg løysing er at verbaltekst og innhald blir vurdert først, medan det multimodale samspelet blir ein del av «heilskapsinntrykket» som kan trekke ned eller opp. Men er dette eigentleg god vurdering av multimodal kompetanse?
Formålet med teksten bør vere utgangspunkt for vurderinga. Både lærarar og elevar treng eit fagspråk om multimodalitet for å kunne vurdere om det multimodale samspelet og andre verkemiddel er formålstenlege. I nettversjonen av heftet finst døme på tilbakemeldingar til elevar på multimodal dikttolking (side 34) etter endt skriveprosess. Det må samtidig understrekast at læringa føregår medan lærar og elevar utforskar og diskuterer val undervegs i prosessen, ikkje når prosessen er ferdig og ein karakter og nokre velvalde ord om vegen vidare blir skrivne ned nokre veker seinare. Dette er kanskje dokumentasjon på at det har føregått læring, men sjølve læringa skjedde undervegs i prosessen.
Teksten må ha eit formål
Formålet med produktet er utgangspunktet når elevar skal utforme ein multimodal tekst. Kven er mottakarane og korleis skal teksten påverke dei? Fiktive mottakarar kan fungere godt i ei øvingsoppgåve. Først når formålet er etablert, kan læraren stille spørsmåla som elevane treng undervegs i prosessen.
Spørsmålet til læraren startar ofte med kvifor? Kvifor har du valt den fargen, den fonten, det uttrykt, det bildet? Korleis fungerer dei ulike modalitetane saman, og kvifor? Etter kvart blir elevane lærte opp til å reflektere over og grunngi val dei tar. Slik kan dei lære å kombinere auditive, skriftlege og visuelle uttrykksformer, bruke estetiske uttrykksformer bevisst og vurdere samanhengen mellom innhald, form og formål.
Begynn med enkle oppgåver
Multimodale tekstar blir fort komplekse. For å skape medvit om korleis dei ulike modalitetane fungerer og kvifor det er slik, er det derfor formålstenleg å starte med enkle oppgåver. Poenget er at elevane skal halde seg til eit avgrensa utval modalitetar i den første fasen.
I modelltekstane under er oppgåva å lage ei overskrift til eit informasjonshefte om eige programfag. Mottakar er tiendeklassingar som skal velje utdanningsprogram på vidaregåande skule. Formålet er å skape interesse og informere. Modelltekstane vart utforma av lærarar som sjølve var i ei innleiande fase av utforskinga av multimodalitet. Dei gir eit godt utgangspunkt for å diskutere både kva som fungerer godt og kva som kunne vore gjort annleis. Før elevane sjølve får lage overskrifter med uttrykka sine, kan modelltekstane utforskast og diskuterast i fellesskap.
Bokstavar – til dels erstatta av verktøy - som er spikra saman på trematerialar. Korleis fungerer desse vala ut frå formålet med teksten? Kvifor?
Enkel blå skrift med eit handskrive preg på kvit bakgrunn. Eit naturleg val for dette programområdet? Kvifor?
To «klassiske» løysingar? Korleis vil desse fungere overfor mottakergruppa? Kvifor?
Fire høgst forskjellige måtar å løyse oppgåva på. På kva for måte vil desse appellere til mottakarane? Kvifor? Gir dei eit representativt bilde av faget?
Utforsk saman med elevane
- Kva for inntrykk gir overskriftene av dei ulike programområda? Kvifor?
- Korleis fungerer dei ulike modalitetene - skrifttyper, fargar, bakgrunn, bilder - kvar for seg og saman? Kvifor?
Gå saman i par eller grupper og utform eigne tekstar. Heng dei opp på ein vegg eller vis dei på ein skjerm og still dei viktige spørsmåla elevane ferdigstiller tekstane sine.