Dikt som inspirasjon til eiga skriving
Kan dikt skrive av vassekte forfattarar inspirere elevane til å skrive dikt om den merkelege tida vi er inne i?
Mange norske forfattarar bruker den merkelege tida vi er inne i som inspirasjon til å skrive tekstar. Stiftinga Nynorsk kultursentrum har bede ulike skrivande, teiknande, syngande og forteljande kunstnarar om å dele sina bidrag under fana «Aleine saman – Korona og kulturen» på nettstaden sin.
No e mange aleine, men me er det saman
Ein av bidragsytarane på nettstaden er Ruth Lillegraven, som har skrive diktet «DETTE ER ANDRE DAGAR».
DETTE ER ANDRE DAGAR
det er færre
fly, båtar og bilar
færre overfylte tog
i india, mindre røyk
frå fabrikkpipene
i kina
himmelen stilnar
himmelen klarnar
fiskeørna kjem tilbake
dagpåfuglauga faldar ut
vengene for første gong
nokon har meir tid
mange har mindre tid
alle har anna tid
folk ligg i hi, høyrer om
basale reproduksjonstal
molekylær immunologi
kriselover, konkursar
overalt ser dei teikningar
av den taggete kula som
har heimsøkt landet
og kloden
me lagar mat
og vaskar opp
prøver å jobbe
lærer bort ting
me ikkje kan
for slik
lyder statens ord
ikkje dra på hytta
jobben eller puben
ta instruksar ta ansvar
halde avstand halde fred
og me innstiller omstiller
tilpassar oss, slik ingen
skulle tru at nokon
nordmenn kunne
gjere
me vaskar hender til
dei tørkar opp og sprekk
me trøystar og trygger
kranglar og klagar
me lengtar etter
ein dag igjen å vere
mange og seine på fest
å stå ved ein kjøkkenbenk
varme og yre, klirre glas
og kysse kinn
og så er det dei andre
dei som ikkje kan bli i hi
dei som ikkje kan lengte
dei tek farvel med familien
flyttar ned i kjellaren med
hybelkomfyr under armen
må ut i krigen for å møte
det som trugar med
å sprengje alle
rammer
det som
kanskje starta med at
mennesket rota seg inn
i habitatet til flaggermusa
som no svevar mellom oss
frå land til land, stengjer
frisøren i marseille
kaffibaren i beirut
rorbua i lofoten
og medan folk fryktar
for foreldre finansar framtid
medan tala på smitta innlagde
permitterte stadig aukar, medan
himmelen og vatnet klarnar, og
me går åleine i skog og ved sjø
høyrer me kviskringa
det store treet
krokete og knudrete
grunnen under trøtt og tørr
legg du øyret mot han
kan du høyre eit sukk
der inne
men grunnen finst
og treet
menneskeætta
finst
det står med røtene
djupt nede i bakken
blada heng
i sterke små stilkar
dei blafrar og snur seg
vender nervetrådane
mot kvarandre
og så høyrer dei orda
dei som blir kviskra frå
trestamma og frå grunnen
du er berre eit lite blad
eit lite blad på
det store treet
Koronasituasjonen
For elevane er det ei spesielle tid med heimeskule, mangel på treningstilbod og isolasjon frå vener. Det å vere så tett på eigen familie kan òg vere utfordrande for mange. Å lese tekstar andre har skrive om denne spesielle situasjonen og sjølv få skrive liknande tekstar, kan vere ein fin måte å både få aksept for – og uttrykkje kjenslene sine på. Det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmestring handlar i norskfaget om at elevane skal få moglegheit til å uttrykke eigne kjensler, tankar og erfaringar, og der lesing av skjønnlitteratur kan bidra til både å bekrefte og utfordre elevane sitt sjølvbilete. I denne samanhengen meiner vi at arbeid med diktet til Ruth Lillegraven kan danne eit godt utgangspunkt.
Det finst sjølvsagt mange måtar å arbeide med diktet til Lillegraven på. Elevane kan til dømes utforske diktet saman med grupper av medelevar i digitale rom, og diktet kan vere ein fin inspirasjon når elevane skal skrive eigne «Dette er andre dagar»-dikt.
Under har vi lista opp nokre spørsmål som elevane først kan utforske på eiga hand, til dømes ved hjelp av tenkeskriving, før dei diskuterer med andre elevar i det digitale rommet.
Døme på spørsmål
- Kva legg du særleg merke til når du les diktet?
- Kva meiner du at diktet handlar om?
- Er det nokre av strofene du kjenner deg meir att i enn andre? Kvifor gjer du det?
- Kva saknar du mest frå tida før koronakrisa? Kva er det du lengtar tilbake til?
- Kva for rolle speler treet i diktet, og kva trur du forfattaren meiner med den siste strofa:
du er berre eit lite blad
eit lite blad på
det store treet
- Finn du nokre kontrastar i diktet? Kva for rolle speler kontrastane i diktet, synest du?
- Kvifor trur du at forfattaren har vald den forma på diktet som ho har gjort? Kva for rolle speler forma i diktet, synest du? Finn du nokon samanheng mellom forma og innhaldet i diktet?
- Eit spørsmål som kan stillast for å øve opp elevane sitt medvit om eiga læring i etterkant av dei litterære gruppesamtalene er: Fekk du ei anna eller utvida forståinga for diktet etter at de snakka om diktet i gruppa?
Døme på individuelt skriveoppdrag
La deg inspirere av diktet «DETTE ER ANDRE DAGAR» av Ruth Lillegraven, og skriv ditt eige «Dette er andre dagar»-dikt.
Før elevane begynner å skrive, kan du som lærar legge til rette for at elevane kan dele tips til kva dikta kan innehalde. Ein moglegheit er å spele på kontrasten kva er forandra og kva er som før. Her kan elevane fylle ut eit skjema kvar for seg, før dei møtest i det digitale rommet og utvekslar idear.
Kva er forandra? | Kva er som før? |
Etter at elevane er ferdige med å skrive dikt, kan dikta lesast inn og leverast som ei lydfil eller delast med medelevane i det digitale rommet.
Tips
Her kan du høyre forfattaren sjølv lese diktet «DETTE ER ANDRE DAGAR».
Kompetansemål
Arbeidsgangen som er skissert i denne ressursen kan knytast til følgjande kompetansemål i den nye læreplanen (LK20):
- lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samiske og andre språk, og reflektere over tekstenes formål, innhold, sjangertrekk og virkemidler
- sammenligne og tolkeromaner, noveller, lyrikk og andre tekster ut fra historisk kontekst og egen samtid
- uttrykke seg i ulike sjangre og eksperimentere med sjangre på kreative måter
- lage sammensatte tekster og begrunne valg av uttrykksformer.
Referanser
Teksten «DETTE ER ANDRE DAGAR» er tinga av Nynorsk kultursentrum og prosjektet: Aleine saman. Kultur i koronatida. Stiftinga Nynorsk kultursentrum er ein kulturinstitusjon som gjennom kulturformidling og kunnskapsutvikling arbeider for ein kulturell fellesskap i Noreg der det språklege mangfaldet er sjølvsagt.
Fremhevet bilde: sheifx, CC BY-NC-ND 2.0.