Miljøtur i barnehagen
Barna veit at ein ikkje skal blande papir og plast saman med glas og metall. Det er ein naturleg del av kvardagen i barnehagen, og barna er ofte veldig bevisste når dei skal sortere.
Papir, plast og restavfall blir henta av reinhaldsverket, medan glas og metall må ein kaste sjølv i containerar som er plasserte rundt i nærområdet. Dersom barnehagen har gåavstand til slike miljøstasjonar har ein eit godt utgangspunkt for vidare jobbing med temaet miljø.
I Rammeplanen 2017 blir den viktige oppgåva til barnehagen i å fremme verdiar, haldningar og praksis for eit meir berekraftig samfunn løfta fram. I dette inngår kjærleik til naturen, forståing for samspelet i naturen og mellom mennesket og naturen. Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at dagens handlingar har konsekvensar for framtida (s. 10).
I barnehagen møter barna ofte symbol og ord som papir, glas, metall og restavfall på søppelbøttene.
Bilda under viser barn på miljøtur. Dei vart merksame på at det var mykje glasskår rundt containerane. Dei ønskte å plukke opp og rydde glasskåra. Undervegs snakka dei om kor farleg det var for dyra med glasskår, og at folk måtte bli flinkare til å rydde opp etter seg. Men dei syntest òg at glasbitane var fine. Dei var som diamantar. Ja, som ein skatt! Dette viser eit døme på korleis barn spontant kombinerer leik og læring.
Med utgangspunkt i det barna viste interesse for her, kan ein ha ein spontan tekstskaping saman barna. Ein kan òg legge til rette for teikne- og skriveaktivitetar når ein kjem tilbake i barnehagen. Det viktige er at den vaksne ser og fangar opp det barna viser interesse for. Å vere merksame, og setje i gang små prosjekt i kvardagen på premissane til barna, krev at vaksne er til stades der barna ferdast.
Kasting av glas og metall kan inspirere til både leik og skriving. Nokre barn vart begeistra for glasskåra. Andre skapte ein dinosaurleik kor asfalthaugane var ulike land. Den vaksne observerte og skreiv ned det barna gjorde. Tekstane og bilda vart hangne opp i barnehagen.
Det kan vere nyttig å lage ein «ordbank» i forkant av turen eller som eit etterarbeid. Ein kan saman med barna finne ord som barna forbind med temaet miljø. Det kan vere ord som til dømes: miljø, natur, gjenvinning, container, glasskår, metall, avfall og resirkulering. I samband med ordinnsamlinga kan ein få gode samtalar.
Å lage fine plakatar med ord frå «ordbanken» saman med bilde og teikningar kan vere gøy å henge opp både inne og ute i barnehagen. Barna kan bli meir bevisste på at skrivinga har eit formål, og at vi skriv for å informere andre om kor viktig det er å tenke på miljøet vårt i kvardagen.
Barna kan teikne og skrive små skilt som blir plasserte på dei ulike avfallsbehaldarane. Det kan vere meir motiverande for barna å sortere viss dei har eit nærare forhold til dette arbeidet. Det er viktig at dei er med i alle fasane av arbeidet med resirkulering.
Dei eldste barna kan få lage si eiga bok med teikningar, utklipte bilde og tekstar. Det kan vere eigne tekstar eller tekstar skapt i fellesskap som blir limde inn i boka. Det viktigaste er at barna opplever at det dei teiknar og skriv har eit formål, og at det er gøy å lage si eiga miljøbok. Dette er eit tema som dei vil kjenne igjen når dei byrjar på skolen òg, og då er det er alltid bra å ha litt forkunnskap. Det kan vere nyttig å ta i bruk digitale verktøy i utforskinga ute på turar både i skogen og på turar til miljøstasjonar. Tenk å få skrive ei digital forteljing med bruk av bilde som beskriv korleis ein tar vare på naturen ved mellom anna å kjeldesortere.
Mange barnehagar har kvalifisert seg til å få «Grønt flagg». Desse barnehagane jobbar godt med miljøarbeid i kvardagen. Ved å la barna delta aktivt i alt som omhandlar resirkulering og anna miljøarbeid, får barna både omgrepstrening og kjennskap til kvifor og korleis ein kan ta vare på naturen og miljøet. Læring føregår i det daglege samspelet med andre menneske og med miljøet, og er nært samanvove med leik, omsorg og danning. Barn kan lære gjennom alt dei opplever og erfarer på alle område. Barns undring må møtast på ein utfordrande og utforskande måte slik at dette dannar grunnlaget for eit aktivt og utviklande læringsmiljø i barnehagen. Barna skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Berekraftig utvikling omfattar natur, økonomi og sosiale forhold og er ein føresetnad for å ta vare på livet på jorda (Rammeplanen, s.10).
Refleksjonsspørsmål
- På kva måte synleggjer de berekraftig utvikling for barna i barnehagen din?
- Kva miljøtiltak har de i barnehagen din?
- Korleis jobbar de med haldningar og praksis for å fremme eit meir berekraftig samfunn?