Gode skrivestrategiar
I denne ressursen viser vi fleire døme på korleis læraren kan gi rammer for skriving som støttar elevane i å utvikle gode skrivestrategiar i ulike fasar av skriveprosessen.
Merknad
- Med «rammer for skriving» meinast i denne samanheng korleis læraren kan vise fram og modellere ulike skrivestrategiar for elevane.
- Med «skrivestrategiar» meinast i denne samanheng det repertoaret av strategiar elevane tar i bruk for å planlegge, produsere, revidere og sluttføre tekstane sine.
Kvifor treng elevane gode skrivestrategiar?
For å utvikle god skrivekompetanse treng elevar å utvikle gode skrivestrategiar. Fleire store amerikanske meta-studiar, til dømes Graham & Perin (2007), hevdar nettopp at det å arbeide for å uvikle elevane sine skrivestrategiar er effektfullt for elevane si skriveutvikling. Derfor vil det å jobbe eksplisitt med å utvikle formålstenlege skrivestrategiar vere eit viktig grep for å utvikle elevane sin skrivekompetanse. Skrivestrategiar vert gjerne definert som prosedyrar og teknikkar som skrivaren tek i bruk for å gjennomføre ei skriveoppgåve (Hertzberg, 2006). Nokre skrivestrategiar kan observerast, medan andre strategiar er mentale prosessar skrivaren kanskje ikkje sjølv er klar over at han bruker. Vi veit at erfarne skrivarar tek i bruk eit bredt repertoar av skrivestrategiar, medan meir uerfarne skrivarar ikkje har samme repertoar å ause av.
Motivasjon for å skrive er ein viktig faktor når elevane skal utvikle skrivekompetanse. Ifølgje Boscolo (2009) er ein motivert elev, ein elev som har lært korleis han skal takle dei utfordringane som dukkar opp når han skriv. Det er ein elev som veit kva han skal skrive om, og korleis han kan bruke dei ressursane som er nødvendige. Ein motivert elev er ikkje nødvendigvis ein som liker å skrive, men det er ein elev som er villig til å bruke dei verktøya eller strategiane som er nødvendige for å skape ein tekst han blir nøgd med.
Å leggje til rette for arbeid med skrivestrategiar i klasserommet
Skriving er ein reiskap for kunnskapsutvikling, samtidig som skriving er ein reiskap for å synleggjere kunnskap i dei ulike faga. Dette inneber at alle lærarar har ansvar for skriveopplæringa i faga sine. Utvikling av skrivekompetansen til elevane er ein kontinuerleg prosess som går føre seg gjennom heile skuleløpet. Det er derfor viktig at elevane får eksplisitt skriveopplæring gjennom heile skuleløpet.
Dette kan vi mellom anna få til gjennom å gi tydelege rammer for skriveoppgåvene elevane skal skrive. Læraren kan modellere skriving, la elevane bli med på å utforske dømetekstar og elles diskutere skriving og tekst i klasserommet. Elevane treng støtte og rettleiing gjennom heile skriveprosessen. Målet er at elevane over tid skal bli klar over kva strategiar som er hensiksmessige for dei og blir stadig meir sjølvstendige i skriveprosessen.
Læraren må også synleggjere for elevane at ein skriveprosess går føre seg i ulike fasar, og at erfarne skrivarar nyttar ulike strategiar i dei ulike fasane. Gjennom å få prøve ut ulike skrivestrategiar, er målet at elevane får eit repertoar, og finn dei strategiane som er formålssteinlege for dei.
Vi deler gjerne skriveprosessen inn i desse fire fasane:
1. Førskrivingsfase |
Kva er formålstenlege strategiar før skrivinga tek til? |
2. Skrivefase |
Kva er formålstenlege strategiar for å komme i gang med skrivinga og lage eit førsteutkast?
|
3. Revisjonsfase |
Kva er formålstenlege strategiar for å revidere utkast?
|
4. Sluttføringsfase |
Kva er formålstenlege strategiar for å ferdigstille teksten?
|
Film: Gode skrivestrategiar
Denne filmen viser eit heilskapleg undervisingsopplegg som gir lærarar kunnskap og idear til korleis dei kan arbeide for å utvikle elevane sine skrivestrategiar i dei ulike fasane av skriveprosessen.
Film: Å lede gode skriveprosesser
Denne filmen tematiserar korleis læraren kan lede gode skriveprosessar slik at elevane kan utvikle formålstenlege skrivestrategiar.
Korleis hjelpe elevar som strevar med skriving?
Lågt presterande skrivarar har behov for mykje støtte i alle delar av ein skriveprosess. Krav, forventningar og vurdering må vere i samsvar med det eleven kan meistre, og den rettleiinga som blir gitt, må tilpassast den enkelte eleven.
Eit døme på korleis ein eksplisitt kan jobbe med skrivestrategiar er Self Regulated Strategy Development-modellen (SRSD-modellen), som har som formål å hjelpe elevar med skrivevanskar (Graham & Perin, 2007). Modellen legg vekt på at elevane som strevar med skriving, må få lære dei same strategiane som dei gode skrivarane bruker. SRSD-modellen er delt inn på følgjande måte:
- Utvikle kunnskap om kva strategiar elevane har behov for å lære seg og kvifor det er formålstenleg å bruke desse strategiane.
- Beskrive og diskutere strategien. Elevane får i oppdrag å beskrive forholdet sitt til skriving og kva dei gjer når dei skriv. Elevane får òg i oppgåve å finne eit aspekt ved eiga skriving som dei ønsker å forbetre.
- Læraren modellerer og viser korleis den aktuelle strategien kan brukast. Nokre strategiar må modellerast mange gangar før elevane klarer å bruke dei som ein naturleg del av sin eigen skriveprosess. Det er òg viktig at elevane set seg eigne mål og finn fram til dei strategiane som er mest formålstenlege.
- Memorere og prøve ut strategien slik at strategien kan takast i bruk automatisk. Her må elevane få hjelp og rettleiing dersom dei har behov for det.
- Ta i bruk strategiane. Dette er hovudformålet med SRSD-modellen. No skal elevane kunne bruke dei innlærte strategiane med liten eller inga støtte. Det er òg viktig at elevane evaluerer og reflekterer over om strategiane dei brukar fører til at dei skriv betre tekstar.
I tillegg til dei stega som er beskrivne til no, er òg entusiasme, elevmedverknad, samarbeid, tydelege kriterium, autentisk skriving, støttande læringsmiljø, funksjonell respons og systematisk arbeid med skriving viktige faktorar i arbeidet med å utvikle elevane til sjølvstendige, motiverte og gode skrivarar (Graham, Harris & Santangelo, 2008).
Referansar og kjelder
- Bakgrunnsdokumentet til ungdomstrinn i utvikling: Når skrivinga blir vanskelig.
- Boscolo, P. (2009). Engaging and Motivating Children to Write. In R. Beard, D. Myhill, J. Riley & M. Nystrand, The SAGE Handbook of Writing Development (300-312). Los Angeles: SAGE.
- Graham, S., Harris, K. R., & Santangelo T. (2008). Using self-regulated strategy development to support students who have «Trubol giting thangs into werds». Remidal and Special Education, 29 (2), 78-89.
- Graham, S., & Perin, D. (2007). Writing next: Effective strategies to improve writing of adolescents in middle and high schools. A report to Carnegie Corporation of New York. Alliance for Excellent Education. Carnegie Corpration of New York.
- Hertzberg, F. (2006). Skrivekompetanse på tvers av fag. I E. Elstad & A. Turmo (red), Læringsstrategier. Søkelys på lærernes praksis (s.111–126). Universitetsforlaget.
- Hoel, T. L. (2009). Utprøvande skriving i læreprosessen. I: R.T. Lorentzen og J. Smidt (red.), Å skrive i alle fag. Oslo: Universitetsforlaget, s. 39-50.
- Kvithyld, T., Kringstad, T. & Melby, G. (2020). Gode Skrivestrategier (2. utgave). Cappelen Damm Akademisk.
- Mossige, M. (2010). Skrivetrappa. Stavanger: Lesesenteret, Universitetet i Stavanger.
- Myran, I. H. (2013). Skriving tar tid og humør. En kvalitativ masterstudie i spesialpedagogikk som ser på lavt presterende skriveres opplevelse av skriving.