Skrivesnakk

Skrivesnakk er eit tilbod om skriverettleiing for alle NTNU-studentar ved Institutt for lærarutdanning.

Er du ILU-student?

Skulle du hatt nokon å snakke med om oppgåva du skriv på? Er du usikker på struktur, kor du finn kjelder eller korleis du kjem i gang med skrivinga?

Kvar måndag og onsdag (kl. 13-15) kan du snakke med ein av skriverettleiarane våre, anten fysisk på Lysholmbiblioteket eller digitalt. Rettleiarane våre er studentar som har mykje erfaring med akademisk skriving. Dei kan bidra med skrivetips på oppgåver av alle slag og i alle fag.

To skriveveiledere på stand for Skrivesnakk 2024
Logo til Skrivesnakk
Illustrasjon til Skrivesnakk-prosjektet
Illustrasjon: Turi Marte Brandt Ånerud.

In english:

Together with the Norwegian section and the library at the teacher education program at NTNU, we offer writing guidance for all ILU students. "Skrivesnakk" (Writing Talk) is an offering for all ILU students. 

Do you need someone to talk to about the task you are writing? Are you uncertain about the structure, where to find sources or how to get started with writing?

Every Monday and Wednesday (13:00-15:00) you are welcome to talk to one of our writing tutors. The writing tutors are students who have a lot of experience with academic writing. They can provide writing tips for all types of tasks. You can get guidance in person or digitally.

Møt rettleiarane våre

Nora Mjelde Litland og Vilde Næss er skriverettleiare på Skrivesnakk. Både Nora og Vilde er femteårsstudentar på lærarutdanninga med norsk som masterfag.

NORA

Skriveveileder på Skrivesnakk

Eg går femte året på grunnskulelærarutdanninga 1.-7. med master i norsk. Elles har eg hatt matematikk, kroppsøving og engelsk. Eg er glad i litteratur og språk, men kan hjelpe deg med det meste innafor tekstskriving!

VILDE

Skriveveileder på Skrivesnakk

Hei! Vilde heiter eg og går no femte året på grunnskulelærarutdanninga 5.-10. og held på med ei master i norsk. Tidlegare har eg jobba som læringsassistent og har undervisningsfaga KRLE og kroppsøving. Eg har alltid vore veldig glad i skriving og håpar å kunne hjelpe den som skulle ønske seg tilbakemeldingar og støtte uansett kva skrivefase ein er i.

Ops, korleis går eg laus på skrivehandlinga?!

Skriveoppdrag

Aktivitetar i regi av Skrivesnakk 2023/24

Forutan vårt faste tilbod om skriverettleiing, tilbyr vi også følgjande aktivitetar:

  • Skriveverkstad/workshops
  • Kurs for studentar
  • Arrangement for studentar med norsk som andrespråk
  • Gjesteforelesingar

Neste arrangement

  • Skriveverkstad (workshop) 25. november 2024 (drop-in).
  • Seminar om akademisk skriving og norsk som andrespråk (vår 2025)*
  • Seminar om akademisk skriving i skriverobotenes tidsalder (høst 2025)*

*Begge seminarene er finansiert av rektors midler til tiltak for likestilling og mangfold ved NTNU.

Tidlegare arrangementer

  • Skriveverkstad (8. mai 2024)
  • Skriveverkstad (5. mars 2024)
  • Skriveverkstad (21. november 2023)
Skrivesnakks skriveverksted november 2023
Skriveversted med Skrivesnakk på Kalvskinnet 2023
Plakat med promotering for workshop med Skrivesnakk høsten 2024

Personar

Skrivesnakk blir drifta av følgjande personar ved Institutt for lærarutdanning:

Leiar: Anna Ruth Grüters

Administrativ koordinator: Ingvild Håkestad

Mentorar / Fagstøtte:

Læringsassistentar / Skriverettleiarar:

  • Nora Mjelde Litland
  • Vilde Næss

Tidlegare tilsette:

  • Irmelin Kjelaas (prosjektleiar)
  • Eline Haagensen (læringsassistent)
  • Elena Boglis (læringsassistent)
  • Alvilde Johre Eidhammer (læringsassistent)

Aktuelle ressursar

Hvordan skrive en god akademisk tekst?

12. februar 2024 | Kommentarer er skrudd av for Hvordan skrive en god akademisk tekst?
Skrivertempelet I formatet 3:2

En retorisk tilnærming til akademisk skriving.

Akademisk skriving

13. januar 2021 | Kommentarer er skrudd av for Akademisk skriving

For mange studenter er spranget fra videregående skole til høyere utdanning stort, og mange studenter strever med å beherske de kravene som stilles til fagskriving.

Forskar du på akademisk skriving?

Skrivesenteret er ein del av samarbeidsprosjektet SkrivBiB – ein database over nordisk skriveforsking. Her får du enkel og rask tilgang til publikasjonar om mellom anna akademisk skriving.