Vil du ha fleire verktøy til å undervise i nynorsk som sidemål?

Lærarutdanninga i Sogndal, Høgskulen på Vestlandet, set i gang eit vidareutdanningskurs i nynorsk sidemålsdidaktikk for alle det er aktuelt for. Emnet startar til hausten, er på 15 studiepoeng og er heildigitalt.

Elev på ungdomsskole / Vgs som diskuterer med lærer

Dette er eit emne som legg særleg vekt på skriving og skrivedidaktikk, for erfaringar tilseier at det særleg er det å lære og motivere elevane til å skrive nynorsk som er utfordrande i norsklærarkvardagen. Til grunn for emnet ligg utforskande språkdidaktikk. Dette vil seie metodar som tek utgangspunkt i at elevane brukar kunnskapen sin om sitt eige talespråk og om andre språk (til dømes bokmål) og får hjelp til å systematisk utforske og forstå strukturar i talemåla sine og i bokmål samanlikna med nynorsk. I kurset ligg òg eit intensivt nynorskkurs tilpassa lærarar. Her vil me bruke metodar frå utforskande språkdidaktikk, slik at du som vidareutdanningsstudent også møter metodane i praksis.

Her er meir informasjon om emnet og korleis du søkjer: Undervisning i nynorsk som sidemål - Høgskulen på Vestlandet