Utvikling av personalet sin profesjonsfaglege digitale kompetanse
Ulike kartleggingar av den digitale tilstanden i norske barnehagar viser at barnehagetilsette ønsker og har behov for meir kunnskap om digitale verktøy i praksis.
Digitale verktøy har gått som ein raud, men tynn tråd gjennom rammeplanar, offentlege dokument og rapportar sidan 1989 (Bølgan, 2018). Likevel viser tre ulike kartleggingar av den digitale tilstanden i norske barnehagar[1] at barnehagetilsette ønsker og har behov for meir kunnskap om digitale verktøy i praksis. Resultata frå alle studiar indikerer at manglande digital kompetanse er ein av dei mest sentrale avgrensingane for pedagogisk bruk av digitale verktøy i barnehagen. Deltakarane uttrykker at det er eit stort kompetansebehov, og særleg i samband med leiken og læringa til barna. Dei uttrykker at dei ønsker kunnskap om korleis digitale verktøy kan støtte og utvikle eksisterande arbeidsmåtar i barnehagen, samtidig som bruken skal ha eit bevisst formål, ta vare på medverknaden til barn og brukast i prosjekt og dokumentasjon av arbeidet (Fjørtoft, Thun & Buvik, 2019). Det er òg nokon tilsette som er bekymra for at digitale verktøy kan skade helsa til barna, vere passiviserande og øydelegge leiken. Bekymringa kan hindre dei i å bli kjente med verktøya og tileigne seg den kompetansen dei treng for å bruke dei konstruktivt. Det er behov for rettleiing, opplæring og støtte i bruk av digitale verktøy. Forventningane til rammeplanen om digital praksis i barnehagen forpliktar både barnehageeigarar, leiarar og resten av dei tilsette i barnehagen til å prioritere profesjonsfaglig digital kompetanse meir systematisk enn det som har vore gjort tidlegare (Bølgan, 2018).
Nokre barnehagar har vore tidleg ute med å bruke digital teknologi saman med barn, mange er langsamt komne etter, medan andre ikkje er komne heilt i gang endå. I ein og same personalgruppe kan dei tilsette ha ulike haldningar, interesser og kunnskap om digitale verktøy. Dette gjer at det er behov for varierande grad av støtte og ulike tiltak som aukar og utvidar personalets profesjonsfaglege kompetanse (Bølgan, 2018). Kunnskap i pedagogisk bruk av teknologi blir vurdert som ein av hovudfaktorane som påverkar omfang og bruk av digitale verktøy i barnehagen (Letnes, 2016). Den siste kartlegginga om den digitale tilstanden i barnehagane, Monitor 2019, indikerer at respondentane tilbyr barna å delta i digitale aktivitetar som dei sjølv føler seg trygge på. Det blir påpeika at det er avgrensande for den pedagogiske bruken at personalet manglar generell kompetanse i bruk av digitale verktøy, og kompetanse i pedagogisk bruk av digitale verktøy (Fjørtoft, Thun & Buvik, 2019).
Gjennom å utvikle den digitale kompetansen til personalet kan barnehagetilsette finne ut meir om kva moglegheiter digitale verktøy har i barnehagen. Kompetansen må omfatte både kunnskap om utstyr, aktuelle appar og digital dømmekraft (Letnes, 2016). Det er langt viktigare enn å ha mange verktøy. Ein slik kompetanse føreset at ein haldar seg oppdatert, reflekterer rundt faglege og etiske problemstillingar og er tydelege rollemodellar (Utdanningsdirektoratet, 2017a). Dette bør derfor sjåast på som eit utviklingsarbeid som går over tid, fordi det tar tid før personalet kan rekne med å ha innarbeidd ein god digital praksis. Å opparbeide seg profesjonsfagleg digital kompetanse går hand i hand med å utvikle barnehagen som ein lærande organisasjon (Bølgan, 2018).
Barnehagebasert kompetanseutvikling
Barnehagebasert kompetanseutvikling er ein måte å arbeide på som involverer heile personalet, og kan bidra til at alle tilsette får eit kompetanseløft gjennom å dele erfaringane sine, lære av kvarandre, og utvikle den digitale praksisen sin saman. Ein føresetnad for å utvikle kompetanse i personalet er å kjenne til kva kompetanse personalet allereie har. Gjennom kompetansekartlegging kjem både kompetanse og opplæringsbehov fram, og lokale ressurspersonar eller såkalla eldsjeler, kan bli synlege (Bølgan, 2018, s. 73). Det blir derfor viktig å ha kjennskap til kva slags digital kompetanse dei ulike tilsette har, kva haldningar dei har til bruk av digitale verktøy i arbeidet med barn, og kor trygg eller bekymra dei er for å ta i bruk teknologi saman med barna i barnehagen.
Bølgan (2018) hevdar at for å nå intensjonen om digital pedagogisk praksis i barnehagen, så bør personalet gå gjennom den eksisterande praksisen sin med eit kritisk og reflekterande blikk. Kva haldningar til bruk av digitale verktøy finst blant dei tilsette i barnehagen deira? Er de nysgjerrige, interesserte, kunnskapsrike eller bekymra for kva den digitale praksisen kan bringe inn i kvardagen? Det er formålstenleg å vite meir om eigne og kvarandre sine digitale kunnskapar og haldningar til digitale verktøy i barnehagen for å kunne utvikle den eksisterande praksisen. Bølgan viser til at i ein og same personalgruppe kan dei tilsette ha ulik innstilling og interesse når det gjeld digitale verktøy, og at dei derfor vil ha behov for ulik støtte og ulike tiltak som aukar og utvidar deira profesjonsfaglige digitale kompetanse. Ho har delt inn desse rollene i fire hovudgrupper, men poengterer samtidig at det er flytande overgangar mellom dei. Dette er henta frå Bølgan si bok Digital praksis i barnehagen (2018, s. 64-66).
Eldsjel
Dette er ein person som tidleg interesserte seg for å bruke digitale verktøy saman med barna. Eldsjela har profesjonsfaglig digital kompetanse. Slik kompetanse kjem ikkje av seg sjølv, så eldsjela har brukt mykje tid på å prøve og feile, diskutere og dele erfaringar med andre. Eldsjela treng inspirasjon til å komme vidare.
Entusiast
Teknologientusiasten er storforbruker av teknologi, surfar mykje på nettet og handterer ulike digitale verktøy og appar. Entusiasten finn stadig noko nytt og prøver det ut. Derfor kan entusiasten ofte få jobben med å gjennomføre digitale aktivitetar, og bli det digitale alibiet til barnehagen. Entusiasten manglar likevel den pedagogiske kompetansen som gjer aktivitetane til noko meir enn ei morosam oppleving der og då. Det blir lita tid for barna til å fordjupe seg i temaet eller verktøyet, undre seg og samtale, og liten samanheng mellom aktivitetane som blir sette i gang og det andre arbeidet i barnehagen.
Repeterer
Repetereren fotograferer og heng bilda på veggen, slik det vart gjort då personalet brukte det analoge kameraet. Nettbrettet blir brukt på fastsette tider og med spill-appar som barna synest er morosame. Aktivitetane blir gjentatt om og om igjen, barnehagen tråkkar rundt i sine eigne spor, men kjem ikkje vidare. Repetereren treng profesjonsfagleg digital kompetanse for å sjå korleis barna kan trekkast med i kreative og skapande aktivitetar.
Bekymra
Nokon er bekymra for at digitale verktøy kan skade helsa til barna, vere passiviserande og øydelegge leiken. Dei ser kanskje for seg barn som ei einskapleg gruppe der alle er like sårbare, blir utsett for ei rekke farar dersom dei tar i bruk verktøya, og ønsker å verne barna. Barna har ofte stor kunnskap om verktøya og kan oppleve eit gap mellom barnehagelivet og livet utanfor barnehagen. Dei som er bekymra kan vere usikre på sine eigne evner, og vegrar seg for å ta verktøya i bruk. Eller kanskje overskygger minna om eigen barndom for innsyn i den verda dagens barn veks opp i. Bekymringa kan hindre dei i å gjere seg kjend med verktøya og skaffe seg kompetanse til å forstå at dei kan brukast til noko konstruktivt. Dei som bekymrar seg treng rettleiing, opplæring og støtte.
Både eldsjela, entusiasten, repetereren og den som bekymrar seg treng å utvikle kompetansen sin, men på ulike måtar. Nokon treng påfyll i form av ein konferanse eller eit kurs, andre treng rettleiing for å sjå samanhengar mellom digitale verktøy og pedagogiske aktivitetar. Den som har liten erfaring med digital teknologi treng støtte og oppmuntring til å komme i gang.
I fagfilmen Personalets profesjonsfaglige digitale kompetanse ser vi at barnehagetilsette fortel om at dei har vore skeptiske til å bruke digitale verktøy, men at dei har lært kor gøy og motiverande det kan vere – og ikkje minst at det ikkje er så farleg å bruke teknologi saman med barna. Dei fortel om korleis dei arbeider for å utvikle profesjonsfaglig digital kompetanse på einingane sine. Dei vektlegg sterkt tydinga av at leiinga er interessert, engasjert og støttande i utforskinga og bruken deira av digitale verktøy. Dei er samtidig opptatt av at alle ikkje treng å kunne alt, men at alle har dei same moglegheitene til å utvikle seg. Dei har ressurspersonar som held interne kurs med workshop og opplæring i korleis digitale verktøy kan brukast i barnehagen. Ressurspersonar er her tilsette som har tileigna seg ein profesjonsfaglig digital kompetanse, og som er villig til å dele kunnskapen sin med andre tilsette. Desse barnehagane har funne måtar å arbeide på som bidrar til å utvikle personalet sin profesjonsfaglege digitale kompetanse, noko som igjen bidrar til å utvikle den digitale praksisen i barnehagen.
[1] Fjørtoft, Thun & Buvik, 2019, Jacobsen, Loftsgarden & Lund, 2013 og Jacobsen, Kofoed & Massimo, 2015.
Referansar
- Bølgan, N. (2018). Digital praksis i barnehagen.Bergen: Fagbokforlaget.
- Fjørtoft, S. O., Thun, S. & Buvik, M. P. (2019) Monitor 2019. En deskriptiv kartlegging av digital tilstand i norske skoler og barnehager. Trondheim: Sintef digital. Henta frå: https://www.udir.no/contentassets/92b2822fa64e4759b4372d67bcc8bc61/monitor-2019-sluttrapport_sintef.pdf.
- Jacobsen, H. , Loftsgarden, M. & Lundh, S. (2013). Barnehagemonitor 2013. Barnehagens digitale tilstand. Oslo: Senter for IKT i utdanningen. Henta frå: https://www.udir.no/globalassets/filer/tall-og-forskning/rapporter/2013/barnehagemonitor-2013.pdf.
- Jacobsen, H., Kofoed, T. & Massimo, L. (2015). Barnehagemonitor 2015. Den digitale tilstanden i barnehagen. Oslo: Senter for IKT i utdanningen. Henta frå: https://www.udir.no/globalassets/filer/tall-og-forskning/rapporter/2016/barnehagemonitor-2015.pdf.
- Letnes, M-A. (2016). Barns møter med digital teknologi. Digital teknologi som pedagogisk ressurs i barnehagebarns lek, opplevelse og læring.Oslo: Universitetsforlaget.
- Kunnskapsdepartementet (2017). Rammeplanen for barnehagen. Innhold og oppgaver. Oslo: Utdanningsdirektoratet.
Barnehagen sin digitale praksis
Denne artikkelen tilhøyrer læringsressursen Barnehagens digitale praksis som har som formål å bidra til å styrke den digitale praksisen til barnehagen og barnehagepersonalet sin profesjonsfaglege digitale kompetanse.
Artikkelen tilhøyrer Modul 2 || Fagsamling 5.