
Variert undervisning
Korleis kan undervisninga varierast på ein måte som skapar motivasjon for læring?
Tipsheftet I skrivande stund inneheld praktiske aktivitetar til arbeidet med lese- og skrivestrategiar. Filmen Aktiv læring utfyller heftet ved at den illustrerer ei rekkje øvelsar som kan skape motivasjon og bidra til tilpassa undervisning. Både heftet og filmen har fokus på emnehjelp i førskrivingsfasen (byggje kunnskap).
Til slutt i heftet finn du eit etterord som set tipsa inn i ein skrivefagleg samanheng. Etterordet er ei god hjelp i arbeidet med lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter i alle fag. Heftet kan lastast ned på begge målformer og på samisk.
Publisert 20. september 2021
(Sist revidert 19. april 2024)