That´s not my monster!
Autentiske bøker på engelsk er ein fin inngang til å lære språket.
Pekebøker og såkalla «touch and feel»-bøker er artige å jobbe med dei første skuleåra. I dette undervisningsopplegget er det teke utgangspunkt i ein «touch and feel»-bok. Boka bruker adjektiv til å beskrive ulike kroppsdelar. Bileta i boka er kledde med ulike teksturar slik at ein kan kjenne på dei. På den måten skjønner elevane raskt kva dei ulike orda betyr.
Gjennom enkle setningar er målet at elevane skal auke ordtilfanget sitt og få kunnskap om setningsstruktur.
Elevane skal lage si eiga bok med utgangspunkt i modellteksten. Boka kan få tittelen «That´s not my monster». Fokuset er å skrive namn på kroppsdelar og bruke adjektiv til å beskrive kroppsdelane. Inni boka skal elevane teikne ulike monster. Under bileta skal dei beskrive monsteret gjennom å bruke setninga: «That´s not my monster», og deretter fullføre setninga om kvifor det ikkje er monsteret deira.
That´s not my monster. His ears are too soft.
That´s not my monster. His eyebrows are too hairy!
That´s not my monster. His paws are too fluffy!
I staden for monster kan ein lage bok om eit kosedyr eller eit husdyr. «That´s not my teddy bear ...» eller «That´s not my cat ...».
Framgangsmåte
- Les boka høgt for elevane. Ha gjerne sidene skanna på tavla.
- Les boka ein gong til. Skriv ned kva kroppsdelar som blir nemnde og kva adjektiv som blir nytta. La elevane skrive ned orda slik at dei kan nyttast som ein ordbank.
- Vis fram namn på andre kroppsdelar og adjektiv som kan vere nyttige. Lag ordlister saman. La gjerne elevane skrive dei ned, eller skriv ut ein til kvar elev.
- Elevane vel tittelen på boka. Til dømes «That`s not my monster», eller «That`s not my teddy bear».
- Boka illustrerast og elevane skriv setningar etter modellen i boka.
- Bøkene lesast opp og stillast ut i klasserommet.