Språkverkstad
Korleis kan vi bidra med å utvikle fagspråket til elevane?
Hagaløkka skole har mange elevar med ulike nasjonalitetar. Denne skulen er opptatt av å arbeide med variert språk for at alle elevane skal få utvikle eit fagspråk som er nødvendig for å lykkast både i skole og arbeidsliv.
Ein av metodane Hagaløkka nyttar er språkverkstad.
Formålet med språkverkstaden er at alle elevane skal involverast og utvikle eit skolespråk. Mange elevar snakkar eit kvardagsspråk som kan vere uhensiktsmessig å nytte når ein til dømes skal lese eller skrive ein fagtekst. Då er det nødvendig at elevane forstår og kan nytte eit meir akademisk språk.
Korleis kan skolen legge til rette for at elevane går frå eit uformelt til eit formelt språk?
Det mest sentrale ved denne metoden er at heile klassen jobbar grundig med ulike omgrep som blir sett inn i naturlege kontekstar. Læraren vel ut to ord som klassen bruker god tid på «å utforske». Desse omgrepa blir nytta på mange ulike måtar slik at elevane får ei djupare forståing av kva dei betyr og når det er formålstenleg å nytte dei.
Metoden er bygd opp etter følgjande element:
- idémyldring med læringspartnar
- felles tankekart
- prøve å definere ordet med læringspartnar
- utarbeide ein felles definisjon i klassen
- jobbe med forma til ordet, innhald og bruk ved hjelp av eit fast skjema
- etterarbeid i form av lese- og skriveoppgåver eller munnlege oppgåver.