Skriving av mikrotekstar
Når elevane skriv mikrotekstar, må dei arbeide aktivt med språket
Å la elevane skrive korttekstar, for eksempel twitternoveller, kan vere motiverande for mange elevar. Når elevane skriv slike mikrotekstar, må dei formidle ei heil historie med svært få ord, og slik får dei trening i kunsten å antyde. Lesaren av teksten må «lese mellom linjene» for å forstå bodskapen. Slike tekstar er kjenneteikna av eit presist og fortetta språk, og for å skrive desse tekstane, må elevane derfor arbeide aktivt med språket. Dette er nyttig skrivetrening som har overføringsverdi også til andre skrivesituasjonar.
Mikrotekstar er også godt eigna for skriving på sidemålet. Omfanget på tekstane er avgrensa og oversiktleg og er gjerne meir overkommeleg for elevar som enno ikkje har mykje trening i å skrive på sidemålet. Samstundes set denne teksttypen krav til at elevane arbeider aktivt med språket og tar medvitne språklege val. Det avgrensa omfanget på tekstane gjer det også mogleg for læraren å gi rask respons undervegs i skrivearbeidet.
Før elevane skal skrive eigne mikrotekstar er det hensiktsmessig å lese og dekonstruere slike tekstar saman med elevane. Læraren må vise eksplisitt kva det vil seie å antyde noko. Her er det mange gode eksempeltekstar å finne på nett. Sjå til dømes Frode Grytten si samling av twitternoveller.
I fotstega til Hemingway
Det starta visstnok med Ernest Hemingway på ein bar. Han vedda om at han kunne skrive ei fullgod novelle med berre seks ord. Og han vann veddemålet.
For sale. Baby shoes. Never worn.
Det er fin språktrening å utfordre elevane sine til å skrive slike fortetta seksordsnoveller. Her kan elevane vere tekstmottakarar for kvarandre og få omgåande respons på historia som utspelar seg mellom dei seks orda i novella.
Twitternovelle som inspirasjon for skriving
Ein annan populær mikrotekstsjanger er twitternovella. Forfattar Frode Grytten la i over eit år ut ei twitternovelle kvar kveld. Twitternoveller fortel ei historie ved å bruke maksimalt dei 140 teikna ein har til rådigheit i ein tweet.
Frode Grytten @FrodeGrytten
Rommet hennar lyser av sms. Ho kan telje 22 stavefeil på fem meldingar. Bodskapen er likevel klar: Verdas største idiot (14) har slått opp
Skriv ein svært kort tekst
På hovudmålseksamen i 2015 vart elevane bedne om å skrive ein svært kort tekst inspirert av Grytten sine twitternoveller som låg i førebuingsmateriellet. I oppgåva var det ikkje gitt føringar for kva ein svært kort tekst skulle vere, men oppgåvebestillinga bad elevane om å skrive kortfatta når dei skulle fortelje ei historie om «svolt».
Her kan du lese korleis to av eksamenskandidatane løyste oppgåva:
Jeg er så mett, men likevel så sulten. Sulten på noe annet. Sulten på det jeg ikke har, sulten på det store, det å utrette noe og bli størst, her og nå, jeg må ha mer. Tenkte mennesket, samtidig som det sakte men sikkert ødela planeten som snart ikke maktet mer av menneskets grådighet.
«Hundre meter igjen nå», tenker jeg. 5 kilometer har jeg lagt bak meg, det er kun en halv runde igjen. Sulten på seier har jeg hatt i hele dag, og tørsten gnager i meg. Jeg krysser målstreken. Jubelen fra millioner av mennesker rister i meg når jeg går opp de tre trappetrinnene til 1.plassene på pallen. Ingen andre kjenner følelsen av seier, lykke og suksess bedre enn meg nå. «Man trenger ikke armer for å oppnå det man ønsker i livet. Likevel skulle jeg gjerne hatt noen så jeg kunne løfte dem opp og juble med alle tilskuerne», tenker jeg, før jeg går for å finne en hjelpende hånd for å få hjelp til å drikke vann.
Det er formålstenleg å bruke gode elevtekstar som modelltekstar i klasserommet. Elevtekstane vil ofte vere nærare det Vygotskij kallar den proksimale utviklingssona enn tekstar skrivne av profesjonelle forfattarar og kan såleis vere ei større inspirasjonskjelde for elevane si skriving.
Fordelane ved å arbeide med mikrotekstar:
- Fremmar kreativ skriving
- Er ein avgrensa og overkommeleg teksttype
- Elevane får trening i «kunsten å antyde»
- Kan nyttast som god skrivetrening på hovudmål og sidemål
- Kan knyttast til mange ulike tema
Relevante lenker
- Les meir om modellering og modelltekstar.
- Les meir om dekonstruksjon av tekst saman med elevane.
- I heftet «Treffsikker undervisning», som er mynta på programfag i vidaregåande skule, kan du lese meir om korleis ein kan arbeide med twitternoveller.
- NRKbok utfordrar til skrivetevling på Twitter.