Sammenhenger i læringsløpet
Korleis kan barnehage og skole legge til rette for ein trygg og god overgang?
Overgangen frå barnehage til skole kan vere både spennande og skremmande for mange barn. Den nye rammeplanen påpeikar at barnehagen, i samarbeid med foreldre og skole, skal legge til rette for at barna kan få ein trygg og god overgang til skolen. Han poengterer òg at barnehage og skole bør utveksle kunnskap og informasjon som utgangspunkt for samarbeid om tilbodet til dei eldste barna i barnehagen, overgangen deira til og oppstart i skolen (Kunnskapsdepartementet, 2017).
Det er ulike tradisjonar for korleis barnehagar og skolar samarbeider om overgangen til barna frå barnehage til skole. Nokre barnehagar har overføringssamtalar med skolen der dei gir opplysningar om barnas sterke sider og eventuelle utfordringar dei har hatt i barnehagen. Dette kan handle både om språkleg, sosial og motorisk utvikling, vennskap og korleis det enkelte barnet held seg i barnehagen. Det kan òg vere informasjon om korleis dei lærer, og korleis dei best bør møtast av lærarar på skolen der dei skal byrje.
Nokre skolar arrangerer førskoledagar der barna får komme på besøk og kjenne litt på korleis det er å vere på skolen. Den nye rammeplanen forpliktar barnehagen til å samarbeide med skolen i samband med overgangen, og her kjem to filmar med gode døme på korleis det kan gjerast.
Den første filmen er henta frå Språkløyper, og viser korleis barnehagar og skolar i Trondheim samarbeider om overgangen både i forhold til kva informasjon barnehagen deler med skulen, men òg om korleis dei prøver å legge til rette for ein trygg og god overgang. Pedagogar og lærarar fortel mellom anna om korleis dei samarbeider om mellom anna eit felles årshjul, fordeling av ansvar og overføringsmøte i samband med overgangen.
Den andre filmen er òg henta frå Språkløyper, og handlar om Hagaløkka skole i Asker. Det er ein fleirkulturell skole som har opptil 60 prosent fleirspråklege elevar. På Hagaløkka har dei tilsett ein overgangslærar som jobbar både i barnehage og skole. Dei har òg «Skoleklubb», eit tilbod til alle barn og føresette det siste halve året før skolestart. Filmen er utarbeidd av NAFO for Språkløyper.
Rammeplanen hevdar at dei eldste barna skal få glede seg til å byrje på skolen og oppleve at det er ein samanheng mellom barnehage og skole. Barnehagen skal legge til rette for at barna har med seg erfaringar, kunnskapar og evner som kan gi dei eit godt grunnlag og motivasjon for å byrje på skolen. Barnehagen skal bidra til at barna kan avslutte barnehagetida på ein god måte og møte skolen med forvitenskap og tru på eigne evner. Barna skal få bli kjente med kva som skjer i skolen før dei byrjar der (Kunnskapsdepartementet, 2016). Dette fordrar at barnehage og skole samarbeider om å bidra til ein trygg og god overgang for barna/elevane.
I filmen under kan vi få høyre førskulebarn sjølv fortelje kva dei synest dei lærer i barnehagen. Dei fortel òg om korleis dei trur lærarane er, og korleis dei trur det vil bli å byrje på skolen.
Filmen viser òg barn som nettopp har byrja i første klasse. Dei fortel om kva dei lærer på skolen, og om det er noko av det dei lærte i barnehagen som dei har bruk for i skolen. Her er det mange fine innspel og gullkorn. Denne filmen er òg henta frå Språkløyper, og han er absolutt verd å sjå for fagpersoner i barnehage og skole.
Refleksjonsspørsmål
- Kva samarbeid er det mellom barnehage og skole der du/de arbeider, og på kva måte bidrar det til ein trygg og god overgang for barna?
- Kva informasjon om enkeltbarn er relevant å formidle til skolen?
- Kva treng barn å ha med seg av kompetanse «i ryggsekken» når dei skal byrje på skolen?
Relevante linkar
- Fortellerkompetansen 1. klassingene har med seg fra barnehagen må tas bedre vare på av Trude Hoel v/Lesesenteret.
- Språkløyper: Overgang fra barnehage til skole.
- Samarbeid og sammenheng mellom barnehage og skole for barn med flerspråklig bakgrunn (Utdanningsdirektoratet)
- Kunnskapsdepartementet (2017). Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver (2017).