La skulen din arrangere spørjedag
Visste du at det finst ein eigen dag for «dumme» spørsmål?
I USA har ein hatt ein slik dag sidan 1980-talet, ein såkalla «Ask a Stupid Question Day», den 28. september. Dagen vart initiert av ei gruppe lærarar som innsåg at elevane nølte med å stilte spørsmål i klasserommet i frykt for å høyrast dumme ut. Formålet med dagen er at elevane fritt og anonymt kan få stille slike spørsmål som dei ikkje har fått seg til å stille tidlegare. Derfor er «Ask a Stupid Question Day» eigentleg ikkje ein dag for dumme spørsmål, men snarare ein dag for å kunne dele nysgjerrigheita si med klassen utan å vere redd for å bli latterleggjord.
Det einaste dumme spørsmålet er det som aldri blir stilt.
Også andre stader i verda, som i England og India, arrangerer skular ein slik dag. Så kvifor ikkje innføre han også i Noreg? Ein slik spørjedag kunne vi på norsk kalle «SOS-dagen», ikkje berre fordi det er ei forkorting for «spørsmål og svar», men fordi det å stille oppriktige og viktige spørsmål kan vere eit rop om hjelp til å forstå seg sjølv og verda.
Forslag til opplegg på SOS-dagen (siste skuledag i september):
- Lærer lagar ein kort presentasjon med ulike spørsmål og svar. Spørsmåla kan gjerne vere naive og pinlege. Poenget er å oppmuntre elevane til sjølv å spørje fritt.
- Elevane skriv spørsmåla sine på ein lapp som blir lagd i ein hatt. Læraren trekkjer lappar i løpet av dagen og svarar på spørsmåla.