Kreativ skriving i norskfaget
Kva er eigentleg kreativ skriving i norskfaget? Er kreative tekstar plankeoppgåver, eller er dette komplekse oppgåvetypar som elevane for ein kvar pris må unngå?
Kjersti Rognes Solbu er lektor i norsk ved Fyllingsdalen vidaregåande skole og universitetslektor ved Skrivesenteret. I denne fagfilmen diskuterer ho nokon av dei førestillingane om kreativ skriving som ho har møtt hos elevar og lærarar. Fagfilmen kan brukast som utgangspunkt for å identifisere kreative element i to elevtekstar vi lenkar til under.
Les ein av dei to tekstane under og vurder:
- Kva er kreativt i denne teksten?
- Leit etter element på struktur- eller språknivået til innhalds- som opplevast som nytt, friskt eller originalt i ein elevkontekst.
- Er teksten eit føremålstenleg svar på oppgåva?
- Kvifor/kvifor ikkje?
- Tror du det ikke? Du vet det jo! – Elevtekst frå eksamen i norsk på vg3 til utskrift.
- Justin Bieber forgudes til det ekstreme – Elevtekst frå eksamen i norsk på 10. trinn til utskrift.
Avgrensing som kreativ metode
Det å skulle svare på ein heilt open skriveoppgåve er ofte vanskeleg. Ein velprøvd kreativ metode er å setje avgrensingar og skape nye rammer for skrivinga. Kan ein skrive ein novelle på berre 140 teikn?
Frode Grytten om rammer som utløyser kreativitet:
I filmen snakkar Frode Grytten om korleis ulike rammer og avgrensingar for skrivinga kan verke forløysande på kreativiteten, medan total fridom gjer at han blir språklaus. Han nemner fleire former for rammar, som å skrive kort, å følgje ein struktur eller unngå å nytte ein bestemd bokstav eller eit vanleg ord. Vi har laga eit idédokument med ulike korte skriveoppgåver som lèt elevane skrive korte tekstar med ulike rammer. Vi foreslår at du les gjennom dokumentet og bruker det som inspirasjon for skriveoppgåver der elevane kan øve på å skrive kreativt. Forslaga kan nyttast som korte og avgrensa øvingsoppgåver, eller dei kan nyttast som skrivestartare som deretter skal byggast vidare på til lengre tekstar.
(Klikk på bildet for å opne dokumentet i ny fane)