Korleis kan vi utforske bokstavane saman med barna?
I rammeplanen står det at barna i barnehagen skal få erfaringar med bokstavane.
Å leike med bokstavar
Gjennom å la barna erfare ulike måtar å formidle tekstar på i barnehagen støtter ein deira eigen forståing av språk. Når dei ansatte oppmuntrar barna til å fabulere og leike med språk, lydar, rim og reglar gjer ein barna muligheiten til å utforske bokstavane på ein spanande måte (Rammeplan 2017, s. 49).
Lesesenteret og Nynorsksenteret har i samarbeid med forfattar Erna Osland laga ressursen Bokstavsommaren som består av av 29 tekstar, ein for kvar bokstav i alfabetet.Tekstane kan lesast som ei samanhengande forteljing, men det er òg mogleg å lese dei ulike bokstavforteljingane frittståande. På den måten kan ein sjølv velja kva for ein bokstav du startar med og kor mange bokstavar ein ønskjer å arbeida med.
Barna får ein mogligheit til å bli kjende med og utforska bokstavar i ein meiningsfull og spanande kontekst saman med andre barn og ein vaksen, seier Trude Hoel, førsteamanuensis ved Lesesenteret.
Tekstane er illustrert av Inger Lise Belsvik som er grafikar, teiknar, illustratør og forfattar.
Refleksjonsspørsmål
- Korleis motiverar du alle barna i din barnehage til å leike med bokstavane og bokstavlydane?
- Kvifor er det viktig og ha fokus på bokstavlydane og ikkje bokstavnamnet?