Ordjakt
I denne ressursen viser vi korleis leik og læring heng saman når førstetrinn driv med skriveopplæring.
Leikande læring
Formålet med skriveaktiviteten er at elevane skal få ta i bruk dei bokstavane dei har lært seg, eller er på veg til å lære seg.
Her får elevane springe rundt i skogen på ordjakt. Dei må hugse ordet og korleis det blir stava heilt til dei returnerer til basen sin. Basen er akkurat langt nok unna til at det blir ei spennande utfordring. Til slutt skriv elevane ned orda dei har funne på kvart sitt ark.
– Kva skjer viss dei gløymer korleis ordet blir skrive, då?
– Det er ikkje så nøye. Spør læraren, eller spør ein venn.
Her er det med andre ord ikkje det rette som er det viktige. Målet er at elevane skal få ta bokstavane i bruk, så her det ingenting i vegen for å spørje om hjelp om det er noko dei er usikre på.
T for tur
Uteskule skaper variasjon i skulekvardagen. Mange elevar, spesielt dei yngste, synest det å sitje stille på skulebenken kan vere utfordrande til tider. Då er det kjærkomme med ein tur i nærområdet.
I den overordna delen i læreplanen står det at skulen skal leggje til rette for leik, og at det er nødvendig for trivsel og utvikling. Vidare står det:
... også i opplæringen som helhet gir lek muligheter til kreativ og meningsfylt læring
(Utdanningsdirektoratet, 2017)
Elevar som trivst lærer også betre. Gjennom å tilby dei yngste elevane variasjon i læringsarenaer der dei kan utforske og leike saman andre gir dei gode høve til å delta i eigne læringsprosessar. Å tilby aktivitetar som hentediktat utfordrar idéen om korleis elevane lærer best. Det eine er ikkje betre enn det andre, men det finst fleire vegar til målet.
Film: Det hengjer ting i trea!
I denne filmen viser vi korleis ein hentediktat ser ut i praksis. Vi tok turen ut i skogen saman med elevane og lærarane for å oppleve ein litt annleis dag med skriving.