Halloween
Korleis bruke sansane til å skape ein skummel teikneserie eller ei nifs forteljing?
Halloween blir feira den siste kvelden i oktober og har etter siste tusenårsskifte vorte ein populær tradisjon blant barn og unge i Noreg.
I denne ressursen finn du eit høyrespel utan ord som inspirasjon for skapande skriving på mellomtrinnet.
Forslag til undervisingsopplegg til «Halloween – eit høyrespel utan ord»:
- Spel av høyrespelet høgt for elevane, og be dei bruke sansane og forestille seg kva dei trur skjer.
- Etter avspelinga kan elevane skrive ned sine tankar omkring det dei har høyrt.
- Gjennomfør ei felles idemyldring, og skriv ned ideane.
- Elevane lagar kvar sin teikneserie basert på det dei har høyrt og med støtte i idemyldringa. Vel eventuelt ein annan sjanger, til dømes ei skummel forteljing.
Publisert 5. august 2021
(Sist revidert 19. april 2024)