Gjeldande føringar for den digitale praksisen i barnehagen
Digital praksis i barnehagen har komme inn som ein eigen arbeidsmåte i ny rammeplan, og skal bidra til barn sin leik og deira kreativitet og læring.
Her er det forventningar om at personalet aktivt støttar opp om barna sine læreprosesser og bidrar til eit rikt og allsidig læringsmiljø for alle barn gjennom bruk av digitale verktøy. Samtidig skal personalet utforske og eksperimentere med teknologi saman med barna. Barnehagen skal utøve digital dømmekraft og bidra til at barna utviklar ei byrjande etisk forståing knytt til digitale medium (Utdanningsdirektoratet, 2017). I tidlegare rammeplan har det berre vore påpeika at «(...) barn bør få oppleve at digitale verktøy kan vere ei kjelde til leik, kommunikasjon og innhenting av kunnskap» (Kunnskapsdepartementet, 2006, 2011). Det er med andre ord ei tydeleg endring i rammeplanen her. Ordlyden har endra seg frå bør til skal, og det blir presisert ei sterkare forventning om at barnehagen tar i bruk digitale verktøy i kvardagen sin og på alle fagområde. Det handlar om å knyte teknologi saman med det som allereie føregår i barnehagen. Her må personalet sjølv reflektere over kva endringa i rammeplanen inneber for dei pedagogiske arbeida deira (Bølgan, 2018).
Bakgrunnen for endringa i rammeplanen finn vi i Stortingsmelding 19 Tid for leik og læring (2016). Her blir det framheva eit mål om å styrke kvaliteten på det barnehagetilbodet som blir gitt i norske barnehagar. Det er eit ønske om å vidareføre det som er bra i barnehagen, samtidig som han skal utviklast i takt med dei endringane som skjer i samfunnet og dei behova som barnet har i dag og i framtida. Vi har fått ein meir digitalisert kvardag, noko som også vil påverke innhaldet som blir forventa i barnehagen. Teknologisk utvikling går raskt, og vi veit ikkje med sikkerheit kva som vil møte dagens barnehagebarn i framtida. Det vi veit er at digital kompetanse i dag er ein føresetnad for å delta i ulike former for læring og utdanning, og for å delta aktivt i samfunns- og arbeidsliv (Meld. St. 19, 2016).
For å hjelpe til i arbeidet med å implementere ny rammeplan (2017), lanserte regjeringa ein kompetansestrategi for at tilsette jamleg skal få delta i utviklingsarbeid for å auke forståinga si av innhaldet og oppgåvene til barnehagen (Kunnskapsdepartementet, 2018). Eitt tema som blir skisserte i strategien er den digitale praksisen til barnehagen (Kunnskapsdepartementet, 2018). Utdanningspolitiske styringsdokument legg med andre ord føringar for at barnehagar skal innføre og bruke digitale verktøy. Det blir dermed skapt eit ytre press for å setja i gang eit utviklingsarbeid der digital praksis er ein del av utviklinga som ein ønske å oppnå. Det er viktig at kvar enkelt barnehage, nettverk eller kommune er bevisste på at dei kan styre utviklingsarbeidet på eigne premissar og med ein plan for korleis ein ønsker at utviklingsarbeidet skal gå (Bergersen, 2010). Utviklingsarbeid fungerer som oftast best når det er forankra i barnehagen sine eigne behov og ønsker, og tar utgangspunkt i mål og ønsker som dei tilsette sjølv har komme fram til.
Kvifor digital praksis?
Med dei nye krava i rammeplanen kjem òg nødvendigheita av å bruke digitale verktøy på ein reflektert måte. Digitale verktøy kan vere gode pedagogiske verkemiddel i arbeidet til barnehagen, men det er likevel viktig å lytte til kritiske og konstruktive motargument når det gjeld korleis og kor mykje digitale verktøy skal brukast (Bergersen, 2010). Å bruke teknologi er ikkje eit mål i seg sjølv. Det sentrale er korleis teknologien blir brukt i ein pedagogisk samanheng. Det handlar først og fremst om pedagogikk, og at personalet handlar på måtar som skaper trivsel og utvikling hos barna (Bølgan, 2018). Den digitale praksisen til barnehagen må ta vare på den heilskaplege utviklinga til barn, samtidig som rammeplanen presiserer at digitale verktøy skal brukast med omhug og ikkje dominere som arbeidsmåte (Kunnskapsdepartementet, 2017). Ein slik inngang til digital teknologi fordrar pedagogar som er til stades, og som veit korleis teknologien kan brukast i ein pedagogisk samanheng (Letnes, 2018). Det er grunn til å sjå nærare på kva digitale verktøy kan bidra med inn i det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Det finst nemleg uendeleg med moglegheiter, og det treng ikkje å vere dyrt, vanskeleg og avansert.
Teknologi kan skape magi ved å få akebakken til å sjå ut som om han er fylt med gloande lava, eller at sjølvaste julenissen med reinsdyr og slede kan skimtast mellom grantrea i skogen. Teknologi bidrar til at barna får undre seg, forske på og utforske ulike fenomen som dei er interesserte i. Dei får høve til å komme tettare på i undersøkinga av døde froskar, det yrande livet i maurtua, livet i sjøen, og andre ukjente stader som ikkje er like lett tilgjengelege for oss utan slike verktøy. Barna kan bli kjente med koding og programmering, og dei kan skape og produsere filmar og digitale bøker. Ei slik tilnærming til digital praksis er sosial, engasjerande, spennande og interessant for barn. Fokus er på sjølve prosessen og opplevinga som barna er med på, og ikkje på kva slags læring og utbytte dei sit igjen med etterpå. Samtidig kan ho bidra med felles opplevingar og felles referansar, som igjen inspirerer til leik og samspill i andre samanhengar. Ved god pedagogisk bruk vil ikkje digitale verktøy bidra til meir passivitet i kvardagen. Barna blir ikkje digitale konsumentar, men digitale produsentar som aktivt medverkar i eigne utviklingsprosessar. Det føreset refleksjon og bevisste val frå personalets side.
Referansar
- Bergersen, A. (2010). Barnehagepersonalets møter med IKT, i Bergersen, Gjerde & Helland, Digital kompetanse i barnehagen.Bergen: Fagbokforlaget.
- Bølgan, N. (2018). Digital praksis i barnehagen. Bergen: Fagbokforlaget.
- Kunnskapsdepartementet (2006). Rammeplanen for barnehagens innhold og oppgaver. Hentet 29.08.19 fra: https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/kilde/kd/reg/2006/0001/ddd/pdfv/282023-rammeplanen.pdf.
- Kunnskapsdepartementet (2018). Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018-2022). Hentet fra: https://www.regjeringen.no/contentassets/7e72a90a6b884d0399d9537cce8b801e/kompetansestrategi-for-barnehage-2018_2022.pdf.
- Letnes, M-A. (2018). Rammeplanens fortid – nåtid – fremtid, i Moe (red). Boka om kunst og håndverk i barnehagen. (s. 53 – 64). Oslo: Universitetsforlaget.
- Meld. St. 19 (2016), Tid for lek og læring – Bedre innhold i barnehagen. Hentet 29.08.2019 fra: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-19-20152016/id2479078/
- Utdanningsdirektoratet (2017). Rammeplanen for barnehagens innhold og oppgaver. Hentet fra: https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeplan/.
Barnehagen sin digitale praksis
Denne artikkelen tilhøyrer læringsressursen Barnehagens digitale praksis som har som formål å bidra til å styrke den digitale praksisen til barnehagen og barnehagepersonalet sin profesjonsfaglege digitale kompetanse.
Artikkelen tilhøyrer Modul 1 || Fagsamling 1.