
Food Book
Ein song kan vere modelltekst for den tidlege skrivinga i engelsk.
Elevane må tidleg få erfaring med å bruke det engelske språket i ein meiningsfull skrivesituasjon. Dette kan vi gjere gjennom å skrive små tekstar og bøker der skrivaren kommuniserer med lesaren. Mat er eit tema som vil vere noko av det første ein vil ha behov for på feriereiser til andre land. Å kunne lese menyar og å bestille mat er viktig. Gjennom å lage ei «Food Book» kan elevane jobbe med namn på mat, og dei kan lære frasar for korleis vi fortel kva vil liker. I denne boka stiller elevane spørsmål som lesaren skal svare på. På denne måten blir det øvd både på å lese og skrive og å lytte og tale.
Kriterium for skriveoppgåva
- Du skal teikne matvarene du ønsker å skrive om.
- Du skal først skrive om to matvarer, og du skal kombinere desse to matvarenet til ein «ny» matrett.
- Du skal ha med spørsmålet «Do you like…..?» og den matvara du har valt.
- Du må ha med ei rute med Yes or No, på alle sidene, slik at lesaren kan svare på spørsmålet ditt ved å setja kryss på sida
Førskrivingsfasen
På småskolen jobbar ein gjerne med ord for mat. Det er viktig at det blir jobba over tid med å lære namnet på ulike matvarer. Dette kan gjerast ved å øve på frasene «Do you like…?», «Yes, I do» og «No, I don't». Det er òg lurt å jobbe med skriftlege oppgåver der elevane til dømes kan skrive namn på matvarer, lese ord og trekke strek til riktig bilde og bruke ordkort som inspirasjon til munnlege og skriftlege aktivitetar. Det finst òg mange songar som omhandlar dette temaet. Gjennom å synge desse kan ordforrådet aukast. I dette undervisningsopplegget er song brukt som utgangspunk for skriving.
Det finst ulike variantar av songen. Syng gjerne dei ulike variantane fleire gonger for å lære ord og frasar. Gjennom songen får elevane eit klart bilde på korleis strukturen i boka skal bli.
Do you like broccoli?
Yes I do. Yes I do.
Do you like ice-cream?
Yes I do. Yes I do.
Do you like broccoli- ice cream?
No, I don't.YUCKY!
Skrivefase
- Elevane skal skrive ei bok der dei vel seg ut matvarer dei skal kombinere til «nye» rettar. Det er gøy at det er litt utradisjonelle og tullete rettar. I songen som er brukt som modelltekst, lagar dei popcorn-pizza, broccoli-ice cream og sushi-smoothie.
- Elevane får ein «tom» bok der dei skal teikne matvarene og skrive «Do you like...?». Som støtte får dei utdelt ark der ulike matvarer er avbilda, og det engelske ordet står under bildet. I tillegg får dei eit ark med setningsstartarar. Ein kan òg bruke engelske ordkort.
- Elevane skal no teikne ei matvare på kvar side i boka. Under bildet skriv eleven «Do you like ...?» Etter to sider skal dei to matvarene kombinerast til ein ny rett. Ein kan sjølv velje kor mange sider boka skal ha, og dermed kor mange ulike matvarekombinasjonar det blir. På alle sidene skal det òg vere ei rute for «yes» og ei for «no». Her er det meininga at lesaren skal krysse av for om dei liker matvara eller ikkje. Nokre elevar kan skrive mange sider, medan andre vil skrive nokre få sider. På den måten blir opplegget tilpassa til den enkelte eleven.
- Til slutt må bøkene ferdigstillast. Tekstane kan delast i klassen. Dei kan stillast ut på biblioteket, og dei kan lesast for nokon heime. Då er det dei som får setje kryss i boka.
- Undervisningsopplegget som vi har beskrive i denne ressursen, er gjennomført på første trinn, men det kan òg gjerne tilpassast til høgare trinn.
Framheva bilde: NZatFrankfurt, (CC BY-NC 2.0).