
Fagdagar for barnehagar
Tre barnehagar gjennomførte tre fagdagar hos Skrivesenteret på NTNU.
Herøy barnehage har jobba med kollektiv kompetanseutvikling og godt språkarbeid i barnehagen som tema. Sverresborg barnehage og Haukvannet friluftsbarnehagar nytta ressursar frå Språkløyper som kompetanseutviklingsverktøy, og hadde eit særleg fokus på kva som kjenneteiknar eit godt språkarbeid i barnehagen.
Skrivesenteret kan bidra med kurs og fagdagar i barnehagar og kommunar, og kan vere ein utviklingspartnar i arbeid med REKOM - Regional ordning for barnehagebasert kompetanseutvikling.
Publisert 23. februar 2021
(Sist revidert 19. april 2024)