Det gamle Egypt
Mumiar, pyramidar og faraoar er noko dei fleste har høyrt om og som mange er nysgjerrige på. Det er eit godt utgangspunkt for å få til gode tekstar i samfunnsfag.
Det gamle Egypt er eit stort tema som det kan jobbast med på ulike måtar. I dette opplegget er det valt å fokusere på det å skrive samandrag.
Gjennom å jobbe med det å skrive samandrag over tid, vil elevane få erfaring med å formulere kunnskap med eigne ord.
Elevane kan jobbe to og to, individuelt eller i grupper. Målet er at elevane skal bli sjølvstendige og trygge på denne måten å lese og skrive på.
Skildring av arbeidsprosessen
Første delkapittel blir lesne høgt av læraren, og læraren går gjennom korleis ein kan velje ut gode fokusord frå teksten. Her må ein også hugsa å sjå på bilete og bilettekstar. Basert på fokusorda skriv læraren eit samandrag på tavla. Her kan elevane bidra med forslaga sine til setningar og komme med det dei meiner er viktig informasjon. Etterpå kan elevane gjere det same med neste delkapittel. Dei får i oppdrag å lese teksten, finne fokusord og skrive eit samandrag.
Dei neste delkapitla kan jobbast med på same måte. Det er lurt å variere arbeidsforma mellom gruppearbeid, parvis arbeid og individuelt arbeid. Når ein har jobba seg gjennom heile kapittelet i læreboka, og elevane har skrive samandrag til alle eller mange av delkapitla, skal elevane lage si eiga bok/foldar. Boka/foldaren blir laga ved å brette eit stort ark av svart kartong slik at boka kan opnast frå midten.
På framsida kan elevane teikna eit passande motiv med ein fargestift som blir vist på svart kartong.
Inni boka/foldaren skal elevane skrive nokre av samandraga dei har jobba med. Desse skal skrivast inn på små ark som blir limde på kort av kartong. På framsida av kortet skal elevane skrive overskrift og lage ein illustrasjon som passar. Korta blir så limde inn i boka/foldaren. Foldaren kan også innehalde andre produkt elevane har jobba med som tidslinjer, hieroglyfar, teikningar eller liknande.
Bøkene kan stillast ut slik at alle kan lese tekstane til kvarandre. Bøkene kan også presenterast for dei andre elevane i grupper.
Andre tips
Arbeidet med delkapitla kan gjerne gjerast to og to. Elevane skal då lese delkapittelet saman, for så å bli samde om kva fokusord som er sentrale. Deretter formulerer dei eit felles samandrag basert på fokusorda dei har skrive.
Elevane kan i løpet av perioden få i lekse å skrive fokusord og samandrag frå nokre delkapittel. Alternativt kan ein la elevane skrive fokusord i heimelekse, for så å samanlikne orda og jobbe med samandraget på skulen.
Ein kan også la elevane velje mellom to delkapittel. Då kan ein la elevane lese teksten individuelt og notere fokusord. Basert på tekstvalet til elevane, kan dei delast inn i grupper som har jobba med same tekst. Elevane deler fokusorda med kvarandre, og samanliknar om dei har mange av dei same orda, eller om mykje er ulikt. Dei skal grunngi kvifor dei har valt sine fokusord. Gruppa skal no bli samd om fem til ti ord som skal brukast som utgangspunkt til å skrive eit felles samandrag. Når skrivinga er ferdig møtes to og to elevar som har skrive om ulike delkapittel. Læringspara delar det dei har skrive, og på den måten får elevane kunnskap om både det dei får presentert frå andre og det dei har jobba med sjølv.
Elevane kan gjerne gjere andre oppgåver undervegs i arbeidet med temaet. Ein kan kopla inn andre fag som til dømes kunst og handverk, og ein kan variere arbeidsformene internt i faget. Døme på oppgåver kan vere å skrive namnet sitt med hieroglyfar, å lage leirkrukker inspirert av det gamle Egypt eller byggje ein pyramide av sukkerbitar. Berre fantasien set grenser.