Bukkane Bruse skriv postkort
Korleis bruke eventyr og skodespel som utgangspunkt for rettleidd skriving?
Bukkane Bruse er eit eventyr som har vore og er ein viktig del av norsk kulturarv og det er eit eventyr mange barn har eit forhold til. Det eit kraftfullt eventyr der små heltar overvinn farar ved å vere lure, sterke og modige saman. Eventyret har gjentakande element og vi møter mange omgrep som skaper rom for samtale. «Kvifor heiter alle bukkane Bruse?». «Er bukkane eigentleg geiter?». «Kvar er eigentleg setra?».
Spørsmåla er mange og iveren er stor når elevane på første trinn ved Nidarvoll skule skal ta rolla som ein av bukkane i eventyret for å skrive postkort heim til mammabukken eller pappabukken. I eventyret er det mange ord og uttrykk vi lett kan ta for gitt at elevane er kjende med. I dette eventyret møter elevane ord og omgrep som bukk, sete, feite, bru, foss, troll, tinntallerkenar, riveskaft, fin i målet og bi litt. «Fin i målet» og «bi litt» er gamle uttrykk som er lite bruk i kvardagsspråket til barna. Refleksjonar og samtale rundt tekst er med på å utvide ordtilfanget til elevane og dette arbeidet er avgjerande for forståinga til elevane av teksten det blir jobba med.
Målet med aktiviteten er at elevane skal erfare at skrift kan brukast til å kommunisere med andre, og at ein kan komme i kontakt med andre ved å bruke skrift. Samtidig er det eit mål at elevane skal oppleve at det er ufarleg å skrive. Skulen må leggje til rette for at skriving blir ein meiningsfull og lystprega aktivitet, og for at elevane skal ha noko å skrive om er det viktig at læraren jobbar godt med ulike aktivitetar i fasen før skrivinga tek til. Elevane kan bli kjende med eventyret gjennom munnleg forteljing, høgtlesing, song eller dramatisering.
Skulestartarane er lærevillige. Dei kan formidle uttrykk, dei kan mange omgrep og dei vil gjerne samhandle med andre. Utgangspunktet for rettleidd skriving er dialog og samhandling mellom ei lita gruppe elevar og ein lærar. Læraren støttar aktivt elevane gjennom dialog før, under og etter skrivinga. Og læraren utfordrar elevane og gir dei utfordringar dei kan strekkje seg etter. Sentralt i dette er at det er barnet som lærer seg sjølv. Rettleidd skriving er å rettleie eleven fram til auka skrivekompetanse og skriveglede. Dette undervisningsopplegget er gjennomført med rettleidd skriving som metode der elevgruppa også blir organisert i stasjonsarbeid. Rettleidd skriving skjer på ein av stasjonane med lærar, medan elevane jobbar sjølvstendig med ulike arbeidsoppgåver på dei andre stasjonane.
Økta startar med at elevane får sjå eventyret Bukkane Bruse bli dramatisert av lærarane på trinnet. På førehand har elevane fått høyre eventyret gjennom munnleg forteljing og gjennom song.
Etter skodespelet held dialogen fram mellom lærar og elevane. «Sommaren har vore lang og bukkane byrja å sakne mora og faren sin som er mammabukken og pappabukken».
Elevane får følgjande instruksjon:
«No skal du vere ein av bukkane Bruse (alle får leike bukk der dei lagar lage horn med hendene og bøyer seg fram) som er på setra og du skal skrive eit postkort som du skal sende heim til mammabukken eller pappabukken».
Her må lærar også dreie dialogen mot postkort, postkasse og liknande for å sikre at alle elevane veit kva omgrepa omhandlar. Lærar modellerer korleis vi skriv eit postkort med innspel frå elevane. Vidare er skrivinga organisert etter metoden stasjonsarbeid.
Teiknestasjon
Elevene teiknar på den eine sida på postkortet. Der skal dei teikne frå turen til setra eller noko frå då bukkane Bruse var på setra.
Skrivestasjon
Lærar avklarar kva for ein bukk dei ulike elevane er og sørgjer for at alle kjem i gang med skrivinga. Elevane vil ha behov for ulik støtte i denne fasen.
- Kva vil du starte med å skrive på postkortet ditt?
- Kva vil du fortelje frå turen?
- Studere teikning som støtte.
- Kva vil du skrive heim til mammabukken/pappabukken?
- Kva vil du fortelje?
- Kva gjorde de på setra? Kva skjedde på vegen?
- Møtte de trollet? Korleis så trolla ut?
Teikningane til elevane blir også brukt som støtte for at elevane skal ha noko å skrive om.
Elevane «postar» postkorta sine i ei postkasse som står i klasserommet når dei er ferdige. Presentasjon av skrivearbeid blir gjord felles mot slutten av timen der elevane får vise fram kortet sitt og fortelje om teikninga si. Postkortet blir lese høgt, anten av eleven sjølv eller med støtte/hjelp av lærar. Seinare blir postkorta hengde opp i klasserommet/gangen slik at elevane kan studere og lese tekstane til kvarandre. Skriveprodukta som elevane skapar er både uttrykksfulle og fulle av positiv drift og det er difor viktig at dei opplever å bli anerkjend av andre.
Forslag til vidare arbeid
Tekstskaping der elevane får attfortelje eventyret. Lærar leier dialogen og skriv ned det som elevane seier. Ved å skrive ein tekst saman med elevane kan læraren samtidig gi ei eksplisitt skriveopplæring. Læraren skriv framfor elevane og set samtidig ord på dei ulike fasane i skriveprosessen. Kanskje kan eventyret vidareutviklast? Kva skjer om Bukkane Bruse ikkje går til setra?
Det er også ein ide å la elevane få poste postkortet sitt på postkontoret. Slik vil skrivehandlinga kjennast ekstra meiningsfull og autentisk. Med ekte frimerke og ein reell mottakar, vil elevane oppleve at postkortet snart dukkar opp i postkassa hos mamma eller pappa.
Du kan også dramatisere skodespelet der elevane får ulike roller.