
Å lese gjennom teksten
Her finn du døme på ulike strategiar elevane kan ta i bruk for å lese over teksten sin og oppdage kva dei faktisk har skrive.
Å lese over teksten
Uansett om ein skriv for hand eller på tastatur, dreier det seg først og fremst om å ha strategiar som gjer at ein kan lese over teksten og lese det ein faktisk har skrive. Dette er noko elevane må øve på. Som lærarar må vi vere oppmerksame på at nokre elevar har ei svak utvikla evne til å overvake eigne kodingsferdigheiter, og dei oppdagar ikkje sjølv når dei les feil, når dei hoppar over linjer, sløyfar morfem, blandar bokstavar eller byte ut ord. Derfor er det viktig at læraren òg eksplisitt viser fram prosedyrar og teknikkar som elevane kan ha nytte av i sluttføringsfasen.
Å lese bakfrå
Ein effektiv strategi for å lese over teksten sin er det å lese teksten sin bakfrå. Dette er ei god hjelp til å lese det som faktisk står skrive, og ikkje berre det ein trur står skrive. Mange elevar opplever denne strategien som svært nyttig når dei skal ferdigstille teksten sin.

Å be nokon andre lese teksten høgt
Ved å få teksten sin lese opp av andre, oppdagar ein gjerne nye sider ved han, der både innhaldselement og formelement kan verke i eit nytt lys. Det er fint å legge til rette for denne aktiviteten i skriveopplæringa. Her kan elevane hjelpe kvarandre!