Å førebu barn på overgangen frå barnehage til skule
I denne ressursen synleggjer Planetringen barnehage i Malvik og Hagaløkka skule i Asker to ulike innfallsvinklar til å skape ein god overgang frå barnehage til skule.
I Kunnskapsdepartementets høyringsnotat om lovendring (KD, 22. juni 2017) blir det foreslått ei gjensidig plikt for barnehage- og skuleeigarar om å samarbeide for å skape kontinuitet for barna i overgangen frå barnehage til skule. Denne overgangen kan opplevast som ei stor omvelting for barn. Når barnehagen førebur barna og skulen byggjer på kjende arbeidsmåtar og barna sine eigne erfaringar og kunnskapar om språk, lesing og skriving, vil dette vere med på å skape tryggleik og oversikt for dei. For å kunne skape kontinuitet for barna er det viktig at både barnehage og skule gjer seg kjend med kvar barnet kjem frå og kvar det skal.
På barnehagesida finst det mange gode måtar å organisere arbeidet med å førebu femåringane på overgangen det siste året i barnehagen. På Planetringen barnehage i Malvik kommune har dei valt å samle alle femåringane i ei eiga avdeling - Ugletårnet. Her har erfaringane, opplevingane og initiativa til barna stor innverknad på det pedagogiske innhaldet. I tillegg er det fysiske miljøet tilrettelagt med eit variert utval av materiale som gir støtte i arbeidet med språk, lesing og skriving for alle barna.
Også på skulesida finst det fleire gode måtar å arbeide med overgangen og skulestartarane. På Hagaløkka skule i Asker kommune har dei ein eigen skuleklubb der barna som skal starte på skulen, får høve til å besøkje skulen og SFO fleire gonger saman med foreldra. Her får dei møte både lærarar og SFO-tilsette som skal ta imot dei første skuledag. I skuleklubben får barna også prøve seg på aktivitetar, oppgåver, leikar og songar som skulen bruker i undervisninga.
Tips
Desse filmane er henta frå kompetanseutviklingspakken Overgang frå barnehage til skule i Språkløyper.
Filmane finn de her: