På Porsgrunn VGS har elevar og lærarar sitt eige skrivesenter
I denne filmen fortel elevar, lærarar og skuleleiing om arbeid og læring på skrivesenteret.
Målet med å opprette eit skrivesenter på skulen er å gjere elevane meir studieførebudde og å bygge ein skulekultur der elevane lærer av kvarandre. I denne filmen fortel elevar, lærarar og skuleleiing om arbeid og læring på skrivesenteret.
Kva er skrivesenteret ved Porsgrunn vgs?
- Eit senter der tre lærarar og tolv elevar er skriverettleiarar for andre elevar.
- Dei tilbyr rettleiing med enkeltelevar om arbeid med tekstar i alle fag.
- Dei tilbyr skrivekurs for heile klassar eller trinn.
- Dei utviklar ressursar som skriverammer og modelltekstar for fleire fag.
- Skrivesenteret er eit rom på skulen som er bemanna heile skuledagen, fire dagar i veka.
Organisering og bemanning
- Tre lærarar med ulik fagbakgrunn har cirka 30 prosent ressurs kvar som skrivelærarar.
- 12 elever frå VG2 og VG3 er skriverettleiarar
- Elevrettleiarane har fått opplæring og kurs, mellom anna i samarbeid med UiO.
- Elevrettleiarane bruker ein av fritimane sine i veka på å jobbe på skrivesenteret.
- Elevane tingar sjølv rettleiing i eit digitalt system, ein rettleiingstime er på 15 minutt.
Vart du inspirert?
Ta gjerne kontakt med skrivelærarane på Porsgrunn VGS for å lære meir:
- Tale Birkeland Engebretsen (skrivelærar og leiar)
- Tina Gausnes (skrivelærar)
- Tonje Tvegård (skrivelærar)
Her kan du lese meir om skrivesenteret på Porsgrunn VGS i forskingsmagasinet Apollon.