Kan langtidsoppgåver vere eit godt alternativ til eksamen?

I 2024 skal over 100 vidaregåande skular prøve ut langtidsoppgåve som ein del av undervisninga. Ei forskingsgruppe frå Institutt for lærarutdanning ved NTNU skal følgje tett med på utprøvinga for å vurdere om langtidsoppgåver kan vere eit godt alternativ eller supplement til eksamen.

Eksamen i gymsal på vgs

Utprøving av langtidsoppgåver er ein del av eit større arbeid Udir skal gjennomføre på vurderingsfeltet. Les meir hos Udir. Eit viktig spørsmål i utprøvinga er om langtidsoppgåvene kan gi elevane større høve til å vise kompetansen sin i tråd med LK 20 enn i ein tradisjonell eksamen.

Langtidsoppgåver blir i første omgang prøvd ut i tre fag: Biologi 2, Politikk og menneskerettar og Matematikk 1PY. Dersom erfaringane er positive, kan det bli aktuelt for skular å søkje om å nytte langtidsoppgåve i staden for tradisjonell eksamen våren 2025.

Evaluering av langtidsoppgåva blir leia og koordinert av Skrivesenteret. Tilsette på senteret har også bidrege i den faglege dialogen mellom NTNU og faggruppene som har utvikla langtidsoppgåvene. Vårsemesteret 2024 vil Skrivesenteret samle inn og analysere data om korleis langtidsoppgåva blir gjennomført i dei tre faga.

Forskerteam

Forskarteamet frå Institutt for lærarutdanning ved NTNU er:

  • Gustaf Skar, professor, prosjektleiar (Skrivesenteret/ILU)
  • Lise Vikan Sandvik, professor (FYSU/lLU)
  • Henning Fjørtoft, professor (norskseksjonen/ILU)
  • Anne Holten Kvistad, førstelektor (Skrivesenteret/ILU)
  • Trygve Kvithyld, førstelektor (norskseksjonen, ILU)
  • Runa Eugenie Røttereng Greiner, universitetslektor (Skrivesenteret/ILU)
  • Anne Grete Heimsjø, universitetslektor (naturfag/ILU)
  • Marita Byberg Johansen, universitetslektor (Skrivesenteret/ILU)
  • Olav Dalsegg Tokle, universitetslektor (Matematikksenteret/ILU).

Det er Utdanningsdirektoratet som finansierer prosjektet, som strekkjer seg over inntil tre år.